suuuumar


Klokka har passert midnatt og me har nett ete lasagne! Litt seint for middag seier du? Betre seint enn aldri. Pappen så har mekka saman mat til oss, og det smakte veldig godt! Eg har lurt på om eg skulle blogga eller ikkje, og svaret veit de vel. De har allereie fått nokon bileter frå Blåkoll, og eg undrast på om de skal få høyre historia bak, eller.. det eg hugsar då. Enjoy.

Eg måtte jo faktisk stå opp tidleg på tysdag, for at me skulle komme opp på hytta i vettug tid. Eller, tidleg og tidleg. 10 tida. Eg skjønar veldig godt kvifor me har ein god del turistar her i Hardanger, naturen er svært njudeleg. Eg og mammo reiste inn til besto etter me hadde ete frukost og pakka alt klart. Me skulle låna bilen til besten. Helsikes turbo i den der bilen. Uansett, tante Åsne køyrde. Mammo i passasjersetet. Eg, Amalie og Espen sat baki. Me stoppa på Voss for å få litt pizza i magane! Men før pizzaen, tok me turen innom Fretex! Der såg me jaggu meg Kari Traa. Ho har nok slengt seg på vintagetrenden. Eller, gjenbruk. Eg gjekk ikkje bort å spurde om eg kunne få ein klem eller for å ta eit bilete. Eg hadde ikkje med kamera. FAENS FLOGE HER INNE. Eg fann meg eit miniskjørt, hihi. Litt idioti, eg har vel akkurat nesten kjøpt meg eit. Amalie fekk kjøpt seg ein bamse, som blei kalla Blåkolla resten av turen. Ho fekk seg óg ei veska og eit blad. Ruta ho då!

Me kom oss til båten til slutt, og me kom oss over vatnet! Me rodde, sjølvsagt. Kraft! Driv ikkje å bruke motor, når ein kan bruka musklar! So byrja oppoverbakken, den einaste, vel og merka. På toppen av bakken, klarde ho mor å skli på ein stor, våt stein. Eg høyrde ho skrika og helsike, men eg er litt for treig i reaksjonen, at legen kom før meg. Mammo hadde brukket foten og legen var berre 100 meter vekke. Kunnet ikkje vore heldigare. Ho brakk foten før ho i da heila kom seg bort til hytta! Altfor gale! Ho blei frakta på stige ned til båten igjen, og på andra sida av vatnet stod sjukebilen. Foten var brukket på to plassar, og i skrivande stund, har ho plater og skruer i foten, rullestol og alt i stovo. Til tross for alt dette, er ho i eit strålande humør. Eg har mine mistankar om at det er fordi ho har fått tjenarar i huset. hmm?

Me borti hytta, lot oss ikkje stoppa av eit brot, me koste oss uansett, sjølv om det hadde vore kjekkare med ho mor der! Eg og Amalie budde i breiasenge, besto i budeiesenge og tante Åsne og Espen på kammerset. Smala senge blei kun tatt i bruk når Amalie ikkje ville sova med meg, og tok besto si seng. Me la oss ikkje i vettug tid, og låg å dro oss til langt på dag. Besto var goe som alltid, og fyrde i ovnen til me stod opp! Trøytte og sletne i ansiktet, vakna me og sat oss ved bordet. Kortene blei brukt flittig. Espen laga korthus, men Amalie blas da ned, gong etter gong. Me greide tilogmed å læra Amalie å spela krig! Då skulle jo ho sjølvsagt spela da heila tide. Krangling om regla blei da óg, som det alltid blir.

Véret var no veldig skiftande. Sol, yr, pøsande regn, vind. Men bading skulle det bli! Amalie sa ho skulle vera med, kvar gong, men kvar gong so trakk ho seg! Hønemor, som eg kalte ho kvar dag. Ho er herleg! Tilbake til badinge, ja, eg og Espen bada me, og eine gongen fekk me med oss besto! Og, ho kom seg uti, da gjorde ho. Men ho skulle vaska håret ho, og medan ho vaska håret, skulle eg absolutt spruta på ho. Og tante var kjapp på avtrekkaren, og fekk eit blinkskot. Etter håret var reint, fór me uti alle tre! Herleg deilig etterpå! Spesielt når me kom opp i selet, der det var varmt og godt!

Fiska gjorde me óg, masse. Eller, dei gjorde. Amalie fekk no jysla med fisk. Da blei sett garn kvar dag og fisk blei da. Nett før me fekk besto til å gjera sånn som oldemor gjorde, inn med fisken på eina sida, og beina ut på andra sida. Ein annan gong tenkje eg! Stas å få fisk. Litt mindre kjekt å vera utpå å ro, når det vert motvind når ein skal inn att. Blitt ein racer på å sløya fisk igjen no, hadde nesten gløymd da.

Eine kvelden so grilla me pølser! Stappa innpå. Etterpå, gjekk eg og Amalie å sat oss på ein stein litt oppanfor. Så ropte tante å spurte om noko, og så skulle Amalie svara, og med svaret, kom tanna hennar! Ho hadde gått i fleire dagar å lirka på tanna, og sagt at den skulle detta ut naturleg! Og jaggu, den datt ut! Kry var ho då ja. Me fann eggaglas som ho skulle legge den i, gult eit, faktisk. Men, når ho skulle ut å vise den til Espen, så tryna ho på vei opp igjen, og tanne datt ut or glaset! Katastrofe! Då finn ikkje tannfeen tanne og då blir det ingen pengar! Eg og Espen var sendt ut i leiteaksjon, men måtte gje oss på tap. Tante skulle visa korleis ein skulle leite, men ho ga opp ho óg. Men akkurat før ho ga opp, skulle ho ta ein siste kikk, og der fann ho jaggu tanne! Eit sånn smil på Amalie, har eg ikkje sett før! Då finn tannfeen tanne allikavel. Amalie passa godt på den då ja!

Besto laga mykje god mat og me åt den LETT opp. Å, hyttelivet er herleg! Gleda meg til neste sumar eg, då blir det hytteliv igjen! Las forresten i gamle hyttebøker, kjekt å lesa i sånne! Ogogogog, eg har ikkje tal på kor mange gongar eg dunka meg i dørkarmen! Lågt under taket der! Eg gløymde meg jo sjølvsagt, kvar gong. Men eg trøystar meg med at Espen dunka seg minst lika mange gonger. Bileter fekk de i forrige innlegg. Eg kan summe opp med at eg hadde godt av eit par dagar vekke frå data og tv! Og at eg har verdens herlegaste familie! Takk for laget!:)

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s