For ein banebrytande utsikt dei der fuglane har ifrå lufta skal eg sei deg

You know, I was just about to tell you about my day. But I fucking gave it up.img_4470bff0a90cd1

God ettermiddag folkens. Her i heimen er det endeleg blitt helg, men ikkje fader om da blir ei roleg helg. Konfirmasjon skal me ha her på laurdag, og gud som eg gler meg. Mange som eg ikkje har sett på åravis! Uansett, i går hadde eg prøveeksamen, 5ar på den. Idag hadde eg noko dagsoppdrag greier, kjedeleg men, tidleg heima. Kjøpte meg ein is med Elisabeth og Elise, før eg og Beth gjekk opp til meg og gjorde ingenting. Ho stakk for litt sidan. Idag har eg store planar om å ikkje gjera ein dritt, lånte meg nokon dvd´ar på biblioteket som eg har tenkt eg skal sjå dei iløpet av helga. Noko må ein jo ta seg til, ikkje sant?

everybody-is-kung-fu-fighting

Eg veit du er einig

God ettermiddag. Dei siste dagane har gått til eksamensførebuing i engelsk saman med Hannah, både måndag og tysdag sat me å øvde på ein presentasjon om reklame. Og idag hadde me framføring, foran eksaminator, sensor og ein engelsk dude ved navn Chris. Eg har ikkje ord for kor nervøs eg var i minuttane før me skulle gå inn. Eg var redd for at eg skulle drita meg skikkelig ut og rota med ord og alt som var. Framføringe gjekk forsåvidt veldig bra, skodespelet og alt funka som det skulle, om ein ser bort ifrå at musikken på eine videoen forsvant (og då var poenget vekke, meen..) Men etterpå skulle dei tre spørja oss spørsmål får framføringe, og nokon tekstar i læreboka. Eg visste ikkje kva eg skulle svara, så då overlot eg, diverre, det meste til Hannah. Men me greide oss relativt bra og eg er utruleg stolt over Hannah! Ho er veldig smart og den beste eg nokon gong kunne ha kome på gruppa med! 🙂 Me fekk begge ein 5´ar 😀 Neste veka e da skikkeleg eksamen, og eg gruar meg! Og i morgon skal eg har noko slags dagsoppdrag før eg ska ta ei veldig velfortjent helg!

god-helg

Nok om skryting og skulemas for idag. I går var siste kveld for klubben før me alle tek sommarferie! Meget interessant kveld om eg skal sei da sånn. Me sat igrunn å snakka og kosa oss før me fekk ein is kvar, og godteriet blei delt ut. Så blei det laga ein dåpsattest til Vivian, einaste russ i klubben. Etter attesten var underteikna og gode ord frå den eine til den andre var nedskrivne, fann me ei bøtta med vakkert vatn i, og den blei tømt over hovudet til Vivian. Var faktisk meget morosamt. Me hadde i tillegg ein spanande sugerøyr leik, stolleiken og endå ei god stund med sugerøyr frå munn til munn. Kan sei da sånn at me blei meir kjent med kvarandre i klubben. Ingen ville gje seg i den leiken, så me blei sitjande å forveksla spytt før tante Åsne kom å slo på lyset, og me måtte vaska og forlata krypinnet vårt for sesongen.

No for augonblinket set eg i senga og ser på 3rd Rock From The Sun. Heilt utenomjordisk morosamt program, ironisk nok. Eg blir vel sitjande i senge å sjå på tv i ein time til, før kjøttkakene skrik og eg ska nyta maten. Men når maten er i magen, legg eg meg sikkert ned i senga igjen. I verstefall sovnar eg og. Men det blir nok berre deilig vil eg tru. Litt søvn før eg kanskje tuslar nedover for å sjå på nokon som driv å sparkar ein ball mellom kvarandre.

Forresten, er du ein av dei som får frysningar av ordet homofili eller når du ser to av same kjønn kyssa?

Og, er du ein av dei som har store planar om å få midtskilla inn i motebilete igjen?

