Bitte, lille julafta.


Denne posten byrjar eg på 17.22, med god innstilling. Men så sant skal seiast, så distraherar tvboksen meg, men det går fint. Post blir det alltid. Apropos post, me fekk aldri sendt ut julekort i år me, altfor dårleg. Men me var jo altfor opptatt med pepperkakebyen vår, så det får fara for i år. Herregud, berre to dagar til jul. Idag fekk me den etterlengta ferien vår. Snøen kom på laurdag, og den ligg framleis! Sola har kome fram opptil fleire gongar, men til gjengjeld har vinden vore her oftare. Uansett, rommet mitt er fullt av pakkar. Eg har kjøpt overraskande mange pakkar, men så har eg jo hatt overraskande mykje pengar óg då.

Dei siste dagane har ho mor hatt ei lista liggjande framme, sånn at me ungar må gjera noko og kryssa det ut, sånn at me slepp dårleg samvit. Og jaggu meg har me faktisk gjort noko. Berre idag har eg pussa sølvtøy, tørka støv og rydda glaskarmen og tørka støv av dei flotte blomane. Eg har tenkt å gjera meir, eg må berre ha ein liten pause. Det er så veldig stille i huset no, to kattar ligg roleg i kvar sin stol og eg sit i sofaen og lurar på om eg skal leggje innpå meir ved, og hente ved etterpå. Men det er så kaldt ute..

Eg gler meg til julafta. Den deilige, avslappa følelsen du får når du sit å les i juleheftene, fordi det er nesten heilt stille i huset. Det herlege smilet du får av den personen du akkurat har gjedd ein presang til.  Den gleden du har inni deg etter grauten og før pinnakjøtet, fordi du veit at du får himmelsk mat og du veit at du må sitje altfor lenge ved bordet, fordi bestefar din et mykje meir og lengre enn dei fleste andre rundt bordet. Den låge fnisete latteren blant ungdomane når dei får latterkrampe når dei må gå rundt julatreet og synga alle songar som finst, fordi damene i familien vil det. Den irriterte tonen blant familien når den eine personen brukar laaang tid på å finne ein fin, stor pakke til nestemann. Den altfor fulle magen etter eit sårt påfyll altfor seint på kveld, fordi det tar så lang tid med pakkane.

No til dags så trur eg faktisk dei fleste (bloggarar) har eit eller anna behov for å vise at dei ikkje er materialistiske. Uansett om dei aller fleste veit at dei er det. «Til jul ynskjer eg meg berre at alle er blide og glade. Eg vil ikkje at mine næraste skal bruke kjempe mykje pengar på pakkar til meg til jul. Det er tanken som tel.» Og eit par innlegg nedanfor ligg ynskjelista dei skreiv i håp om at nokre lesarar eller fjerne slektningar skal sende flotte presangar til jul. Det er kjekkare å lese om folk som faktisk visar og fortel at dei har pengar, enn folk som åpenbart har mykje pengar, men som latar at dei er akkurat som alle andre. Altså, ikkje sånn kjempe rike.

Og då, klokka 18.17, er eg endeleg ferdig. Forresten, alle bileter er funnet på google.

Advertisements

One thought on “Bitte, lille julafta.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s