FØKK MAI LAIF

På ein ganske vanleg sundag kan eg sitje i timar på jenteforum eller sjekke ut trendtoppen på kk.no, men idag vil eg ikkje, eg vil gjera noko anna. Nei, eg har allereie sjekka ut jenteforum og trendtoppen, så no har eg ingenting å gjere på. No byrjar straks tett på Courtney Cox eller noko, det blir kjekt. ÅRH, eg er irritabel idag, kjøp noko snop til meg! Søk på namnet mitt på 1881.no og kom oppom med godteri.

SEXY

Yo, I´ve got an old hat.

Ok, 15 dagar utan blogging. Femten rare og tunge dagar. Blant dei tunge stundane, har Kaizers Orchestra lyst opp litt, og spelt i Grieghallen. Deilig, fint, vakkert, fantastisk og magisk. Veldig magisk. Morten Abel var prikken over i´en, med sin tilstedeværelse på Prosessen, Rullett og Sonny. Han spelte óg Hans of the lords, frå si tid i Peltz. Endeleg fekk eg høyra Tokyo Ice Til Clementine live, og den var fantastisk. Det augonblikket eg trudde at konserten ikkje kunne bli betre, annonserte Sjakalen at det vert ein konsert i Oslo Spektrum april 2011. TO dagar etter eg er vorten 18 år, så det blir min fyrste konsert utan min far. Og i den vakre hovudstaden attpåtil. Uansett, konserten i Grieghallen var nydeleg, men alle mine flotte sjukdomar, så hadde ikkje eg den same mengden energi som eg har hatt før. Med ein svett, ekkel og full mann vedsida av meg, fann eg ut at det vart til det beste å bevege seg bakover i mengden, istaden for å besvime. Men, konserten var nydeleg.

Akkurat no sit eg i senga, ser på Christine og er lukkeleg fordi eg har kjøpt meg ei fiskehatt som passar hovudet mitt PERFEKT! Sumaren og fiskinga kan berre kome! Ja, eg kjøpte meg óg eit par tennisrackerta. Faktisk ein bunad og ei toalettveske i tillegg. Ja, bunad til den jenta eg skal få når eg vert stor, eller større. Vaksen, heiter det vel. Hehehe, eg kjøpte ein bunad. Verdens beste venn, Anne-Cecilie fekk meg faktisk til å ta hol i øyrene! Og nei, eg har aldri hatt hol i øyrene før. No er eg ferdig.

Kva er meininga med livet?

Meininga med livet er lite meir enn det du gjer sjølv. Du bestemmar det meste av det som skjer i livet ditt. I grunnen er ikkje meninga med livet meir enn du gjer det til. Livet byrjar rimeleg keisamt, du får ikkje bestemme noko som helst i byrjinga. Alt blir avgjort for deg, og dine meiningar har altfor lite å seia. Hadde eg hatt styringa over ein liten gut som ikkje fekk tatt del i ein einaste ting i livet sitt fram til han var 18, hadde eg latt han rømma.

«Livet er et spill, hvor du har en stor kortstokk. Meningen er å spille kortene som du selv synes er best. Av og til vinner man tilbake kort andre ganger minster man noen.» – Ukjent

«Så meningen med livet er å gjøre det beste ut av det. En ny dag kommer i morgen og verden vil forstatt være her om du ikke er her, bare at du ikke får føle hvordan den blir og er.» – Ukjent

For å få eit nokså verdig liv med meining, må ein etter fleirtalets meining ha utdanning. 10 år med grunnskule, og for å få utdannelse må ein fortsette med meir skule. Meir og meir og meir. I nokre yrker finst det ikkje eit stopp-skilt for denne jævla utdanninga. Ein kan alltid plusse på meir kunnskap. Hvis ein droppar ut av utdanninga halveis, blir ein sett på som ein tapar. Og grunnskulen kan i seg sjølv vera eit helvete for altfor mange. Mobbing gjer livet lite verdt å leva for mange, og kan føre til at dei ser på skule som eit tapt prosjekt frå byrjinga av.