Svineinfluensa, redd eller lar du vera å bry deg?

firkløver, for the world

n810700413_6029304_3351

n592835775_1516382_4712annepusn869045455_4751343_7941

Detta e vel den herligaste firkløveren du finne. Sjelden. Elisabeth, Elise, Anne-Cecilie og Ingrid. Me e jævla råe ilag, steike god humor har me alle ihopa. Nei, me går so godt ilag at dei fleste blir ganske misunnelege. Maha! Eg fnisar mykje ilag med desse 3 jentene. Dei sit igrunn mest og fis og lagar rare lyder om einannan. Eg får iallefall trimma magemusklane med desse. ❤

Nåmmen nåmmen, puuus

Denna helge hadde vore perfekt om eg ikkje hadde hatt pollenallergi. Dei tre siste dagane har eg gått å snufsa, klødd meg i augo og hatt eit hovud som dunka. Eg skal lova deg at detta blir ein jævlig sleten av, so idag trur eg faktisk at eg skal helda meg inne. Eg er trøytt nok som det er..

I går stod eg opp i halv elleve tide og sat meg ut i sole og hadde da ganske so fint. Men da blei kjedeleg etter ei stund, so eg hjalp pappen med å slenga oppi ting so sko opp på bostippen i ein hengar. Etter siste lasset køyrde han meg inn til besto. Der skulle eg få hjelp til å sy ein shorts og ein tunikalignandegreier. I tillegg til hjelp, fekk eg middag og eg fekk sjå marihøno til Amalie som ho hadde kalt for besten/besto. Etter eg hadde vore der så var eg med Elise og Elisabeth etter gammalt. Dei e no kule dei, skakje sei noko på da.

Idag slang eg på meg ein kjole eg faktisk, men da var mindre sol ute enn eg hadde trudd. So no liggje eg breidd over heile senga og frys på føtna. Idag serverte eg taco til frukost, og da var godt, håpe ikkje de trudde noko anna, jackass/dumbass. Uansett. Kle. Check. Tv. Check. Data. Check. Vatn, bok, humor. Check, check, check. Med andre ord, eg trur eg har lagt fine planar for dagen. Liggja i senge å sjå på tv slash lesa kaizers boke mi ferdig.

Vi snakkes sexy. 14547

Blir du inspirert?

God kveld. Helg, helg, helg og helg. Detta ska bli deilig. Eg er, som alle andre fredagar, veldig trøytt, sleten og veldig klar for eit par fridagar. Eg har vore på skulen onsdag, torsdag og fredag, og eg har faktisk hatt da jekla moro. Og da e, om eg må verkeleg inrømma da, på grunn av mine herlege venna. Og no e da faktisk varmt og deilig ute, bortsett frå når da e vind då, men da seie seg vel sjølv. Eg og Elisabeth hadde store planar om å koma oss på kamp i morgon, men so har me ikkje skaffa oss skyss, so eg droppar da. Norske Talenter, Nytt på Nytt og Senkveld. njudeleg fredag! .Stilen skrevet og levert Check. Berre for at deko ska ha noke å lesa på og eg noko å gjera på, versågod;


PERSONLIG
1. Navn: Ingrid Tjosaas
2. Årsmodell: 1993
3. Født: 7.april
4. Bosted: Kvam
5. Stjernetegn: Væren


UTSEENDE

6. Hårfarge: Mørk
7. Langt eller kort: Mellomlangt
8. Øynefarge: Grøn
9. Høy eller lav: Høy, rundt 1.70
10. Sminke: Maskara, eyeliner, augonskygge.
11. Briller/linser: Nei


HVA/HVEM

12. Spiste/drakk du sist: Skjeve med nugatti og eit glas med mjølk.
13. Har du på deg nå: Nattbuksa og ein rosa singlett
14. Hører du på nå: Thomas og Harald.
15. Tenker du på nå: Eg konsentrere meg om å svara på desse spørsmålene..
16. Slags humør er du i nå: Eg e forsåvidt i eit ganske godt humør, men eg e jekla trøytt..
17. Er klokken nå: 22.44
18. Var den siste du ga en klem: Anne-Cecilie
19. Var det siste du så på tv: Ser på Senkveld atm.
20. Var den siste du så/snakket til: Victor elle noke..


HAR DU NOEN GANG

21. Baket en hel kake selv: Ja.
22. Sagt hva du følte for en person: Hva jeg følte for noen? Har no heilt sikkert da.
23. Spist noe du ikke kommer til å spise igjen: Ja.
24. Spist stueplanten til din mor: Nei?
25. Vært innlagt på sykehus: Ja.
26. Grått på bussen: Trur da.
27. Brukket noe: Nei.
28. Blitt slått: Nehei, eg slår.


HVA FORETREKKER DU

29. Lettet eller fornøyd: Lettet
30. Sølv eller gull: Sølv
31. Gi noe eller få noe: Begge deler.
32. Glad eller lykkelig:Lukkeleg.
33. Forundret eller forbauset: Forundret.
34. Sint eller sur: Sur.
35. Trist eller bitter: Trist.
36. Sannhet eller løgn: Begge.


