i told you so, at least last summer


Du er ein av dei mest fantastiske menneska eg har høyrt om, det er ikkje mange som tør å leggje ut alt, når dei har ein sånn sjukdom, som du har gjort. Det er mange tusen der ute i heila Noreg, som tenkjer på deg, og krysser fingra for at alt går din veg. Eg er ikkje religiøs, men eg sender deg all verdas tankar, gode og positive tankar. Det er sjangsar for at det virkar på deg, og det er akkurat det du skal tenkje på.
Eg veit ikkje korleis du har det, eg kan ikkje tenka meg det heller, eg skal ikkje sei at eg forstår.
Eg får tårer i augonkrogen når eg les dette innlegget, alle som har lest bloggen din, vil ditt besta og føler dei kjenn deg. Eg, meg sjølv, har veldig lyst å berre klemma deg og sei at alt går bra, at alt ordne seg og du kjem til å bli frisk. Når sånne ting skjer, så har eg sjølv vansklegheitar for å innsjå fakta. Eg fortel meg sjølv at det ikkje er sant, og at det berre er eit mareritt.
Men du Regine, du har gjort det beste ut av kreften, om eg kan sei det sånn. Du har brukt sjukdomen din for det den er verdt, fortalt folk om det. Fått folk til å donere blod og gi pengar. Støtte kreftforeninga. Du har solgt bileter til eit fond som skal hjelpe andre som har denne sjukdomen. Eg veit ikkje kva meir eg skal sei, anna enn at du er eit utruleg menneske. Du er viljesterk, men du innser sannheita og benektar ikkje fakta. Du delar tankane dine med oss, og du lyg ikkje om sjukdomen. Du tør faktisk leggje ut bileter av deg. Og mest av alt, du set utruleg stor pris på dei tinga me undervurderar i kvardagen. Du har fått meg til å innsjå at ein kan ikkje kjøpe lykke, eit nytt skopar er ingenting i forhold til ein jentekveld eller ein fin middag med familien.
Eg har sjølv vore på sjukehus, ein gong i over to månadar, og det var det verste eg har vore med på. Ein går glipp av så mykje, og når eg kom heim, hadde eg ikkje energi til å gjere det eg hadde lyst til. Eg samanliknar ikkje, misforstå meg rett, men eg veit at sjukehus er heilt forferdeleg. Sjukepleiarane er flotte, men det er heilt for jævlig å vera innestengt i fleire månadar. Eg unnar ingen det, spesielt ikkje deg. Eg følte eg ikkje var god nok for nokon, når eg ikkje var der med dei og når eg ikkje orka noko.
Men det er ein bra ting ved det, du merkar veldig fort kven som er skikkelege venar og kven som ikkje er det. Gode venar er der for deg uansett, held rundt deg når du har det vondt. Avogtil så er det faktisk ikkje godt nok med ein god bedring melding. Det er faktisk godt nok når ein ven kjem i stunder du har det fælt, og set på favorittfilmen din og gjer deg ein sjokolade. Noko som får deg på andre tankar. Men ein treng og nokon som får deg til å innsjå sanninga.
Dei fleste som les bloggen din, reknar eg med, send gode tankar til deg kvar gong du seier du er til behandling. Ei venninna av meg, kjøpte ein genser av deg. Og du får mange positive tankar kvar gong ho går med den. God bedring, hald motet oppe og fortsett å vær så snill som du er. Mange er glad i deg og vil ditt aller besta. Du er blitt ein landskjenning. Ein av dei få som er faktisk kjend for å ha oppnådd noko bra, av noko dårleg. Eg er glad du har delt historia di med oss, og god bedring igjen! Stor klem sendt avgårde!
Kommentar frå meg, på sista innlegg på Regine Stokke sin blogg.
Heisann folkens. Rekna med alle har vore ute idag? Eg har iallefall, hatt ein strålande dag har eg óg! Var inn på Laupsa å koste med vetleguten te Marianne, noko som var jekla moro, for han er så liten og god og nusseleg. Åååh, so kjekt med ein liten i familien:D Litt seinare, så var eg med Elisabeth, Marion og Elise!:) Song singstar gjorde me og, såg på manna gjorde me iallefall. Og lo litt. I morgon er det kamp i bydn, reknar med det kjem ein del supportarar?
Oh, eg har ikkje peiling på kva eg skal skrive om, men eg har lyst å skrive om noko spanande, noko interessant, eg følar eg har mykje på hjarta, men eg veit ikkje heilt kva. Eg trur eg tek å avsluttar her, noko meir å bidra med har eg ikkje. Så me snakkas nok ein annan dag. Hejdå.
colin_farrell_new_picMørke menn, røyk i munnen, svart/kvitt bilete, slår aldri feil.
Advertisements

5 thoughts on “i told you so, at least last summer

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s