why do you build me up

Eg er inderleg glad dette er min blogg der eg kan skrive mine eigne flotte setningar utan at nokon kan kreve noko anna. Då vel eg å skriva at eg har umenneskleg vondt i kneet mitt. Og i hovudet mitt. Eg pimpar innpå med paracet og det smakar framleis like fantastisk! MEN, eg var litt med kidsa til Mary idag, og eg tok no litt bileter som vanleg.

ås to i osjlo

Fredag 25 juni pakka eg klede og diverse ting, tok det med meg bort til eit hus, la det i ein sekk. Så reiste eg og ho som eig sekken, som tilfeldigvis er min betre halvdel, ned i eit buss-skur og venta på ein buss. Bussen kom, me sat oss inni. Bussen køyrte til endestasjonen og me gjekk ut. Me gjekk opp ein bakke, som var jævla tung, og inn på ein hybel. Der slappa me av og såg FOTBALL. Det var gudd, ass. Særleg med siger. Eg trur eg ELSKAR David Villa. Køddaaa, Fernando 4ever. Kvar var eg.. Jaa, så var det igrunn berre chilling før me tok med oss tinga og gjekk NED den bakken. Der tusla me oss inn på eit slekeins venterom, med mange rare folk. Blant anna to stk fulle, stygge karar. Og éin fin fyr. Nice piece of meat. Jaa, og toget kom heldigvis. Faktisk så hadde ei stykk stygg jenta tatt plassane våre. Då vart me arge og fann oss nye plassar. Framføre oss sat sjølvsagt nokre ungdomar(drittfolk), og i byrjinga var dei rolege, og me maste litt, og ho eina kjefta på oss. Hellemåne, seier berre eg. Men når me roa oss ned, og prøvde å sova, tok dei heilt av og bråkte ut av ein annan dimensjon.

Toget køyrte langt, og det enda i Oslo. Klokka var halv sju. Ja, 06.30. Me gjekk ut og menga oss med dei narkomane. Men dei var ikkje så pratsomme så tidleg på morgonen, så me forsvant nedover Karl Johan. Me gjekk og gjekk(ikkje langt), fann oss ein benk og fann fram kald pizza. Så åt me den, så gjekk me opp til Slottet, helste litt på diverse konglege, før me sat oss ned og blei brune. Ja, for me reiste frå skyer til heilt forbanna blå himmel. Seriøst, det var så utruleg digg. Eg drog fram den stilige vetle radioen min, og me høyrte på musikk i eit par timar. Så fann me ut at me var lei av å sitja framføre slottet og sjå på folk som jogga. For faen, det var mange ass. He-he, me gjekk nedover og fann oss ein taxi, ba han køyre oss til Tøyenparken, og det gjorde han heldigvis. Me fann oss ein liten bakke vedsiden av Tøyenparken, og der låg me i eit par timar med radioen. Solte oss og sånn. Blei svarte og raude.

Ja, Tøyenparken ja. Der skulle det foregå ein festival dei neste dagane, MiniØya. Musikkfestival for kids. Sidan me var for gamle for festivalen, meldte me oss som frivillige. Jadda, difor reiste me til Oslo. Me gjekk opp til den raude barnehagen der me skulle møta. Med helsikes mykje ting og drassa på, var me glade då me fekk setja ifrå oss sekkane. Alle frivillige stilte seg i ein sirkel og ei dama byrja og prata. Me høyrte faktisk på. SÅ, plutseleg, litt etter alle andre, kom Silje inn i sirkelen til oss. Eg vart ganske overraska, men hei, så kjekt å sjå ho! Me fekk utdelt oppgåver, og eg og ho gode vennen min skulle vera trivselsvaktar akkurat der me fekk all oversikt over Amfi-scenen, den største scenen. Hærleg. Så me berre stod der me, såg digge ut i dei lyseblå t-skjortene me hadde fått. Høyrte litt på musikk og diverse programleiarar som prata igrunn boll til desse småungane. Ja, det var ein GOD del kids der. Flott at det var ein festival for ungar då. Nokre av vaktane(inkludert oss), fekk i oppdrag å passe på at ingen av ungane sprang inn i ein bulldoser som SuperMargrete skulle sitje oppi. For eit vilt oppdrag. Fy flate så sleten eg var den dagen. Men, etterpå tok me då taxi, sidan me er så forbaska rike og ikkje gidd å ta noko trikk, opp til onkelen min. Han bur eigentleg rett vedsiden av Tøyenparken, men har ein tung sekk og pengar til taxi, så gidd ein ikkje gå.

