eg tok ein svensk eg


Konfirmasjonen i seg sjølv er ferdig. Men festen er ikkje over før da er tomt for mat. No er det kome nokon so er klare for å robbe oss for mat, herleg.

Eg følte eg måtte blogga idag, før eg gløymde det faktum at eg, Solveig, Sigrid, André og Kjelli reiste på Øystese-Frøya i bunad og dress. Eg hadde sjølvsagt Petterson over bunaden med eit vakkert blått skjerf som tilbehør. Når me reiste ned så regna det litt, etter ei stund så pøste det ned. Det var nokre paraplyar til stedes, men når ein har bunad på seg, så er det litt betre å stå enn sitje.

Dagen i går var fantastisk! Om ein skal ta eit grovt overslag. Simon spydde, og han og Tante Nina reiste, noko som var keisamt, fordi eg hadde gleda meg til å snakka med dei. Eg var utruleg stolt då Victor holdt tale i Kabuso, på vegne av konfirmantane. Eg trur han sleit litt med å halda seg seriøs. Spesielt når han sat å såg opp på oss. Ikkje at me kødda oss eller noko. Uansett, vetleguten på kleive begynte no å le, han låg på golvet og rulla og lo. Da var løye da.

Pappen hadde tannverk igår, eg skal ikkje sei at da var løye. Men da var da. Han blei råda til å ta seg eit glas whiskey, eg trur han tok eit.

No er eg tilbake frå endå eit konfirmasjonsbesøk. Hjå Sigri var me idag, og då fekk eg snakka med dei eg gløymde i går, neidå, fekk snakka meir med dei. Nina og Simon fekk eg ikkje snakka med igår, iogmed at han vart dårleg. Sigri var nydeleg i bunad 🙂 Og eg må få presisera at eg tykkjer at familien min er herleg. Familien er faktisk så stor at eg greier ikkje å ramsa opp alle tantene og onklane mine på pappen si sida, ikkje med Victor si hjelp heller. På pappen si sida har eg altså 9 tanter og onklar til saman. På pappen si er det mange som har flytta vekk, til nordnorge og østlandet. Hjå mammo er det berre fire. Og alle bur her inne. Avogtil så følar eg at det er for masse folk. Men eg skal sei dykk at det er akkurat nok. Eg hadde jo ikkje vore meg sjølv om eg ikkje hadde hatt denna familien, og eg må seia at styggsnakken min kjem naturleg nok frå nordnorge. Onkel Even bannar verre enn meg. Eg har igrunn meir på hjarta, det yr i fingrane mine, men eg får det farsken meg ikkje fram. Satsar på det ikkje er så viktig, sidan Daniel ser fin ut med håret i ein strikk midt oppå hovudet.

No sit eg på rommet og ser på singing bee, rimeleg dårleg program i seg sjølv. Men no skal eg grava meg ned i senga å sjå Så kom Polly. Sikkert ein dårleg amerikans komedie, men tidsfordriv er tidsfordriv. Du får ha ein fortsatt god kveld 😉 Dykk får nyta desse biletene frå gårsdagen 😉hpim7546

hpim7525

hpim7613hpim7567hpim7560hpim7551hpim75491

hpim7530

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s