Vel, så byrjar livet. La oss sei at du har fått deg ein bra jobb etter mange års arbeid på skulebenken, men du har eit helvetes studielån som skal nedbetalast. Det tek lang tid, og i mellomtida skal du få deg hus, kone, barn. For å få eit hus til ei rimeleg penge, er «landet» som oftast det beste valet. Men, den jobben du har utdanna deg til er i byen! Så kanskje du må ta til takke med ein middelsmådig jobb som du hatar og det tek lang tid før du tjenar opp pengar til å flytte til byen og få jobb i drøymeyrket.
Ein skaffair seg ein partner, om ein ikkje har gjort det allereie, og får eit fleirtal med born, som ein kjem til å bekymre seg for resten av livet. Bra skule, rette vener, og halde seg vekke frå alkohol og narkotika. Med born fylgjer det med ein haug med utgifter. Alt som er morosamt må betalast ekstra for, ekstra pengar ein ikkje har, fordi dei går til hus, studielån, borna, billån og alle dei kvardagsutgiftene. Som forelder kan ein sjå langt etter ein fest ein laurdagskveld. Om det hender, må den planleggjast i lang tid.

Men ei annar meining kan vera å føla, føla alt som skjer rundt oss. Alt som skjer vert me påvirka av. Kvifor folk som kun opplever smerte, velgjer å leve vidare, er for meg eit stort spørsmål. Kanskje nokon likar sjølve smerten, medan andre lev i håpet om at alt blir betre ein dag. Uansett kva ein vel, vel ein det grunna at så lenge ein følar, så er ein levande. Alle er redde for å føla seg verdilause, og i frykten for å bli motbevist det faktum at livet er håplaust, så prøver flesteparten å leva vidare. Mange meinar at livet er det du gjer det til sjølv, men korleis kan eg seia at ein person som kun har opplevd smerte at ein skal leva i håpet om at dei gode kjenslane kjem snart? Nei, hvis ein alltid lev i håpet, blir ein tilslutt skuffa når realiteten slår inn.
Meininga med livet er å utvikla seg. Utvikla seg til eit menneske, eit betre menneske for kvar dag som går. Ein skal læra mest mogleg og hjelpe medmennesker. Når ein dør, blir ein borte. Ein fell inn i ein djup søvn som ein aldri vaknar frå. Ein får ikkje fleire sjangsar enn den eine du får når du blir født. Folk kan seia at kvart menneske får uendelege sjangsar, og kan prøva å forbetra seg for kvar sjangse ein får. Men det er for meg berre tull, éin sjangse er det ein får, og det ein treng.
Den største lukka ein kan ha, er kjærleik. Materialistiske ting gjer rask lukke, men den går fort over, og ein følar seg like tom etterpå. Ein får aldri veta svaret på dei verkeleg viktige spørsmåla i livet, kvifor skal ein no det då? Hadde eg fått svaret på dei spørsmåla, hadde eg fortalt det til mennesker i den yngre generasjon, og då hadde dei sluppet å tenkt på desse spørsmåla, og den glede unnar eg faktisk ingen. Alle har godt av å gruble, sjølv på uendelege spørsmål. Desse spørsmåla kan ein finne eigne svar på, det er ikkje vanskeleg.
Andre meinar at meininga med livet er å leve i nuet. Setje pris på alt det som skjer akkurat no. Glade mennesker, frisk luft, kvitrande fuglar og god musikk. Akseptera at ein ikkje veit kva som skjer i morgon, og leggje bak seg det som skjedde i går. Det er tull. Eg vil veta kva som skjer i morgon, eg vil ikkje leggje bak meg det som skjedde i går. Eg vil ha svar på kvifor det som skjedde i går skjedde. Eg set ikkje så stor pris på glade mennesker som eg kanskje burde ha gjort. Vera tilstedet 100& akkurat der ein er. Livet treng ikkje gje ei tydleg meining i seg sjølv, men me kan faktisk bestemma oss for at livet har ei meining. Når ein seiar at me ikkje får andre svar enn det naturen gjer oss, undrar eg kvifor menneske gjer altfor mykje for å forurense denne vakre naturen. Naturen gjer meg ikkje eit einaste klokt svar når den er stygg og grå. Fortid og framtid eksisterar ikkje andre stadar enn i hovudet vårt. Jo, no eksisterar den på internettet. Har de ikkje sett alle 3D bileta dei har mekka til oss? For å få sjå korleis verda vert om 30 år. Og fortida ligg overalt.

