Tudulu, you dumbass

Det er sundagskveld. Klokka har akkurat passert halv elleve, og eg rakk å få med meg slutten på Anne Franks Dagbok. No har eg skifta til Evan den allmektige. Altfor, altfor tragisk film. Ventar i spenning på God kveld Norge.

Eg er keisam. Livet mitt er keisamt. Skal eg fortelje kva eg gjorde i går? Ingenting fram til eg skulle ut å ete pizza med to vener eg ikkje har vore med på lenge! Det var kosleg å sjå dei att, lenge sidan! Etterpå reiste eg opp til Evelyn, for å henge med ho og Andrea. Eg og Andrea reiste heim i halv eitt tida, og me fann fort ut at me måtte gå. Og det haddde byrja og snjoa pittelitt. Mammo ville ikkje henta, så me måtte ta beina fatt. Fortauene var ikkje brøytt, så me måtte gå midt i vegen, utan refleks midt på natta. Då Andrea gjekk ein anna retning, måtte eg gå åleina, og då turte eg ikkje gå i vegen, så då gjekk eg på fortauet, og der var det snjo opp til midten på leggen. Knappe 4 bilar køyrde forbi, og sidan eg såg ut som ein eskimo i strømpebukser, tok ingen meg på. Så byrja oppoverbakken, og eg hadde snjo i trynet og vel så det. Hetta datt av, og eg gadda ikkje ta den på. Og når eg fraus og ville ta den på, var det full av snjo.  Snarvegane var sjølvsagt dekka med snjo, så eg måtte ta til takke med omvegane og med mine glatte sko, som forsåvidt ikkje er berekna på vinterstid, sklei eg pittelitt kan eg røpa. Og ja, når eg kom inn døra blei eg møtt med latter, og ikkje kakao som eg bad om!

Forresten, no har eg sett på Home & Away langt fram i tid på Youtube, så no kan eg sova middag så mykje eg berre vil. Herleg. Ja, eg såg på det frå klokka var 14.00 – 20.00. Men no skal eg leggje meg, så snakkas me heilt sikkert aldri. Dette blei eit keisamt innlegg, og hvis du har lest alt, fortel meg kva farge det var på skodna eg hadde på meg då eg gjekk frå Torpe og heim.

take a bow

Forrige innlegg blei skrevet i ein nokså ustabil tilstand, noko dette innlegget vert skrevet i óg. Eg har hatt ein dårleg dag, og eg er sleten. Neste tysdag skal eg fullføra ein sånn evne-test, for å sjekka korleis eg ligg an med hukommelse og sånn. Eg har ikkje lyst, men eg veit eg bør gjera det. Eg begynte på testen før sumar 09, og då var eg i feriemodus og ikkje klar for ein sånn test. Men det eg eigentleg er bekymra for, er om eg verkeleg heng etter med både hukommelse og alt. Den same kjensla hadde eg då eg tok CT av hovudet. Tenk hvis dei finn noko, tenk om noko er gale. Men med tanke på CT´en så vil eg at dei skal finne noko, eg vil at dei skal finne ut kva som er gale, sånn at eg kan få hjelp med det. For det er faktisk ikkje så kjekt å ha hovudverk. Og nei, eg har ikkje migrene. Men med den evne-testen, så er eg redd for å få bekrefta at eg faktisk er dum. Eg veit at eg har dårleg hukommelse, men det er ikkje kjekt å få bekrefta at eg ligg på eit lågare nivå enn dei på min alder. Eg veit godt at eg kan gjera det betre enn det eg gjer no, men då må eg ha ein kropp og eit hovud som er på same lag som meg sjølv.

Idag var eg på skulen i 2,5 timar, og det var fælt. Hadde geografi, og så fritime. Fritimen var verst. Som de kan lesa i forrige innlegg, så sat det altså gutar i klassen å spelte. Og eg, med mitt hovud, gjekk. Fyrst var eg nedom den lokale bruktbutikken, Plant eit tre, for å sjå om eg fann noko som var verdt å bruke pengar på. Og som den erfarne brukthandlaren eg er, fann eg sjølvsagt noko. Eit par kjolar som igrunn passar helst det andre halvåret, og eit nydeleg skjørt som eg håpar eg brukar i tida framover. Eit grått, litt tjukt skjørt, som faktisk passar perfekt å bruke no. Uansett, etterpå gjekk  eg ned i Rekkebygget for å slappa av. Og venta på pannekaker. Min bestefar har då altså laga pannekaker til meg og min vetlebror i ca. 6 år, trur eg. Og det er framleis lika godt. Om ikkje betre. Forresten, eg bør leggje meg no, eg er øydelagt. Mi mor fortalte meg tidlegare i kveld at augo mine var raude, og trudde mest sannsynleg det var fordi at eg ikkje har sove middag. Eg er på grensa til tragisk.

sappsapp.blogg.no – bloggen til ho med krøllete hår

Akkurat no, når eg skriv desse små, ubetydelege orda, sit seks gutar i klasserommet å spelar eit eller anna dårleg spel på kvarsin data. Dei skrik jo sjølvsagt tvers over rommet til kvarandre. Hovudet mitt held på å sei takk for seg, men det er berre eit par timar att, men eg er usikker på om eg orkar dette. Hadde eg hatt headsett med meg, hadde det vorte litt lettare, for då kunne eg ha høyrt på radio utan at dei andre forstyrrar. No kom det nettopp 4 til, og dei bråkar sjølvsagt like masse. Helvete! Eg går heim.

