Yo, I´ve got an old hat.


Ok, 15 dagar utan blogging. Femten rare og tunge dagar. Blant dei tunge stundane, har Kaizers Orchestra lyst opp litt, og spelt i Grieghallen. Deilig, fint, vakkert, fantastisk og magisk. Veldig magisk. Morten Abel var prikken over i´en, med sin tilstedeværelse på Prosessen, Rullett og Sonny. Han spelte óg Hans of the lords, frå si tid i Peltz. Endeleg fekk eg høyra Tokyo Ice Til Clementine live, og den var fantastisk. Det augonblikket eg trudde at konserten ikkje kunne bli betre, annonserte Sjakalen at det vert ein konsert i Oslo Spektrum april 2011. TO dagar etter eg er vorten 18 år, så det blir min fyrste konsert utan min far. Og i den vakre hovudstaden attpåtil. Uansett, konserten i Grieghallen var nydeleg, men alle mine flotte sjukdomar, så hadde ikkje eg den same mengden energi som eg har hatt før. Med ein svett, ekkel og full mann vedsida av meg, fann eg ut at det vart til det beste å bevege seg bakover i mengden, istaden for å besvime. Men, konserten var nydeleg.

Akkurat no sit eg i senga, ser på Christine og er lukkeleg fordi eg har kjøpt meg ei fiskehatt som passar hovudet mitt PERFEKT! Sumaren og fiskinga kan berre kome! Ja, eg kjøpte meg óg eit par tennisrackerta. Faktisk ein bunad og ei toalettveske i tillegg. Ja, bunad til den jenta eg skal få når eg vert stor, eller større. Vaksen, heiter det vel. Hehehe, eg kjøpte ein bunad. Verdens beste venn, Anne-Cecilie fekk meg faktisk til å ta hol i øyrene! Og nei, eg har aldri hatt hol i øyrene før. No er eg ferdig.

Advertisements

One thought on “Yo, I´ve got an old hat.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s