FOR ELLER IMOT

37. Raketter: Imot
38. Dødsstraff: Imot
39. Selvskading: Imot eller for selvskading? Idiotisk spm.
40. Kosmetiske inngrep: Imot
41. Vegetarianere: For?
42. Abort: For
43. Tynne modeller: Imot
44. Røykeloven: For
45. Narkotiske stoffer: Imot
46. Dyreplageri: Imot.


VILLE DU NOEN GANG

47. Hoppet i fallskjerm fra et fly: Skeptisk, men kanskje.
48. Spist en hel banan med skall: Æsj.. nei
49. Hoppet i strikk utenfor et stup: Trur ikkje eg hadde turt.
50. Tisset på noen om de ba om det: Lett
51. Spist dritt for en million: Tja
52. Gått truseløs i byen: Neitakk
53. Sultet deg for å se hvor lenge du hadde klart det: Depends..
54. Sunget karaoke offentlig: Offentlig og offentlig
55. Dolket enn venn i ryggen om du hadde fått noe godt utav det selv: Spørst veldig..

hpim7048hpim7049Eit par bileter frå Kaizers Orchestra konsert. Memories. (meget dårleg kvalitet, beklagar)

proud to be me

No ska eg vera heilt ærleg. Eg kan sei da 37 gongar, at eg ikkje skal blogga meir, men eg endar alltid opp med utruleg mange tankar i hovudet mitt som eg vrir og vendar på til det tyt ut øyra på meg eller endar opp som jævlig kjefting på syskjen eller foreldre. Eg føretrekk å skriva da ned eg. Sidan da har gått lang tid sidan eg har blogga, so har eg igrunn mykje på hjarta, men som eg har sagt fleire gongar, so får eg det ikkje ut på rett måte.

Men klaging ahead. Eg greie ikkje meir, eg vil ikkje gå på meir skule, eg vil ha eit friår, eg vil sova, eg vil ikkje ha eksamnar kvar dag, eg vil ikkje sitja inne i fint vér å gjera matte og eg vil ihvertfall ikkje stå opp 07.30 kvar forbanna morgon for å dra meg på skulen der eg sit inne i finavéret og klagar over hovudverket.

hadde du møtt nåken av desse folkene so hadde du kanskje ikkje stolt 100% på dei heila tide.. på rommet mitt har eg ein kul emo-bergensar, ein veldig kåt trønder, ein distrè sogning, ein lubben østlending å ein hyggelig men merkelig å folkesky østfold kar

Min kjekke kjære ven som er i militæret for tida, fortel meg om dei han delar rom med. Dei på rommet hans var einige med meg om at Sigbjørn burde stjela gassmasko han har med seg heim til meg! Tenk for ein fantastisk idé. Ei gassmaska, frå militæret, heim til meg. Ein dag Ingrid, ein dag. Eg gler meg allereie. SIGBJØRN <3<3 =D

I should, I should, I should, I should. Hell no.

  • Hypersensitiv mot sol?
  • Eksamnar. Idioti x 10
  • Skuledagar som startar før 09.30
  • Program utan humor eller meining.
  • Folk som tek seg sjølv så forbanna høgtideleg at det gjer vondt i augo.
  • Ballerinasko som ikkje taklar vinteren så godt som eg skulle ynskja.
  • Frisyrar som vel å ta kvelden når det minst passar

Ei forbanna overmadrass som ikkje ligg i ro, er ikkje verdt å bli kalla ei overmadrass.

Eg veit ikkje kva som fell meg inn, men noko er det.

16291Omen at a concert. Eg ynskjer meg ei sånn gassmaska. So no kryssar eg fingrane for at Sigbjørn stel med seg ei frå militæret 😉 Men eg tek kvelden. God natt!

me tar da litt me ro me..

God ettermiddag godtfolk. Sole har faen meg vore her idag og. Og eg e trøytt.. Men grunnen til at eg skulle blogga idag var å sei at eg trur faktisk ikkje at eg gidda å blogga meir. Eg får ingen kommentarar eller tilbakemeldingar, og sjølv om eg har sagt at eg kun bloggar for meg sjølv, så er det faktisk kjekt med litt skryt avogtil. Så, bloggen kjem fortsatt til å vera tilgjengeleg for dykk, men nye innlegg kjem sjeldent. De får berre stikka hovudet innom, men ikkje håp for mykje :p

Sees folkens 🙂