Ikke tilstrekkelig.


hpim7716

hpim7721

God kveld folkens 😉 Den ruto eg e i, for augonblinket, er ei litt rar ei. Idag var me berre på skulen i to timar. Så eg var vel heime i halv elleve tida, har igrunn ikkje gjort på noko. Sovna ei stund før eg skulle til fysio, så eg kom meg jo aldri ned der. Men skitt au, eg fekk sova og da var godt. I morgon skal eg ha eksamen i norsk, hovudmål, skal skriva ein sakleg tekst på 5 klokketimar. Eg er jo igrunn flink i norsk, så eg gruar meg ikkje, eg er heller ikkje redd for å gjere det dårleg. Eg skal no faen meg få da til eg og. Da kan no ikkje vera så altfor vanskeleg å skriva ein tekst, temaet er «Skulle bare være morsom».  Oppgåva får me i måro, wish me luck!

Dei sjarmtrolla som er på biletet ovanfor, er dei to syskjenbarna mine, Kjell-Ivar og Amalie. Herlegaste!

Annlegget mitt er på plass, sola stikk fram ein gong iblant. Eg likar regnet eg, faktisk. Eg trur eg har nevnt da før, tenk. Det er så makka forbanna deilig å sitja inne i varmen, høyra regne tromma på taket og veggen medan eg nyt ein spanande film som eg har satt på for å stengja ute ein del tankar som ikkje burde vore der. Det er berre det, at når filmen er keisam i eit augonblikk, så byrjar eg å tenkje på problemstillingar eg har, og då går eg glipp av handlinga, kanskje akkurat då når etterforskaren finner eit spor eller noko. Eg prøvar faktisk, avogtil, å koble heilt ut, men det er faktisk ikkje så lett. Tar fram Kontroll på kontinentet-boka mi og set på kaizers. Låsa døra og dra ned persiennene, sånn kan eg bli sitjande lenge. Faen, eg klage altfor masse. Neineinei. Dette er ikkje eit klageinnlegg, eg berre slepp ut nokon tankar, luftar idéar eller noko.

Me har nokon naboar, som har slekt i USA, og dei har reist på ein tovekers tur dertil. Men dei har etterlatt ein gravid katt. Eg trur dei har sagt ifrå til nokon slektningar her i område, men dei er ikkje innom så ofte. Så me har tatt oss den friheit til å mate og sleppe den katten inn i huset vårt. Sidan to av våre kattar er no døde, og me berre har ein skogskatt att, så gjorde det ikkje så mykje at ein vakker gravid katt kom innom. Den er herleg grå i pelsen. Men den har endå ikkje fått noko namn, frå oss ihvertfall. Forslag?

hpim77721

Advertisements

5 thoughts on “Ikke tilstrekkelig.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s