André´s tomatsuppa


Atm sit eg på kjøkengolvet for å blogge, var litt kaldt på rommet.

No er det sumar og eg har lyst å berre gje greit faen i alt. Psykologtime som eg lot vera å minna mammo på, er berre ein brøkdel av det. Kven i kattens rike ynskjer å sitje i bil i ein time fram, for å sitje på poliklinikken og sjekke kor god hukommelsen ein har, for so å sitje ein time i bil tilbake. Når ein heller kan liggja på Laupsa heile dagen!! Eg drite i kor god hukommelse eg har når eg kan snorkle. Eg vil ikkje kjøpe meg mat på sjukehuset, når eg kan smørje meg heimalaga bollar med banan på. Og kven i helveten bryr seg om eg kan 2+2, midt i den faens ferien eg har?? Eg gjer opp. Psykologen går ut i permisjon no straks, so då vert det sannsynlegvis ikkje noko av, skikkeleg bummer da altso. Og ja, faen. Eg skulle ha lest av hjertestartaren min eg, for å sjekka om da har vore noko utslag, men.. eg har glømt deg. Uff uff. I tillegg, for å virka endå meir gløyms og tom i hovudet, eg hugsar ikkje å ta medisinen min kvar dag, sjølv om eg har dosett og ei mor som masar. Herreguuud, eg held på å klikka! Nokon som vil byta? Btw, du får med ein heil haug med myggstikk og kleggabetmed på bytehandelen.

Men på den andre sida, eg har fortsatt ferie eg då tenk. Eg har ingen planar den neste månaden. Eg har ingenting eg skal, som er viktig dåå. Eg ligg på Laupsa dagen lang, tek meg eit kveldsbad gjere eg og, om eg ikkje greiar å styre lystane mine. Idag var det masse folk på Laupsa. me do not like. Eg likar det best når det er litt plass eg, eg treng litt plass. Hatar å tenkje på om eg treff nokon i hovudet når eg spelar badminton, liksom. Ogogog, eg trur det var ein eller fleire brennmanetar i vatnet i dag, faktisk. Neiasso, detta blei mangt eit rotete innlegg.

Ikveld åt eg, Victor og mammo kotelettar til middag/kvelds. Da var ta-tasty-tasty. No er det faktisk nokon timar sidan det var mat, og eg kjennar at metthetskjensla berre var kortvarig. Men eg skal stå over fristelsa til å finne meg noko snacks eller slekeins. Verste med meg er at eg enten et for mykje, eller så et eg ikkje i det heile. Endå verre er at eg skulle ynskje at eg var på sjukehuset, sånn at eg ikkje trong å ete, fordi eg hadde ingenting eg skulle gjere. Herregud, avogtil trur eg at eg er feilande. Men, reknar med dykk veit fasiten?

I går var eg til akupunktur, og i morgon skal eg til akupunktur. Satsar på det funkar fett, eg har endå ikkje merka noko særs forandring, men satsar på det kjem med tida. Det er faktisk meget chill å berre liggje på ein benk, med 5-6 nåler på kroppen. Eg kryssar fingrar og tær for at dette funkar betre enn healing, fysio og kaffidrikking.  Eeh, den kaffidrikkinga gav eg igrunn opp etter ei veke eller noko. Eg følar kaffi et meg opp innvendig, skjer meg opp og vinkar meg ned for å vise at her er det ikkje noko att. Ein skulle nesten trudd eg var blitt psykisk sjuk, eg er glad psykologen min går ut i permisjon. Faktisk så er bloggen meir til hjelp. Faktisk lettare å skriva ned ting, enn å sei dei. Eg veit verkeleg ikkje kvifor, men sånn er det jo berre med nokon.

Eg undrar svært på om dykk som lesarar, bryr de deko om meg? Eller les dykk berre for å ha noko å gjere på ein keisam feriekveld utan innhald? Hugsar de kva de har lest eit par minuttar etterpå, eller går det inn det eine øyra og ut det andre? Er det ingen som kan setje seg i same situasjon og fortelje meg at dei veit akkurat korleis det er? Skriv eg på ein forvirrande måte, sånn at de gjer opp å lesa etter 4 linjer?

And btw.
André´s tomatsuppa.
1 dæsj tomatpuré.
2 skvetta vatn
1 skvett mjelk
1 klomp buljong
1/4 neve salt
mjøl efter behov

Eg beklagar djupt for at det ikkje er vorten tatt med nokon bileter i kveld, men eg gidd ikkje. Eg sit forøvrig på kjøkenet å bloggar framleis, og difor har eg skrevet oppskrifta til André. Me har skrevet kvar sin oppskrift på veggen, og dette er André si. Kreativ han der bror min. Men no trur eg det er best for alle partar at eg endar her. Reknar med alle har lest alt dette morosame greiene eg har skrevet, og at de legg att ein kreativ og morosam kommentar til meg! Treng inspirasjon til å blogge på desse sumardagane!

Advertisements

6 thoughts on “André´s tomatsuppa

  1. siljeolsen seier:

    Akkukpunktur… Høres egentlig litt skummelt ut å stikke nåler i kroppen. Gjør det vondt, egentlig?

    Hahaha, herlig oppskrift :p

  2. Huska eg leste oppskriften på tomatsuppo hans i bursdagen din! Nei, eg les. Og huske da :p Men du bør nesten legga inn noken bilde snart, ser so tomt ut:p E faktisk kjekkare å lesa til viss da kjem bilde å sånn!;)

  3. elisabeth. seier:

    Laupsa e digg 😀
    Du e flink å blogga 🙂
    voss e ein fin plass :D, men høyrtes ikkje so kjekt ut når du begynnte å nevna sjukehus å sånt åltsååå! :/
    akupunktur, nei off..AUUU!

    haha…ein dæsj, ein skvett å ein neve :p hehe…ler litt eg :p

    • Ingrid Tjosaas seier:

      Haha. Jattaaa, eg e svært dyktig. Veiit, eg vil ikkje anbefala den for å sei da sånn :p

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s