nye klede og vesker frå plant et tre

kle igjen 001kle igjen 004kle igjen 006kle igjen 008kle igjen 009kle igjen 002

Advertisements

lalala, overskrift, lalala

16282Eg tok influensa og svineinfluensa-vaksina i går. I den armen eg fekk svineinfluensa-vaksina så har eg heilt utruleg vondt. Fekk sinnsjukt vondt i hovudet óg. Hvis ikkje desse bivirkningane forsvinn snarast mogleg, kjem eg til å deppa og sutra lenge framover. Då blir det sannsynlegvis ikkje noko blogging. Ja, eg fiskar etter trøste-kommentarar.

Eg var til psykolog idag, og eg greier faktisk å sjå litt lysare på månadane framover. Men berre litt. Etter psykologen var eg heilt øydelagt og greide ikkje komma meg på skulen. Litt kjipt faktisk, me har internasjonal veka på skulen no, og idag var det framføring av arbeidet som har blitt gjort tirsdag og onsdag. Og eg gler meg til psykologen skal snakka med læraren min, sjå om det vert noko forandring. Ogogog, no har eg endeleg fått fór inni to av huene, så no kan det berre snø og blesa så masse det berre vil.

Og i morgon, på sånn od-dag greia, skal eg bruka dagen min på å henga på Experten. Eller noko. Men, no skal eg sove endå meir. Har tross alt vore vaken i nesten 8 timar.

dry your eyes mate

Sjølv om eg ikkje likar tanken på å blogge medan eg er psykisk ustabil, tek eg sjangsen. Alt går i berg og dal-bane for tida. Eine dagen er fryd og gammen, men neste dag er eit helvete og eg ligg i senga heile dagen og klagar for meg sjølv. Psykisk ustabil vert vel kanskje feil, men eg følar meg ikkje frisk i det heile. Då eg kom heim i går kveld, var eg så irritert at eg åt opp alt snopet medan eg såg på Løvebakken. Passar svært dårleg iogmed at eg er svært sukkersjuk for augonblikket. Men om eg gidd og bevega meg lengre enn til dass, så kan eg kanskje inn på kjøkenet å sjå om det er noko der. Forresten, eg skjønar ikkje korleis folk kan stå på eit kjøken å laga mat utan radio. Det går jo snigleseint om ikkje.. Men, kanskje det berre er meg.

Forresten, var kamp på stadion i går. Gjekk på tap, men hadde  mange gode sjangsar. gosh.. Men fin stemning blant SSK!

kamp 24. 006

Adjektivhistorie.

Hei! Eg heiter Evelyn og eg er ei blautkokt jenta. Eg er valdeleg og homofobisk. Eg blir fascinert av tragiske gutar. Eg har ei mensenbefengt rumpa. Puppane mine derimot, er illeluktande. Når eg går tur, trillar eg den treige vogna til den overtroiske dukka mi. Den skrullete sola lysar så sterkt på den nysgjerrige kroppen min. Familien min er overlegne og eg har det veldig innskrumpa heime. Kvar filosofiske kveld når eg skal leggje den brillefine kroppen min, blir eg litt ultrarar, fordi eg har mest lyst til å vera ute å leika sexy. Eg har mange dristige vener og eg set stor pris på dei. Men ein gong i blant er dei litt for kåte og eg går fort lei. Dei er litt for jålete og spygrøne. Når eg blir stor skal eg bli klumpete, ferdigbæsja og pedofil.

HAHAHAHAHA.

Eg og Evelyn gjorde detta i timen, men det er berre til å skriva adjektiv til meg 🙂