Det er helt sant, totally liksom


Eg og vil skriva lange innlegg om interessante ting, ikkje berre ting som eg syntes er interessante, men som andre og finne interessante. Eg og vil leggja ut outfit bilde, nei, da vil eg eigentleg ikkje. Eg og vil ta bileter av naturen og vener, men eg har diverre ikkje kamera. Eg og vil skriva om at eg har vore på treningssenteret elle på joggetur, men eg drive ikkje med sånt. Eg og vil fortella om den feitaste festen eg var på i helga, men eg får ikkje lov å drikka av legen. Og edru på ein fest e litt kjipt. Eg og vil skriva om politiske saker og nyheitsaker som folk interesserar seg om, men eg har på følelsen at eg får mindre kommentarar iogmed at det er mest den yngre generasjon som les detta. Men da versta av alt e at eg har lyst å dela dei aller innerste tankane mine, men da blir for personleg.

Eg har fått høyra at eg klage altfor masse, men da e berre pga at eg ikkje vil virka lukkeleg. Eg e lukkeleg. Da e jo nesten blitt vår. Endå nærare sumar. Eg har jo tatt fram sumarskodna, sumarskjolane er dratt fram for lengst. Shortsane har eg aldri slutta og bruka. Og eg e klar for ny jakt på solbriller! Eg sitte på da varma rommet mitt ein laurdagsmorgon, nett ete eit par skjeve med fårepølsa etterfylgt av is og sjokoladekjeks. Klar for film i kveld med supre jente! Eg har ingenting å klaga over idag eg egentlig. Bortsett frå at eg atm må på do. Men da kan eg gjera noko med. Men ikkje no, ikkje endå.

Når eg lese på bloggen til Drea, so e eg mektig imponert.

Jeg er Drea, er 19 år og bor på ei øy ved navn Frøya. Her bor jeg med den fantastiske familien min som består av kjæresten min Kaj, datteren vår Vilja, hunden Sala og katten Rufus. Jeg interesserer meg stort for både klær og sko, fotografering og trening, så dette er vel kanskje gode stikkord på hva du kan finne i bloggen min. Og selvfølgelig masse unødvendig dilldall om meg selv. What can I say? Det hører med. Enjoy!

Detta har ho skrevet om seg sjølv som introduksjon på bloggen sin. Her inne e da eit fåtall av ungdomar som har stifta familie som 19åring, med mann, barn, hus og dyr. Ho studerar heime, eller ho gjorde da før vertfall. Eg og vil vera sånn. Bestemt på ka eg vil, vaksen nok til å få unge, vaksen nok til å flytta ut frå mor mi før eg e 25 og vaksen nok til å faktisk ha BÅDE katt og hund i same hus.

Desse tre herlege jentene ska eg mest sannsynleg sjå film med i kveld. Og då e uheldigvis ikkje Olve inkludert..

frida22marisolveig-og-olve

Advertisements

2 thoughts on “Det er helt sant, totally liksom

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s