Om eg har kjøpt meg tv?


Medan klokka sakte, men sikkert har vippa visarane over på nattestid, har eg ikkje gjort noko som fuckings helst. Eg har sett på rotet og eg har tenkt på rotet. Eg syntes synd på den som havnar på rom med meg på folkehøgskulen. Frå sofa til seng, Øystese tapte kampen idag. Nedsig, sidan eg reiste frå Øystese til ODDA for å sjå på kamp. Dette har vore ein lang dag, og eg er stappmett etter pizzaen eg og bror min laga før i kveld. Sidan eg har bevegd meg så mykje, så har eg sjølvsagt veldig vondt i det høgre kneet mitt. Eg har seriøse tankar om å bevege meg absolutt minst mogleg i framtida.

I går vart det eit par prosent innanbords, idag eit par mindre. Det er så utruleg keisamt å drikke når ein er under atten år. Eg kan ikkje skjøne at folk gjer det helg etter helg. Det finst ikkje morosamt å drikke på vors, og slutte når dei andre reisar ut. Det er nedsig det.

Noko anna som er nedsig er dette forbanna klimaet i Noreg for tida. Snjo, regn, hagl, sludd, sol og vind. Alt på eit par dagar. Og me er straks i mai. Eg har faktisk ikkje lyst å stå på ski på 17.mai.

Eg er óg sur på mi syster som brukar solkremen min, som er faktor 40, som fuktighetskrem. Eigentleg meir enn anbefalt mengde fuktighetskrem óg. Den dagen eg ikkje tek på meg hatten min, kjem håret mitt til å sjå fælt ut. Fordi eg har gått med hatt i eit par veker no, og eg trur faktisk håret mitt har blitt eit «hattehår». Interessant.

Vel, no er klokka halv to og eg har blogga i sikkert to og ein halv time. Me legg ved fleire bileter av meg, tatt for fem minuttar sidan.

Fine puppar og DRITKUL skjorta! Stolt supersupportar!

Kul utan sminke og med prikkete øyredobbar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s