Tivoliet i England!


Bussen køyrde inn mot parkeringsplassen, ikkje ei sjel sat ro i setene. Alle var spente på dagen, å gleda seg veldig! Me såg de høge berg og dal banane og ei utruleg høg greia som ingen visste kva heitte. Då me kom ut av bussen var det berre å venta. Leiaren vår skulle henta billettane. Speidaren var på tur i England, og me var kledd i speidarskjorter heile gjengen.

Me fekk billettane og storma inn, resten av dagen fekk me gå åleina. Eg, Anne, Evelyn, Miriam og Frida gjekk rundt som småungar og visste ikkje kva me skulle ta fyrst. Me sprang bort til den store raude berg og dal banen. Køen var allereie lang, til tross for at dei ikkje var opna. Eg foreslo at me skulle stilla oss i kø, for den var antakligvis større seinare, og det gjorde me. I køen var det både små og store, unge og gamle, du høyrte ungdommar prata om kor mykje dei grua seg til å ta den, sjølvsagt på engelsk. Sola var nett så vidt komen over fjellet og det var fortsatt kjølig i lufta. Køen minka og minka, me blei meir og  meir nervøse der me stod og såg på alle som tok den. Me satt oss oppi og spenna beltene, me var klare. Den gjekk sakte i byrjinga, men auka farten ganske raskt. Eit par loopar og svingar etterpå, var me ferdige. Den var utruleg kort, men verkeleg verdt det!

Me hadde ikkje tolmod til å vente på noko, så me sprang bort til næraste karusell. Den gongen vart det ein som svinga høgt frå side til side. Denne gongen vart det óg litt kø. Me var lika nervøse som på forrige karusell, men denne fekk me skikkeleg magasug av!

Etter ei stund med store karusellar og raske berg og dal banar, fann me oss noko mat. Miriam, anne og Evelyn fann seg noko hot-dog greier, medan eg og Frida stakk på Burger King. Då me satt å åt, byrja det å regn. Me hadde kjøpt oss nokon regnfrakkar i Edinburgh, så me slapp å verta våte. – I Edinburgh skein sola og me var klare til ein kveld på Hard Rock Café. Eirin vart teikna av ein karikaturteiknar, og eg kan vel trygt sei at det likna. Me var blide og koste oss der i folkemengda. Så, ut av det blå byrja det å regne, me visste ikkje kor me skulle gjere av oss. – Skal me inn her?, eg trur det var her dei kjøpte dei huene sine, spurte Anne. – Ja, her er det i minste tak over hovudet, sa Frida klokt. Me gjekk inn, der såg me noko gult nedi ei korg på golvet, ved inngangen. Eg plukka den opp, så nysgjerrig som eg er. «Raincoat», las eg av pakken. Me kjøpte oss ein kvar, Anne og Frida kjøpte seg óg nokon skotske huer, og me var gule og klare til å gå ut i regnet. Men, sjølvsagt slutta det å regne eit par minuttar etter me hadde kjøpt de.

Frida var vel lika yr som meg etter å ta nokon karusellar etter me hadde ete burger. – Sjå! Sånn så går seint, rundt og rundt, ropa Frida medan ho peikar på ein Merry Go Around! – Å, den tar me, sa eg å sprang bort! Kan tenkast me såg flotte ut der me sat å rei på hestane.

Så gjekk me rundt å leitte etter restene av jentene, men me fann dei ikkje, så me prøvde ein sånn karusell som skaut oss rett opp. Me fekk velga om me ville sitja eller stå. Me stod. Eg trur eg aldri har fått eit sånn adrenalinkick som då. Hjarta mitt banka så utruleg fort då me var på toppen! Då me kom ned såg me dei tre andre utanfor, me tusla bort til dei, småskjelvne begge to. Frida hadde kjøpt eit bilete av oss på toppen av karusellen. Dei, kanskje meir enn oss, gleda seg seg til å prøva den. Me sprang inn igjen, då prøvde eg og Frida den som me skulle sitja i. Ein dråpe mindre nervepirrande, men dog svært nervøse.

Då var bussen der og speidarane forlet tivoliet. Nokon seinare enn andre. Dagen hadde vore utruleg lang for nokon, og mange var trøytte. Bussen snudde fronten mot speidarhuset i Tamworth, og me kom oss fint tilbake.

 

Trur denna teksten blei skrevet i 9.klasse eller noko. Liten fin del av sjølvbiografien. Hehaho. Fnis.

Advertisements

2 thoughts on “Tivoliet i England!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s