Yoghurt, sjokolade, vatn og medisin.


Sidan det ikkje er så altfor mange personar som les denne bloggen, så kan eg med hånda på hjartet sei at Øystese har veldig mange kjekke fotballspelarar. Så om det er nokre spelarar som les dette; du er fin. Eg tenkjer det er kjipt for Norheimsund, som eigentleg ikkje har så mange fine spelarar. Men dei vinn ikkje uansett, så det gjer vel ingenting.

Forresten, i morgon skal eg tilbringa kvalitetstid saman med bestevenninna mi, Anne-Cecilie. Ho har flytta vekk på skule dette året, og eg reisar vekk på skule til hausten, så me må nytta tida. Eg skal lage middag til ho, men eg veit ikkje kva det vert endå. Har fått fleire forslag på Facebook.

Så, har de nokre andre forslag?

Ja, her i Øystese er vêret så stabilt at eg ikkje veit kvar eg skal gjera av meg. I går når eg var på jobb, snjoa det. No regnar det mykje. Heller regn enn snjo, har eg sagt dei siste månadane. «Me vil ikkje ha snø på 17.mai.» Det fekk eg ungane i barnehagen til å sei i går. Håpar det hjelp.

Snart seriekamp att. På sundag, dagen før dagen, skal Øystese spele mot Os 2 på Norheimsund Stadion. Ja, det er framleis lika surt å spele heimekamp på Norheimsund sin stadion. Det er meldt tretten grader og regn. Men det sinkar verken supportarane eller spelarane. Kampen på tribunen vert nok lika enkel som alltid, så der er det ingenting å bekymra seg over. Sundag klokka 14.00 på Norheimsund Stadion, møt opp!

Fantastisk trio. Frå venstre – Henrik Moen, Kristian Pettersson og Per Odnæsveen. 1-0 siger over Voss. Bilete lånt frå Øystese Fotballs facebook-side.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s