Livet er om filmstjerner, og mindre om mødre.

No er me godt ut i påskeferien, og eg har endå ikkje gjort noko interessant. Men om dykk finn påskeegg-måling interessant, så har eg vore veldig aktiv på det området. Idag har eg hungra etter vener å vera med, men ingen ville vera med meg. Men til slutt fann eg nokon eg kunne pressa meg på. Og idag byrja det attpåtil å snjoa! Akkurat nok til at det la seg fint i vegen, her oppe på fjellet vel og merka. No har det vore eit ras i nærheita av der venninna mi er på hyttetur – skummelt! Håpar alt går bra, har endå ikkje fått svar på sms eg sendte, men håpar det er heller mangel på dekning. Fekk forresten svar; alt bra 🙂 Hihi

No nærmar klokka seg midnatt, og eg har spesiell farge på neglakken. Eg er trøytt og medisinen er ikkje tatt. No er den. Eg et opp dei gode karamellane pappen har kjøpt, medan eg høyrer på p3. Frys noko inni helvete på tedna, gjere eg óg. JAA, no har eg overtalt mine småvenna om å vera med meg i morgon! Jess, dei droppa meg idag, så eg trur dei følte eit visst press. Eg har fått tak i is, sånn at dei berre må opp her.

Åh, det er så fin musikk på p3. No har eg akkurat tatt på omnen på rommet, i håp om å få litt varme til eg tek kveld. Eg har bestilt kle på nettet idag, high five. Knipseknipse. Herregud, no skulle eg akkurat til å fortelje ein fin historie til dykk, men eg blei distrahert av alle som sa god natt på msn! Idiotar, me har ferie! Kan faaaen ikkje vera so vanskeleg å forstå at då skal ein vera oppe minst halva natta! Men, eg trur faktisk at eg bør leggja meg før eg byrjar å sjå Home and away på youtube att. Og ja, eg ser det på youtube, enkelt og greit. Heilt konge kvalitet, serr.

Herreguuuuud, no skal eg sjå gjennom bileter på trendtoppen på kk.no. Det er eit heilt ok teikn på at det er på tide å leggje seg, eller at eg er over middels interessert i IDIOTI.

.-:–.=

Klokka er passert 21.00 og det er framleis Earth Hour. Alle lysene i huset er slukka, men me har framleis datamaskinene på. Eg for min del, lar dataen leva på batteriet enn så lenge. Eg et sjokolade. Eg drikk  Solo og vatn. Eg har påskeferie, og eg har reist opp på fjellet til min kjære far. Eg er veldig klar for ein kosleg påske saman med familie og vener. I byrjinga av veka skal eg nok mala påskeegg saman med min kule støttekontakt og mi tante, trur eg. Eg skal vel óg turan inn på Fykse ein dag, etter gamalt. Dra med meg to normale folk frå Øystese, for å vera med dei spesielle folkene på Fykse. Håpar dei framleis er lika kjekke, det er vel eit godt år sidan sist. Og forresten, eg har bursdag neste onsdag, då vert eg sytten år. Det er eit keisamt tal, og eg kunne helst vore forutan den. Neidå, jodå. Eg undrar på om eg skal feire den, berre for å føle meg eit år eldre. Eller for å få pakkar. Mange pakkar eller mykje pengar. Neialso, eg har ynskja meg ei fotball-drakt til bursdagen, og eg har fått mammo til å avsløra at ho har kjøpt ei til meg. Lukke. Oi

Idag vann Øystese over Brann 2. Deilig siger og siste kamp på Øystese stadion før sesongen startar og me må spela på ein annan bane som er stor nok for den vakre 3.divisjonen me har havna i. Kampane vert mest sannsynleg spelt i Norheimsund. Nedtur, men 3.divisjon er opptur. Røberg scora vakkert for Øystese idag, før Hesjedal sat inn det andre målet på straffe. Men Brann kom tilbake, og fekk satt inn ei redusering mot slutten.  Det var ein god del folk som hadde møtt opp så tidleg på dag i det finet véret, og det lovar bra for sesongen!

No prate eg forresten med 5 stykker i eit sleikeins samtalerom på msn. Totalt idioti. Gamalt bilete forresten.

Kontroversielt?

Måndag var eg i Øystese Barnehage på ein slags utplassering, det var faktisk utruleg kjekt. Men tysdag, då eg óg skulle vera på utplassering, var eg jo då sjølvsagt sjuk. Ein skalle som sa takk for seg og tett opp til anklane. MEN, etter påsken blir mest sannsynleg barnehagen att, og eg gler meg. Då er jo våren endå nærare, om ikkje her, og då kryssar eg fingrane og håpar på skinande sol! Elles har me hatt besøk av mitt syskjenbarn og hennar son, og det er veldig kjekt. Idag var faktisk eg og mine flotte støttekontakt på tur, me køyrte kjerra! Det var morosamt, sjølv om det regna og me fekk hestehår i fjeset. Ja, det er faktisk praktisk og kult med støttekontakt. Ho får pengar for å vera med meg, og me er liksom «best budds», så ho kan ikkje unngå å vera rundt meg. Ihvertfall ikkje når me er naboar og ho må ha ein plass å vaske dei skitne kleda sine.

Eg har endeleg funnet ut kva land min framtidige ektemann skal kome frå. Irland. Eller, republikken Irland. Kanskje ektemenn.

Those irish guysOm to veker blir eg sytten, unødvendig tal. Eg gledar meg SÅÅ mykje til eg blir atten. Då skal eg kjøpe meg ØL. Eg skal tilogmed drikke desse ølene mine. Eg forventar gratulasjonar i tital og ei kake frå deg moOor. No er det jo straks påskeferie, og det gler eg meg veldig til, eg er skikkeleg sleten etter mykje skule og slit. Eg er så seriøs og smart eg, difor –> god forbanna natt.

Mikromarc 2 Websøk

15.mars. 19.57

Eg sit i senga. Hotel Cæsar har eg akkurat sett på. Ventar i spenning på Farmen. Har utruleg vondt i hovudet. Drikk vatn.

15.mars 20.04

No er Farmen begynt, og eg syntes det er moro. Spesielt når Bente har reist heim, og Tone Gudrun er att. Nei, ho er teit. Oi, no fekk eg akkurat veta at eg skal opp før klokka er sju. Skal nok til Bergen ja, det blir moro. Så eg trur eg skal leggje meg etter Farmen.

15.mars 20.09

Idag har eg vore i Norheimsund, på ein liten visitt til Andrea som var på jobb. Etter det reiste eg rett opp til Wenche Helen, for å spele eit par rundar Buzz, som eg tapte i. Eg er overraskande dårleg. Så reiste eg heim for å ete kjøtdeig og spaghetti, før eg reiste ned på hotellet å bada saman med to søte jenter. Så no er eg trøytt, og det blir tidlegtidleg seng.

15.mars 20.14

Eg skal forresten byrje på sjukehus-dietten i næraste framtid. Det blir interessant. Mon tru om eg går ned 7 kilo på ei veke? No, Farmen.

Hahahahaha. Eg er ganske tragisk om eg skal få sei det sjølv, så dykk skal sleppe og skrive det. Og dette bilete er gamalt.

Guess what..

God kveld, folkens. Gjett om eg skal vera positiv eller negativ i dette innlegget. Hah, du tok feil. Eg har veldigveldig vondt i ryggen, høgre kne, venstre ankel og mitt vakre hovud. Neste tysdag skal eg på Haukeland på eit eller anna hjarte-stuff. Etterpå skal eg til tanta til mor mi, og prøve ut diverse ting. Og jaaa, eg har framleis eit håp om at hovudet mitt skal slutte og vera imot meg, heila tida. Eg trur faktisk eg er på mitt tredja år med tensjonshodpine no. Eller andre, uansett. Eg har vondt i ryggen, grunna ein idiot.

Eg trur faktisk at eg skal på folkehøgskule til neste år, men eg veit ikkje kva skule eg skal velgje. For vanleg skule blir det ikkje snakk om, nettstudiar hadde aldri funka og jobbing er eit kapittel for seg sjølv. Årh, eg har eigentleg ikkje lyst å klaga over ting, fordi det er så mange andre so slit meiur enn meg, på alle måtar. Nei, no skal eg sjå Farmen, fordi eg er kul.