take a bow


Forrige innlegg blei skrevet i ein nokså ustabil tilstand, noko dette innlegget vert skrevet i óg. Eg har hatt ein dårleg dag, og eg er sleten. Neste tysdag skal eg fullføra ein sånn evne-test, for å sjekka korleis eg ligg an med hukommelse og sånn. Eg har ikkje lyst, men eg veit eg bør gjera det. Eg begynte på testen før sumar 09, og då var eg i feriemodus og ikkje klar for ein sånn test. Men det eg eigentleg er bekymra for, er om eg verkeleg heng etter med både hukommelse og alt. Den same kjensla hadde eg då eg tok CT av hovudet. Tenk hvis dei finn noko, tenk om noko er gale. Men med tanke på CT´en så vil eg at dei skal finne noko, eg vil at dei skal finne ut kva som er gale, sånn at eg kan få hjelp med det. For det er faktisk ikkje så kjekt å ha hovudverk. Og nei, eg har ikkje migrene. Men med den evne-testen, så er eg redd for å få bekrefta at eg faktisk er dum. Eg veit at eg har dårleg hukommelse, men det er ikkje kjekt å få bekrefta at eg ligg på eit lågare nivå enn dei på min alder. Eg veit godt at eg kan gjera det betre enn det eg gjer no, men då må eg ha ein kropp og eit hovud som er på same lag som meg sjølv.

Idag var eg på skulen i 2,5 timar, og det var fælt. Hadde geografi, og så fritime. Fritimen var verst. Som de kan lesa i forrige innlegg, så sat det altså gutar i klassen å spelte. Og eg, med mitt hovud, gjekk. Fyrst var eg nedom den lokale bruktbutikken, Plant eit tre, for å sjå om eg fann noko som var verdt å bruke pengar på. Og som den erfarne brukthandlaren eg er, fann eg sjølvsagt noko. Eit par kjolar som igrunn passar helst det andre halvåret, og eit nydeleg skjørt som eg håpar eg brukar i tida framover. Eit grått, litt tjukt skjørt, som faktisk passar perfekt å bruke no. Uansett, etterpå gjekk  eg ned i Rekkebygget for å slappa av. Og venta på pannekaker. Min bestefar har då altså laga pannekaker til meg og min vetlebror i ca. 6 år, trur eg. Og det er framleis lika godt. Om ikkje betre. Forresten, eg bør leggje meg no, eg er øydelagt. Mi mor fortalte meg tidlegare i kveld at augo mine var raude, og trudde mest sannsynleg det var fordi at eg ikkje har sove middag. Eg er på grensa til tragisk.

sappsapp.blogg.no – bloggen til ho med krøllete hår

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s