Er kjærleiken er ein grunn til å leve? Ikkje når den sårar altfor mykje.

Skrivesperra?

Nei. Ikkje som eg har lagt spesielt merke til, kanskje det berre er lysten som er vekke? Av og til kan eg ynskje at denne bloggen var anonym, så kunne eg ha skrevet om meir personlege ting. Eg veit ikkje kvifor, men for ein eller annan grunn, så har eg lyst å dele innerste tankar med den vide verda. Sjølv om det meste heilt sikkert hadde blitt misforstått, uansett.

Forresten, livet er ikkje verdt å leve. Eg har vore dau. Har du? Denne runde kloden som me lev på er ein ond plass. Fullt av onde og slemme folk, stygge idiotar som har som mål å fucke opp livet til sine medmennesker. Idiotar som ikkje kan kallast mennesker. Vesner som har det fint, eg hatar folk som har det fint. Dei kan søren meg ta seg ein bolle. Nei, dei kan ta seg ei tørr skjeva. Bollar er for mennesker. Eg er eit sint menneske og eg likar ikkje blide mennesker. Folk kan leike blide, men ingen kan få lov å vera skikkeleg blide. Eg likar ikkje mennesker. Heller ikkje vesen. Til tider, så ser eg meg sjølv i spegelen og slår meg sjølv i hovudet. Seriøst. Nokre gongar treng eg eingong ikkje å sjå i spegelen. Eit par gongar har eg faktisk slått meg sjølv på kneet, uansett om eg veit det gjer heilt for jævleg vondt. Eller så trykkar eg hardt på ankelen min, for det gjer ekstra vondt. Men det er som oftast hovudet det går utover. Fordi eg har fått for meg at det er ingenting som kan gjerast for å redde det forskrudde hovudet mitt som har ein innebygd hammar som hamrar konstant. Faen, slutt og smil. Eg riv meg i håret óg. Men det fell aldri av, og det er eg glad for. For eg sparar til langt hår, det har eg gjort i eit heilt halvt år. Men håret veks så treigt at eg vurderar å klippe bob. Men eg trur faktisk ikkje eg hadde kledd det. Kanskje eg skal barbera meg på eine sida, og så lignar eg på Rihanna. Pluss sånn hanekam då. Seriøst, eg hadde vore flau om eg hadde heitt Hanekamhaug til etternamn. Fy faen, folk som skriv feil irriterar meg grenselaust. Folkens, lær dykk å skriv. For faen. Og ja, eg har gjedd opp nyttårsforsettet mitt. Har ALDRI skjønt vitsen med å vera positiv, og når eg skal vera negativ, så er det ikkje vits i å slutte og banne. Eg har kjøpt meg nye sko. Og om snøen aldri forsvinn, får eg ALDRI moglegheit til å bruke dei. Eg blir så inni helvete forbanna. På fredag skal eg på konsert. Dét er eg positiv til, med god grunn. Og laurdag er det dans, men fuck life. Det blir aldri vellukka uansett, så håpet er igrunn forsvunnet allereie. Er det stygt å tenke at eg skal kaste ei dartpil i bakhovudet på ein stor, stor idiot? Neivel, flott. Eg tenkjer framleis berre. Eg kunne ALDRI i verda funnet på å gjera noko sånt, eg er jo ikkje slem. Eg slår berre, og dyttar. Dette er ikkje dei innerste tankane mine.

Aldri, aldri, aldri, aldri, aldri, aldri, nei aldri, skal eg finne på å bli altfor positiv til noko. Tenk kva faenskap det kan føre til. Og alle veit kva faenskap førar med seg. Krig. Krig mellom nordmenn. Og krig i Noreg mellom nordmenn er faen ikkje trygt. Eg hadde rømt til Vancouver, men det er jo faen meg nordmenn overalt. Sinnet bygg seg sakte men sikkert opp. Eg rømmar til Finland. Ja, Finland. Der er det heilt sikkert trygt. Og der får eg endeleg moglegheita til å lære meg finsk. Eg har ALLTID hatt lyst til å lære meg det. Men eg kjem nok aldri til å lære meg det. Krig ja, eg likar igrunn ikkje krig. Krig er faen meg skummelt. Tenk om det bryt ut 3.verdskrig då? Då hadde det nok vorte leven i verda. Det har vore litt stille ei stund no. Eg syntes det var kjempe leven då Moland og French laga spenning i Kongo, eg. Men krig, det er skummelt.

