RSS

Ein kan seia så mangt.

31 Mai

Tenkte eg skulle blogge litt sånne viktige ting som de bryr dykk om. Sånn som at eg har nettopp kome heim frå Oslo og sit i sofaen for augonblikket. For om eit par straksar kjem Kaizers Orchestra på radioen for å sleppe den nye singelen sin. Det blir episk, vil eg tru. Eg er redd for at eg ikkje kjem til å like den. Men ein veit aldri. Kom heim frå Oslo for eit par timar sidan eg. Eg er så trøytt at eg kunne ha sovna akkurat her. Men tenkje seg til at eg ikkje har kropp til å sove på ein forbanna sofa. Så blir deilig å leggje seg i den jævla halvfulle senga og sovne stille. Eg har hatt ei fin helg i Oslo, såg Morten Ramm, møtte søte romkamerat-Martine som eg saknar så masse. Men heldigvis skal eg og ho på tur til Trondheim 15.juni! Det blir fantastisk. Då skal me på besøk til flotte trøndarar. Me såg forresten Hangover Part 2 i går. Eg lo som faen, filmen var fantastisk med andre od.

Eg har då fått meg ein jobb. På SFO. Skulefritidsordninga. Eg må vera den snillaste og søtaste vikaren nokon gong. Skal bli godt med litt småpeng til ei forandring. Har jo brukt alle pengane mine på Bygdalarm-billett, togbillettar og flybillettar. Må forresten kome på http://bygdalarm.no/2011/ 30.juni – 2.juli! Det blir så episk! På torsdag så skal Øystese spele mot Brann 2. Og me vonar sjølvsagt at det vert siger, og det blir det mest sannsynleg. Og på laurdag ventar endå ein ny kamp! Det blir vekas tredje kamp. Øystese spelte mot Haugesund 2 i går, og vann 4-0! Men med tanke på kor bra form laget er i, så vert dette kanskje meir ein kamp mellom supportarane. SSK kjem til å sikre den sigeren uansett! Og her får de eit par random bilete.

- meg og verdas beste Hanne på avslutningsdagen på skulen.

- de to kjekkaste på skulen. kødda, det er berre han til høgre som e hunk <3

- fått meg skjorta då

- hehehe, to søtaste jentene ever.

- alkohol i finavêret

pakkelasset mitt heim frå fhs

 
2 Comments

Posta av den mai 31, 2011 in Dagen min.

 

2 svar til Ein kan seia så mangt.

  1. fredrikke

    juni 10, 2011 at 19.44

    oi. for eit pakkelass.
    da sjåast mi nok i sumar, sidan vi skal ein del av det samme, heh ;)

    og hurra for SFO!!!

    /fredrikke

     
  2. AndaKarro

    juni 1, 2011 at 19.44

    niice bilder :D hadde ikkje så masse med deg heim neei:P

     

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.