pant kr.1 eller pant kr.2.50


I morgon reiser me til Tromsø. Bubilen er strålande nice, eg har allereie fått inn ein del av kledna mine. Dei to andre syskjene mine, har vel nett så vidt kome igang. Reknar med eg kjem til å kjede meg max i morgon før me reiser, må vel vente på dei når dei finn ut av at dei må vaske nokon klede. Uansett, i går fann eg fram nokre cdar, eg fann ut eg hadde fleire på rommet enn eg trudde, flott. Pappen er på Fjellstveit å brenn fleire cd´ar. Eg var nesten overlukkeleg då eg fann ut det var antiskli-matter i bilen. Jeei, me kan spela krig eller yatzy. Eg har ihvertfall lada mp4´n, tatt med ladar i tilfelle óg, lada batteria til kamera og røska med meg Menn som hater kvinner, frå bokhylla i stova.

tur til sandnes 029Eit lite bilete frå turen til Sandnes, nydeleg vér.

Herregud, heilt til Tromsø. Me skal køyre heile vegen. Solveig skal óg køyre. Eg og Victor blir nok sitjande baki, eller, eg blir iallefall sitjande baki heila tida. Victor har ein tendens til å bli litt bilsjuk, så han sit nok litt framme når pappen køyrer. Eg lurar på om eg berre ska stelle meg, leggje vekk snopet og krypa til sengs? Sikkert ein god idé. Kjem kanskje med nokre ord før avreise i morgon, hvis ikkje så snakkas me når me snakkas!

Advertisements

5 thoughts on “pant kr.1 eller pant kr.2.50

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s