Verda i seg sjølv er skummel. Alle landa. Det er mange land. Kor mange land er det eigentleg? Eg har aldri tatt meg tid til å telje, men eg trur det er mange. Det er mange ekle land, i følge meg. Sånn som Ukraina og Hellas. Eg får frysningar av å berre skrive namna på landa. Eg likar ikkje Hellas på grunn av Mamma Mia. Ukraina har eit såpass stygt namn at eg reknar med at landet er stygt. Eg trekk så absolutt ikkje konklusjonar ut av lufta. For lufta er forurensa, og det er ikkje tankane mine. Dei er riktignok skitne, men ikkje forurensa. Og folkens, gje faen i å vera positiv. Det har aldri og kjem aldri til å kome noko godt ut av det.

Skal eg fortelje kvifor det er betre med håndball enn fotball på tv? Neivel, men eg gjer det likevel. Ein får faktisk sjå mannfolka på nært hald. Og kvinnesport er berre tragisk. Og eg hadde betalt ein liten slant for å få sett ein håndballkamp nett no. Ein kamp der Frank Løke faktisk får spela litt, og Kjelling jekkar seg ned og spelar ilag med dei andre. Og Tvedten IKKJE bommar på straffar. Det hadde vorte ein fin kamp. Hadde toppa kaka hvis Løke hadde drusa på med ein dans på slutten. Perfekt. Han dansar jo sjølvsagt ikkje fordi dei vann kampen, men fordi eg sa han skulle gjere det. Og når eg ber Frank om noko, så gjer han det. Eg lærte han det på eit kurs, og jaggu meg så er han ein lydig gut. (eller mann, eg skal finne ut av det i næraste framtid)

Katten vår eg gravid, jippi! Og det er heilt sikkert mange som har lyst på kattungar no midt på vinteren! Skriv ein kommentar hvis ynskje er stort nok. Og du må skrive kor stort ynskje faktisk er, eg er ikkje tankelesar om det var det du trudde! Dykk misforstår alt, eg blir forbanna. Faktisk så har eg ein kropp som fungerar heilt for jævlig dårleg. Venstre ankel er framleis lite funksjonell, høgre kne er det noko alvorleg gale med, korsryggen har fått seg ein støyt, nakken og skuldrane er stive som faen og hovudet er som alltid, ØYDELAGT. Resten er OK. Eg drikk framleis mykje vatn, det var ein del av dykk som har sakna vatnet litt. Men her kjem det, i litervis. Vatn,vatn, vatn og vatn. Og SOLO. Til tider mjølk. Det hender eg drikk juice når eg et leverpostei eller nugatti. Helst nugatti.

Ein skulle trudd at fjortissar irriterte meg mest av alt på denne jord, men nei. Eg blir meir irritert på dårlege burgarar. Men eg et ikkje burgarar. Eg fekk ein burger av pappen då eg var på skulen ei heil veka eingong. Men eg har ikkje vore på skulen 5 dagar på rad sidan det, for skulen sug. Men eg åt ein dårleg burger då me var på veg nordover, den var ganske ekkel, den smakte såpe. Vask dykk for faen! Og ja, skyll godt av etterpå! Dumbass. Og eg kjem aldri til å ha eit ryddig rom igjen. Because she said it. Eg eig ikkje sjølvdisiplin, og sidan eg ikkje fann det på bruktbutikken nedi høgget her, så har eg gjedd opp jakta. Kva faen skal ein med det uansett? Folk med sjølvdisiplin unnar seg aldri dyre klær eller masse sjokolade. Eg unnar meg ikkje dyre klær, dei er som oftast altfor billige til at dei er laga av god kvalitet. Eg er dum, så det blir helst mykje sjokolade. Sjokolade og dårlege kvinnemagasiner med upåliteleg informasjon som eg lika godt kunne ha funnet på kk.no.

