Dette innlegget skreiv eg på mandag 25.juli 2011. Tre dagar etter terrorhandlingane.
Alle veit kva som skjedde på fredag, så eg vil ikkje skrive det. Alle veit kven det var, eg vil ikkje sei namnet hans og gje han meir tid i rampelyset. Men eg må framleis skrive mine tankar rundt det heile. For eg er ei av dei heldige, som ikkje er berørt. Direkte berørt. Alle som ikkje har latt/lar dette gå inn på seg, har (i fylgje mi meining) eit feil forhold til landet sitt. Eg kan fortelje min “del” av hendinga, korleis eg opplevde alt.
Eg stod opp klokka ti den fredags morgonen. Far min vekte meg, sa at me skulle på IKEA. Eg stelte meg, åt og sat meg i bilen. Me turan til Biltema fyrst, så IKEA. Åt middag før heimreisen starta. Eg sov i bilen på veg heim, og far min slukka motoren halv fem. Han vekte meg og sa: det har vore utløyst ei bomba i Oslo. Så gjekk han inn. Eg sat att i bilen og rista på hovudet og tenkte at no har far min kome med ein særs dårleg spøk. Eg gjekk inn, opp på rommet og slo på tven. Det var overalt. Det har vore utløyst ei bomba i Regjeringskvartalet i Oslo halv fire. Eg blei berre sitjande og stirre. Eg fylgte stort sett med på alt som skjedde på Twitter. Nettaviser vart for ustabilt, og alt gjekk altfor treigt på tv. På Twitter skjedde alt tre hovud før. Me var dei fyrste som fekk veta om skytinga. Ein av AUF-medlemane, Kjetil Vevle, hadde skrevet før på dagen: