Livet er om filmstjerner, og mindre om mødre.


No er me godt ut i påskeferien, og eg har endå ikkje gjort noko interessant. Men om dykk finn påskeegg-måling interessant, så har eg vore veldig aktiv på det området. Idag har eg hungra etter vener å vera med, men ingen ville vera med meg. Men til slutt fann eg nokon eg kunne pressa meg på. Og idag byrja det attpåtil å snjoa! Akkurat nok til at det la seg fint i vegen, her oppe på fjellet vel og merka. No har det vore eit ras i nærheita av der venninna mi er på hyttetur – skummelt! Håpar alt går bra, har endå ikkje fått svar på sms eg sendte, men håpar det er heller mangel på dekning. Fekk forresten svar; alt bra 🙂 Hihi

No nærmar klokka seg midnatt, og eg har spesiell farge på neglakken. Eg er trøytt og medisinen er ikkje tatt. No er den. Eg et opp dei gode karamellane pappen har kjøpt, medan eg høyrer på p3. Frys noko inni helvete på tedna, gjere eg óg. JAA, no har eg overtalt mine småvenna om å vera med meg i morgon! Jess, dei droppa meg idag, så eg trur dei følte eit visst press. Eg har fått tak i is, sånn at dei berre må opp her.

Åh, det er så fin musikk på p3. No har eg akkurat tatt på omnen på rommet, i håp om å få litt varme til eg tek kveld. Eg har bestilt kle på nettet idag, high five. Knipseknipse. Herregud, no skulle eg akkurat til å fortelje ein fin historie til dykk, men eg blei distrahert av alle som sa god natt på msn! Idiotar, me har ferie! Kan faaaen ikkje vera so vanskeleg å forstå at då skal ein vera oppe minst halva natta! Men, eg trur faktisk at eg bør leggja meg før eg byrjar å sjå Home and away på youtube att. Og ja, eg ser det på youtube, enkelt og greit. Heilt konge kvalitet, serr.

Herreguuuuud, no skal eg sjå gjennom bileter på trendtoppen på kk.no. Det er eit heilt ok teikn på at det er på tide å leggje seg, eller at eg er over middels interessert i IDIOTI.

Advertisements

2 thoughts on “Livet er om filmstjerner, og mindre om mødre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s