Kjemme kammen gjennom speilblankt hår..


Da e ferie, eg har bursdag i morgonog eg nyt Kaizers. Allikavel er eg pudden, sur og hissig. Eg har lyst å leggja meg, og sova lenge. Eg ser faktisk ingen høgdepunkt i denna dagen. Eg har lyst å sjå film med gode venar, men me endar alltid opp med å krangla om kor me skal vera, og til slutt så blir det til at me ikkje ser film. Men eg har lyst å ve blid. Men noko som aldeles ikkje hjalp på humøret, var at me reiste ut på Europris idag, pappen og Solveig skulle kjøpa noko, og eg tenkte at eg for ein gong skuld skulle kjøpa noko smågodt der. Eg såg no sjokolade og kjøpte litt.. Men helvete so ekkelt da smakte, eg blir so sur, eg blir sint på meg sjølv pga at sjokoladen var ekkel. Eg trenge verkeleg noko skikkeleg mat. Men da e faen meg ikkje ein drit som frista. Eg åt yoghurt i går. So fekk eg pappen til å kjøpa yoghurt, men han kjøpte godmorgen yoghurt drit, eg vil ha sånn stor med berre jordbæryoghurt, som faktisk smaka godt. Om ikkje pappen laga noko godt til middag i dag då trur eg at eg held meg vekke frå kjøkenet, bortsett får når eg må gå gjennom kjøkenet for å koma inn på badet. Treng ikkje noko meir eg. Å så blide vi er i dag. Sko faktisk ønskt, og no ve eg ikkje høyra noken idiotiske kommentara, at eg var sjuk. Fordi då hadde eg hatt ein god grunn til å liggja i senge heile forbanna dagen. Eg kjem nok til å gjera da uansett.

Da e merkeleg kor masse eg kan skriva når eg e pudden.

Eg sovna no i ti tide i går kveld eg. Men so vakna eg i eitt tide? Fø då sko Solveig leggja seg. Uansett..

Eg like ikkje kaviar. Ikkje gelé heller. Ihvertfall ikkje cola. Men eg elska wienerpølser med ketchup og sprøstekt løk. Eg lika komle óg eg. Eg e lukkeleg forelska i Geir. Me har eit veldig seriøst forhold. Eg likar aldeles ikkje god morgen yoghurt. Eg syntes pizza med paprika e godt eg, fortenk. Eg takla faen meg ikkje vatn MED smak. Vatn e best, naturleg. Eg skjøna ikkje koffø folk skal ha vatn med smak når dei kan få vatn uten smak. Eg forstår ikkje korleis kan spørra foreldra sine om pengar eller kle konstant, utan å få dårleg samvit. Eg er ofta sint på meg sjølv, utan noko særleg grunn. Eg har mange forferdelege stygge klér, men går med dei uansett. Eg likar arme riddarar/french toast veldig godt. Eg likar ikkje ribba, berre stress å eta. Pinnakjøt e og stress, men da e jo faktisk godt. Eg ete ikkje kålrabistappa. Kokte gulrøtter smaka svidd ræv. Eg hate grønsaker, bortsett frå dei som har vore i wokpanna. Eg er avhengig av paracet/ibux. Og det er faktisk ikkje så kjekt så det høyrest ut som. Eg har så absolutt ikkje tolmod til å sitja/liggja i ro å sola meg. Ein blir faktisk brun av å byggja sandslott eller bada óg altso. Einaste faget på skulen er taklar/meistrar/får til er eigentleg engelsk, eller, eg har ihvertfall innbilt meg sjølv det. Spansk er rævva, men eg kunne tenkt meg å kunna det. Eg misunnar dei som har budd eit år i utlandet. Eg misunnar dei som er flinke i volleyball. Eg elskar veltrente mannekroppar. Eg elskar å bli brunare enn dei fleste om sumaren. Eg syntes det er kult, og eg seiar det ofte, at eg har hjartestartar. Det får meg til å føla meg spesiell. Eg veit at eg kunne ha drept eit menneske. Ikkje bli altfor skrøymd, men om du veit at du har gjort noko utruleg gale, så bør du vera redd. Som oftast har eg stygge sokkar på meg. Eg gruar meg altfor mykje til å byrja på gymnaset, uansett om eg veit at det heilt sikkert blir moro etter eit par månadar. Eg er hemmeleg forelska i ein annan enn Geir. Men eg elskar Geir og altso. Eg likar bruktbutikkar, for der er det mykje stygt, men ein gong skal eg læra meg å sy, og då skal noko stygt bli veldig fint. Eg lar meg påvirke av det andre folk gjer og seiar. Eg hatar altfor, altfor mange folk. Mange av dei utan grunn. Når eg ber er det oftar bønar frå helvete.

Eg håpar verkeleg ikkje at nokon har gidda å lest detta. Då har du lite å gjera på i påskeferien..

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s