den største gleden en kan ha, er å være skikkelig skikkelig glad


Vel, ein god bloggar legg vel innpå bileter med ein gong dei er blitt tekne, men eg er diverre ikkje ein av dei. Rett og slett fordi eg tenkte eg faktisk skulle ta litt fleire bileter. HALLO, forresten! 2.juledag allereie, det går altfor fort.

Men skal eg fortelje kva eg fekk?

Ei freakin´ gassmaska! Resten har eg då liksom ikkje teke bilete av endå. Julekvelden blei tilbragt saman med mor, far, to brødre, ei syster, ei tante, eit syskjenbarn og to besteforeldre. Eg fekk mandelen og den æra av å få opne den fyrste pakken. Ingen likar marsipan i huset, unntagen min far. Men så sant skal seiast, måtte eg nesten eta opp ALL grauten før eg fann mandelen. 1.dag var lunsj hjå besto og besten saman med slekta og 2.dag var det frukost hjå min onkel. No sit eg på Melstveit og sturar. Det snjoar alt for mykje ute. Eg finn IKKJE vintersko, uansett kva eg prøvar på! Så eg har funnet ut at det beste eg kan gjere, er å halde meg inne til januarsalga byrjar. No har eg vore innpå hm.com og ellos.no opptil fleire gongar, og funnet masse fint og lagt dei i handlekorga, men så har den seriøse og økonomiske Ingrid slått inn, og kryssa ut. Og spart pengar. Eg veit, eg er fantastisk.

Advertisements

2 thoughts on “den største gleden en kan ha, er å være skikkelig skikkelig glad

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s