Gjer ein innsats

Eg forstår lite akkurat no. Er det sånn at den globale oppvarminga tek pause på vinteren fordi dei vil ha vinter? Eller er det ikkje global oppvarming i det heile? Eg trudde at den globale oppvarminga gjorde sånn at snøen smelta og havnivået steig. At vinteren forsvann og det blei varmare. Ok, akkurat no ligg jo sjølvsagt kvikksølvet litt over det det pleier. Altså, no er det raude grader. For eit par (eller éi?) veka sidan, var det jo 20-30 minus på austlandet. No er det knapt 5 blå grader der. Men framleis bekymrar folk seg for at all snøen på polane skal smelta og at isbjørnane skal døy ut. Eg undrar på når puben i Øystese står under vatn eg, eller når me snjoar inne. Er det rart folk ikkje tek all masinga om global oppvarming med alvor?

Men når ein tenkjer seg om, så har faktisk det vorte litt varmare. Vinteren er ikkje sånn som den eingong var. Plussgrader i januar er ikkje normalt, eller? Men sumaren har vel eigentleg ikkje vorte sånn kjempe mykje varmare, ikkje sånn som vert lagt merke til. Men, at det regna i heile juli-månad i Hordaland i 09, kva er det eit teikn på?

Me, som levande invid på denne kloden som er i nød, får ofte høyre og lese at me skal ta vare på miljøet og gjere alt for å hindre at den globale oppvarminga tar overhånd over kloden. Og me får for guds skuld godt høyre kva me skal gjere óg. Kildesortering, ta buss, spare straum og etterisolere huset du bur i. Men altfor få gjer ein skikkeleg innsats for miljøet.

Men her er eit par tips.

  • Ikke bryt topper og kvister av ungskog. Skal du ta kvister, så bruk kniv og ta de nederste greinene på store trær som står et stykke fra stien. Vær forsiktig med tråkking i ungskogfelt!
  • Ikke kast søppel i naturen! Plastposer, engangsgriller og gammelt fiskeutstyr vil ikke bare irritere den neste som kommer: Det kan også skade dyr, fugler og andre ville skapninger.
  • Bruk minst mulig. Bruk først og fremst vann når du vasker deg, og begrens bruken av kosmetikk.
  • Se etter miljømerker. Produkter merket med svanen eller Bra Miljöval er generelt tryggere valg både for deg og miljøet.
  • Kjøp brukt! Det holder hjulene i gang uten å tilføre miljøet nye belastninger.
  • Prøv å unngå impulskjøpene. Planlegg handleturene og skriv handleliste. Feilkjøp skjer som oftest når man er usikker på hva man virkelig trenger.
  • Selg eller gi bort brukbare ting du vil kvitte deg med.
  • Forsøk å unngå engangsprodukter som papptallerkner, plastkrus, engangsgriller, engangskameraer og engangskluter.
  • Hva med å gi bort (eller ønske seg) en opplevelse eller en tjeneste?
  • Produkter med god kvalitet og lang levetid er best for miljøet – og oftest mest verdifulle for deg som eier dem også.
  • Stol på din egen smak. Den forandrer seg neppe like fort som motene.
  • Stopp uønsket reklame! Hvis du ikke leser reklamen du mottar er den ikke annet enn overflødig papir.
  • Lag din egen jord. Komposterer du matavfallet og hageavfallet blir det ikke bare mindre søppel, du kan også bli selvforsynt med jord og gjødsel til hagen.
  • Papir som bare er brukt på en side kan gjenbrukes som tegnepapir og handlelister.
  • Emballasje havner som regel rett i søpla. Prøv å kjøpe produkter med minst mulig emballasje rundt.
  • Bruk handlenett. Hvis du tar med noe å bære i når du skal i butikken, slipper du å fylle kjøkkenskuffene – og søplekassa – med gamle plastposer.
  • Bruk panteordningene for flasker og bokser.
  • Sorter den søpla som kan sorteres.

<a href=»http://www.blogglisten.no»><img src=»http://www.blogglisten.no/count?id=15050&#8243; alt=»Blogglisten» /></a>