Og det er heilt normalt.


No er klokka straks halv fire, og eg har akkurat tatt på meg klede og ete frukost. Min far har reist til ingenmannsland for å hente bror min, og eg sit åleine i stova med katten vår. Eg lova faktisk min far å gå meg ein liten tur medan han var vekke, men det skjer ikkje. For eg er lat. Men den katten, den er faktisk ikkje så særleg fin, og den røytar heilt ekstremt. Og mjauar vilt når den ikkje får det som den vil. Det skjer meir i øyro enn han her:http://www.youtube.com/user/hitmanbreakeroftheye#p/u/149/nu3Loq8axps

Og det seiar kanskje litt. I natt sat eg åleine i stova (nok ein gong) og lo av han. Eg trur faktisk eg lo ganske høgt óg. For herregud, når han sit og syng så svingar han armar og bein i alle retningar. Han syng falskt og han kan ihvertfall ikkje teksten. Men det er underhaldning for oss andre idiotar som sit å ser på ein som opprinneleg er frå Filipinene, som syng coverlåtar midt på natta.

I går kveld sat eg og åt altfor mykje is og altfor mange kjeks, kosleg laurdagskveld. Seinare i dag skal eg på familiebowling saman med (trommevirvel) familien min! Men eg undrar på om eg berre skal sitje og ta bileter av dei. For fleire folk i familien min er ganske flinke til å bowle, og eg er på ein måte ikkje like flink.

Advertisements

One thought on “Og det er heilt normalt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s