Egotime.


Eg tenkte eg sko fortella litt om meg sjølv, kan jo alltids vera at da e nokon som bryr seg.

Eg heite då altso Ingrid, går sista året på ungdomsskulen på den vakre skulen i Øystese. Eg har store planar om å bli journalist, og håpar at eg greiar å få det til. Etter ungdomsskulen so blir da gymnas og etter det blir det høgskule.

Somaren 08´ fekk eg hjartestans grunna myokarditt og blei liggjande på sjukehus 2,5 mnd. Da øydela starten på 10ende for mi skuld. Men eg prøvde så godt eg kunne å henga med. På nyttårsaftamorgon, etter ein alkoholholdig kveld, fekk eg igjen brystsmerter og blei flydd til sjukehus igjen, då hadde betennelsen kome tilbake og legane beslutta etter mykje om og men at eg skulle få operert inn ein ICD, hjertestartar. Eg var lukkeleg og glad for at eg slapp å liggje på sjukehus.

No lever eg livet og er svært takknemleg for at eg får leva, i forhold til dei som ikkje har vore døde. Nei, det blir feil, eg har jo ikkje følt noko liksom. Hard to explain. Dagane mine brukar eg på skule, holmatuns ungdomsklubb, vener, familie og berre rein avslapping.

Eg er ei 1,70 høg og svært irriterande og har eit utruleg temprament. Eg skiftar humør lika ofta so Ari Behn lyge. Eg er eigentleg skuleflink men eg har litt konsentrasjonsvanskar og er veldig pratsom. Eg følar sjølv at eg går godt ilag med dei fleste, men da e nok ein heil del som ikkje kan fordra meg. Eg baksnakkar mykje sjølv om eg hatar dei som baksnakkar. Eg er veldig glad i mat, og det viser. Eg har og ein utruleg forkjærleik for sjokolade men eg skal slutte å ete det, dersom mi syster og mi mor sluttar å røyke. Blir vanskelig, veit ikkje kven det vert verst for, men eg vonar det blir for dei.

Eg innbillar meg sjølv at eg hatar kroppen min og personlegheiten min. Eg har kronisk hodepine, eller stresshodepine. Den har plaga meg i vel eit år. Eller to, eg hugsar ikkje. Men det er ivertfall utruleg plagsomt, og eg dopar meg lett ned på smertestillande. Noko som vistnok ikkje fungerar på meg lengre, immune faen.

Som sagt, eg har eit utruleg temperament og hissar meg altfor lett om eg har ein dårleg dag. Eg skadar folk svært lett. Eg bannar mykje, og i fylgje ho mor, altfor mykje. Eg bør vel eigentleg slutta, det høyrest jo ikkje noko bra ut.

Eg har ei mor, ein far, ein storebror, ei storesyster og ein vetlebror. Ein heil haug av tanter og onklar og endå større haug av syskjenbarn. Verdens flottaste besteforeldre har eg óg. Min far bur oppå eit fjell og mi mor bur ganske sentralt i bygde kan eg vel sei. Og eg gidda ikkje sei ka mine syskjen og foreldre driv med.

Eg ser sjeldent film, men viss eg gjer det, blir det anten skrekkfilmar eller komediar. Når det gjeld musikk har eg ein ganske variert musikksmak og kva eg høyrer på står mest på humøret. Men eg kan jo alltids nevne nokon av dei bandene og artistane eg høyre på. Eg kan jo alltids startar med kva spelelister eg har på mp3´n min. Foo Fighters, Guns and Roses, Kaizers Orchestra, koRn, My Chemical Romance, Paramore og The Ark er då spelelistene mine, eg har ikkje gidda å laga fleire. Men Bruce Springsteen, The Cramps, Grinderman, HIM, Iron Maiden, Johnny Cash, Nick Cave, Kiss, Nirvana, The Calling og The Kills blir ofta spelt.

Og for å få det klart, eg kunne drept eldre mannfolk med hår på brystet og ølmage som overfalle seg på yngre og mindreårige jenter.

Om ynskje etter meir uinteressante ting om meg dukkar opp, er det berre å leggje att ein liten kommentar i kommentarfeltet eller kontakta meg.

Advertisements

2 thoughts on “Egotime.

  1. andreakgb seier:

    the calling og paramore !=)

    du e ei sterk jenta ingrid du har vert gjennom meir enn dei fleste og fortsatt e du blid 🙂

    eit ordtak;

    you have been through at few years what most people has a lifetime to go through. and this makes you only more stronger and more ready then other people, for what life has to offer you in the future».

    nåke i den dur –:P hehe

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s