Tudulu, you dumbass


Det er sundagskveld. Klokka har akkurat passert halv elleve, og eg rakk å få med meg slutten på Anne Franks Dagbok. No har eg skifta til Evan den allmektige. Altfor, altfor tragisk film. Ventar i spenning på God kveld Norge.

Eg er keisam. Livet mitt er keisamt. Skal eg fortelje kva eg gjorde i går? Ingenting fram til eg skulle ut å ete pizza med to vener eg ikkje har vore med på lenge! Det var kosleg å sjå dei att, lenge sidan! Etterpå reiste eg opp til Evelyn, for å henge med ho og Andrea. Eg og Andrea reiste heim i halv eitt tida, og me fann fort ut at me måtte gå. Og det haddde byrja og snjoa pittelitt. Mammo ville ikkje henta, så me måtte ta beina fatt. Fortauene var ikkje brøytt, så me måtte gå midt i vegen, utan refleks midt på natta. Då Andrea gjekk ein anna retning, måtte eg gå åleina, og då turte eg ikkje gå i vegen, så då gjekk eg på fortauet, og der var det snjo opp til midten på leggen. Knappe 4 bilar køyrde forbi, og sidan eg såg ut som ein eskimo i strømpebukser, tok ingen meg på. Så byrja oppoverbakken, og eg hadde snjo i trynet og vel så det. Hetta datt av, og eg gadda ikkje ta den på. Og når eg fraus og ville ta den på, var det full av snjo.  Snarvegane var sjølvsagt dekka med snjo, så eg måtte ta til takke med omvegane og med mine glatte sko, som forsåvidt ikkje er berekna på vinterstid, sklei eg pittelitt kan eg røpa. Og ja, når eg kom inn døra blei eg møtt med latter, og ikkje kakao som eg bad om!

Forresten, no har eg sett på Home & Away langt fram i tid på Youtube, så no kan eg sova middag så mykje eg berre vil. Herleg. Ja, eg såg på det frå klokka var 14.00 – 20.00. Men no skal eg leggje meg, så snakkas me heilt sikkert aldri. Dette blei eit keisamt innlegg, og hvis du har lest alt, fortel meg kva farge det var på skodna eg hadde på meg då eg gjekk frå Torpe og heim.

Advertisements

3 thoughts on “Tudulu, you dumbass

  1. Eg skulle tatt deg på eg kjære eskimo!!!Og eg skulle laga kakao til deg vennen. Stakkars deg:-( Stygt å le av deg syns eg! Trur skona dine va svarte!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s