Då me var trygt inne i leilegheiten til min onkel, slang me oss ned på sofaen og i ein stol. Litt avslapping før USA skulle spele mot Ghana. Kampen endte 2-1 til Ghana. I pausen på kampen, tusla me oss ned på ein bensinstasjon for å kjøpe litt mat. Det var godt. Så la me oss, for me kom plutseleg på at me skulle opp tideleg. Toget heim gjekk… 06.30 trur eg. Jadå, me tok no taxi ned til Oslo S óg me. Venta ei lita stund før toget kom, så sat me oss inni. HARDE SETER. Men det var heilt ok. Sova på toget? Ukjent for oss. Ja, toget kom fram til slutt det óg. Men me hadde sett feil på bussrutene, så me gjekk OPP den bakken og inn på den hybelen att for å slappe av. Der hadde jo sjølvsagt leigetakaren tatt straumen. Så då gjorde me på ingenting og det var eigentleg ganske keisamt, for me var begge to sletne. Men det kom heldigvis ein annan buss, og den tok me. Og plutseleg var me heime. Bileter? OK. Ver forberedt på mange stramme bileter, for me er utruleg digge. Faen, ikkje noko rett rekkefølgje. Jaja, skitt au


Eg er søt.

Hadde det ikkje vore for at eg faen meg skal ned i helsebanken i morgon tidleg for å ta blodprøve og forhåpentlegvis få ein legetime, så skulle eg gjerne ha skrevet mange ord og laga mange setningar.

Idag var eg i Åsane, der kjøpte eg meg mykje rart. Deriblant ei ansiktsmaska, sjokolade. Jaaadu, eg er jaggu meg flott. Men god natt.

For å få inn litt fotball, Spania kom seg vidare.

8-delsfinalane.

Men dra til helvete. Åttendelsfinalane byrja på laurdag med Uruguay – Frankrike. Uruguay vann 1-0 og Frankrike rauk overraskande ut. Så spelte USA-Ghana, der Ghana stakk av med sigeren 2-1. På sundag skjedde det, England rauk ut. Med eit 4-1 tap over Tyskland. Argentina spelte mot Mexico sundagskveld, og Argentina kom seg vidare med 3-1 siger. I dag spelte Nederland mot Slovakia og vann 2-1. No byrjar straks Brasil-Chile, og det blir ein spanande kamp!

Drillos ekspert-tips

Gruppe A – Argentina, Sør-Afrika, Mexico og Uruguay. Men det endte Uruguay, Mexico, Sør-Afrika og Frankrike.

Gruppe B – Nigeria, Argentina, Sør-Korea og Hellas. Men det endte Argentina, Sør-Korea, Hellas og Nigeria.

Gruppe C – England, USA, Algerie og Slovenia. Men det endte USA, England, Slovenia og Algerie.

Gruppe D – Tyskland, Ghana, Australia og Serbia. Her hadde han faktisk rett.

Gruppe E – Nederland, Kamerun, Danmark og Japan. Men det endte Nederland, Japan, Danmark og Kamerun.

Gruppe F – Italia, Paraguay, New Zealand og Slovakia. Men det endte Paraguay, Slovakia, New Zealand og Italia.

Gruppe G – Brasil, Elfenbenskysten, Portugal og Nord-Korea. Men det endte Brasil, Portugal, Elfenbenskysten og Nord-Korea.

Gruppe H – Spania, Sveits, Chile og Honduras. Her hadde han óg rett.

Egil Drillo Olsen, fotball-VMs gruppespel vart vel ikkje akkurat som du forventa. Fleire store favorittar som Frankrike og Italia rauk ut. Det er nok mange som er overraska over korleis ting har vore så langt i VM.

Eg ergar meg så absolutt ikkje.

Faenfaenfaen. England er ute av VM etter eit tap mot Tyskland. Såg ut som laget dabba totalt av då dei ikkje fekk målet frå Lampard godkjent. Alle såg at ballen var inne! Drittdommar! Hellemåne, blei noko irritert av Fabio Capello, grunna måten han sat opp laget. Eg ville nok sett da opp betre, med hjelp frå ein kompis(du veit kven du er.) Eg vil ikkje at England skal heim frå Sør-Afrika. Då får eg jo ikkje sjangse til å sjå Steven Gerrard på tv2 eller viasat 4. Eg kjem nok til å grine meg sjølv i søvne i natt. MEN, på tysdag skal Spania og Fernando Torres spela mot Portugal, og då håpar eg Torres faktisk får spele i 90 minutt, og ikkje bli bytta ut før pause. (Ok, han vart skada. Men håpar faen meg han er klar til tysdag. For eg vil sjå eit mål frå Fernando.) Eg håpar jo sjølvsagt at Spania VINN kampen óg! Elsk på meg. Eg fortel om turen til Oslo ein anna dag. Enn så lenge, skal eg sove.