No nærmar våren seg og eg gler meg. Eg gler meg kjempemasse til å vise fram dei bleikfeite leggane mine når eg går i shorts fordi eg trur det er varmt nok til det. Eg gler meg spesielt til 17.mai. Fordi eg har på kjensla at det vert den verste nasjonaldagen på fleire tiår. Eg gler meg faktisk til eg skal på festival med to venninner, fordi eg har ikkje peiling på når det vert, og kva festival det vert i det heile. Spennande, veldig spennande. Eller spanande, alt etter ynskje. Eg har vondt i lysken når eg går, så eg går minst mogleg. Eg gjer ting minst mogleg, bortsett frå å sjå på tv, det gjer eg mest mogleg. Livet er ei blindgate, og det veit alle. Men gje no grei faen i å lukk augo og lat som du ikkje ser det. Fytti faen, så mykje dritt eg har skrevet til no. Eg visste at eg hadde mykje på hjarta, men at eg hadde så mykje dritt og faenskap på hjarta hadde ingen trudd. Skulle ynskja eg kunne ha sagt alt dette i staden for å skrive dette på denne innelukka og patetiske bloggen. Men ingen hadde gadda å høyrt på dette uansett, dei fleste hadde lukka øyro og sett på han kjekke guten så sat på sidebordet, medan dei nikka så eg skulle trudd dei høyrte på meg. Faen ta folk, det er med god grunn at eg hatar folk.

Friheit i eit fengsel, syng John Olav Nilsen med den rare gjengen sin. Friheit i eit jævla fengsel? Idioti på høgt nivå, alle som er i fengsel er blitt robba for alle formar for friheit. Det er ein forbanna grunn til at dei er satt i fengsel. Har nokon lagt merke til kor mykje DRITT eg har skrevet så langt? For det er mykje dritt, og veldig, veldig lite interssant og kjekt. Kvifor skal eg skrive kjekke ting, som folk bryr seg om? Det blir for jævlig dumt. Folk er for jævleg dumme. Nesten lika dumme som meg, for eg er ikkje det minste smart, eg er sikkert definisjonen på dum. Men eg har iallefall ikkje så jævla mange skrivefeilar. Om ein kallar banneord for skrivefeil, DÅ er ein dum då! FAEN.

Aldri i helvete om eg skal få meg UGGS. Faen ta folk som går med dei faen så stygge skodna. Folk med stygge sko er dumme. Skikkeleg dumme. Det er difor eg går med tynne, kvite sko med tjukkelabbar i no. Eg tenkjar at dei er passelege til denne tida av året. Når eg kjøpte dei ein eller annan plass mellom Trondheim og Tromsø, så følte eg at desse, desse passar perfekt på vinteren. Så brukte eg dei resten av sumaren og hausten. Eg er ALLTID så einig med meg sjølv. Og det er det som er så flott med meg. Ein av tingene som dei få tingene som er fint med meg. For eg er som oftast stygg. Stygg og fæl, finst ikkje kjekk. Om eg er kjekk, er eg falsk. Og er eg falsk er eg stygg. Men jaggu, eg er jo kjekk allikavel.

Le av meg akkurat NO, fordi eg har skrevet nesten to tusen ord om heilt uinteressant ting. Eg følar de bør lese dette veldig nøye, for eg har sete og skrevet i sikkert eit par timar. Medan eg høyrte på den musikken eg skreiv om i forrige innlegg. Spring ein tur, det skal ikkje eg.

du vett alt, alt som skjer. du plukke meg opp når eg har ramla ned, får meg trygt i land når eg har ramla i havet.

Natt til laurdag. 01.39 står det nederst i høgre hjørne på dataen. Pink syng om problemar i familien i songen Family Portrait. Eg er så utruleg trøytt, nesten så eg skjemst. Dagen idag har ikkje vore spesielt interessant. Eg stod opp vel utpå dagen, pappen var på jobb, mine syskjen var for lengst kome seg vekk. Så eg stod opp i fred og ro, seint. Seinare på dagen reiste eg og pappen på handel, så reiste me til Ålvik med dataen og diverse til bror min som skulle på lan, i Ålvik ja. Eg reiste lika greitt opp til Andrea, for å slappe av og ta igjen det tapte. Med andre ord ein å sjå på tv med. Fekk lov å varma maten min, og eg fekk tilogmed brus der! Uansett, reiste til slutt heim. Og her sit eg.

Klin edru idiot på høge hælar på glattisen. Godt eg har gode venar som held meg i handa i staden for å ta bilete!