å ein to og ein to tre fir


No skal ikkje eg ta det som ein sjølvfølge at alle les bloggen min, men let vera å kommentera. Eg trur heilt ærleg at ingen har lest det i det heile. Uansett, eg tenkte eg skulle blogge om noko anna. Eller ikkje noko anna, men eg skal ikkje skrive dagbok frå turen. Eg kan godt fortelje kor fint eg har hatt det, kor fint vér me har hatt. Kor dårleg eg har vore. Eg kan få fram kor mykje eg saknar å vera på Brensholmen. Men eg gidd ikkje akkurat no. Eg kan óg sei kor lite eg gleda meg til skulen startar opp att. Smilet forlet ansiktet mitt kvar gong tankane kjem opp. Eg har ikkje lyst å byrja på skulen. Men for ein gong skuld så skal eg vera med på skulestarten denna gongen. Håpar me. Eller eg?

Slektstreff 396

Eg burde hatt meir inspo til å skrive, enn det eg har no. Iogmed at eg har køyrt Noreg på langs dei siste vekene. Det er ikkje så mykje å sei eigentleg, bortsett frå det som eg skreiv i stad. Før idag, var eg borte hjå Anne, med Andrea. Alltid lika kosleg! Sorry Elisabeth, eg berre må. Ho fekk purken etter seg idag, ho var dritredd. Haha, ho hadde jo meg bakpå då. Purken fann ho aldri, for me gøymde oss så godt. Eg har fått vaska litt kle, eller noko sånn. Eg ser på kaizers-dvden no. Lenge sidan sist, merkar eg. Nokre som veit kor eg kan bestille sjølvlaga t-skjorter? Rimeleg pris. Og ei eg kan velga størrelsen sjølv. I staden for sånne små bileter?

Slektstreff 118

Det er noko med august og mat. Det heng ikkje ihop. Ikkje eit sekund. Eller så får eg berre feedback frå i fjor. Ganske nøyaktig eitt år tilbake. Eg åt jo, men nesten lika sjeldan som no. Eg et frukost og sånn. Men det tek berre altfor lang tid mellom kvart måltid. Og eg et altfor sjeldan når eg er svolten. Idag åt eg eit eple, faktisk. Eg byrjar å klø av det eg. Men eg åt det altso. No er eg svolten, veldig svolten. Men eg eig ikkje matlyst. Fare for at eg berre går å legg meg utan å eta noko. Vaknar opp i morgon, et frukost og går på kamp. Så kan det gå lenge før eg et noko. Men eg veit at eg må skjerpa meg, no når skulen er her.Uff, når eg tenkar meg om, så har eg ete ganske mykje idag. Berre på kort tid, og no er det ganske lenge sidan, men allikavel.

Slektstreff 539

No er klokka allereie kvart på ti. OMG.

Advertisements

3 thoughts on “å ein to og ein to tre fir

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s