Kva er meininga med livet?


Meininga med livet er lite meir enn det du gjer sjølv. Du bestemmar det meste av det som skjer i livet ditt. I grunnen er ikkje meninga med livet meir enn du gjer det til. Livet byrjar rimeleg keisamt, du får ikkje bestemme noko som helst i byrjinga. Alt blir avgjort for deg, og dine meiningar har altfor lite å seia. Hadde eg hatt styringa over ein liten gut som ikkje fekk tatt del i ein einaste ting i livet sitt fram til han var 18, hadde eg latt han rømma.

«Livet er et spill, hvor du har en stor kortstokk. Meningen er å spille kortene som du selv synes er best. Av og til vinner man tilbake kort andre ganger minster man noen.» – Ukjent

«Så meningen med livet er å gjøre det beste ut av det. En ny dag kommer i morgen og verden vil forstatt være her om du ikke er her, bare at du ikke får føle hvordan den blir og er.» – Ukjent

For å få eit nokså verdig liv med meining, må ein etter fleirtalets meining ha utdanning. 10 år med grunnskule, og for å få utdannelse må ein fortsette med meir skule. Meir og meir og meir. I nokre yrker finst det ikkje eit stopp-skilt for denne jævla utdanninga. Ein kan alltid plusse på meir kunnskap. Hvis ein droppar ut av utdanninga halveis, blir ein sett på som ein tapar. Og grunnskulen kan i seg sjølv vera eit helvete for altfor mange. Mobbing gjer livet lite verdt å leva for mange, og kan føre til at dei ser på skule som eit tapt prosjekt frå byrjinga av.

Vel, så byrjar livet. La oss sei at du har fått deg ein bra jobb etter mange års arbeid på skulebenken, men du har eit helvetes studielån som skal nedbetalast. Det tek lang tid, og i mellomtida skal du få deg hus, kone, barn. For å få eit hus til ei rimeleg penge, er «landet» som oftast det beste valet. Men, den jobben du har utdanna deg til er i byen! Så kanskje du må ta til takke med ein middelsmådig jobb som du hatar og det tek lang tid før du tjenar opp pengar til å flytte til byen og få jobb i drøymeyrket.
Ein skaffair seg ein partner, om ein ikkje har gjort det allereie, og får eit fleirtal med born, som ein kjem til å bekymre seg for resten av livet. Bra skule, rette vener, og halde seg vekke frå alkohol og narkotika. Med born fylgjer det med ein haug med utgifter. Alt som er morosamt må betalast ekstra for, ekstra pengar ein ikkje har, fordi dei går til hus, studielån, borna, billån og alle dei kvardagsutgiftene. Som forelder kan ein sjå langt etter ein fest ein laurdagskveld. Om det hender, må den planleggjast i lang tid.

Men ei annar meining kan vera å føla, føla alt som skjer rundt oss. Alt som skjer vert me påvirka av. Kvifor folk som kun opplever smerte, velgjer å leve vidare, er for meg eit stort spørsmål. Kanskje nokon likar sjølve smerten, medan andre lev i håpet om at alt blir betre ein dag. Uansett kva ein vel, vel ein det grunna at så lenge ein følar, så er ein levande. Alle er redde for å føla seg verdilause, og i frykten for å bli motbevist det faktum at livet er håplaust, så prøver flesteparten å leva vidare. Mange meinar at livet er det du gjer det til sjølv, men korleis kan eg seia at ein person som kun har opplevd smerte at ein skal leva i håpet om at dei gode kjenslane kjem snart? Nei, hvis ein alltid lev i håpet, blir ein tilslutt skuffa når realiteten slår inn.
Meininga med livet er å utvikla seg. Utvikla seg til eit menneske, eit betre menneske for kvar dag som går. Ein skal læra mest mogleg og hjelpe medmennesker. Når ein dør, blir ein borte. Ein fell inn i ein djup søvn som ein aldri vaknar frå. Ein får ikkje fleire sjangsar enn den eine du får når du blir født. Folk kan seia at kvart menneske får uendelege sjangsar, og kan prøva å forbetra seg for kvar sjangse ein får. Men det er for meg berre tull, éin sjangse er det ein får, og det ein treng.
Den største lukka ein kan ha, er kjærleik. Materialistiske ting gjer rask lukke, men den går fort over, og ein følar seg like tom etterpå. Ein får aldri veta svaret på dei verkeleg viktige spørsmåla i livet, kvifor skal ein no det då? Hadde eg fått svaret på dei spørsmåla, hadde eg fortalt det til mennesker i den yngre generasjon, og då hadde dei sluppet å tenkt på desse spørsmåla, og den glede unnar eg faktisk ingen. Alle har godt av å gruble, sjølv på uendelege spørsmål. Desse spørsmåla kan ein finne eigne svar på, det er ikkje vanskeleg.
Andre meinar at meininga med livet er å leve i nuet. Setje pris på alt det som skjer akkurat no. Glade mennesker, frisk luft, kvitrande fuglar og god musikk. Akseptera at ein ikkje veit kva som skjer i morgon, og leggje bak seg det som skjedde i går. Det er tull. Eg vil veta kva som skjer i morgon, eg vil ikkje leggje bak meg det som skjedde i går. Eg vil ha svar på kvifor det som skjedde i går skjedde. Eg set ikkje så stor pris på glade mennesker som eg kanskje burde ha gjort. Vera tilstedet 100& akkurat der ein er. Livet treng ikkje gje ei tydleg meining i seg sjølv, men me kan faktisk bestemma oss for at livet har ei meining. Når ein seiar at me ikkje får andre svar enn det naturen gjer oss, undrar eg kvifor menneske gjer altfor mykje for å forurense denne vakre naturen. Naturen gjer meg ikkje eit einaste klokt svar når den er stygg og grå. Fortid og framtid eksisterar ikkje andre stadar enn i hovudet vårt. Jo, no eksisterar den på internettet. Har de ikkje sett alle 3D bileta dei har mekka til oss? For å få sjå korleis verda vert om 30 år. Og fortida ligg overalt.

Er kjærleiken er ein grunn til å leve? Ikkje når den sårar altfor mykje.

Advertisements

9 thoughts on “Kva er meininga med livet?

  1. Andrea seier:

    Du skriv kanon bra!! Eit innlegg om meininga med livet e kanon å lesa!!:D
    Eit av mine fav’s so langt ..!Virkelig..

    Det er ikke hva du gjør med livet som har noe å si, men hvordan du gjør det!.»

    xx Andrea

    xoxox

  2. Sigbjørn seier:

    djup du! so lange skriveri lese eg sjelden på nettet, faktisk, men enkelte ting fortene å bli lest.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s