Lat meg tenkja. Morning kommer til ein heilt ny dag.


No sit eg her i senga mi, blant medisinar og aviser. Tenkjer på at eg verkeleg, og då meinar eg verkeleg, burde ha rydda rommet mitt. No ser det faktisk verre ut enn det har gjort på lenge. Dei siste vekene har eg tatt meg sjølv i å bli sitjande å sjå meg rundt på rommet. Eg undrar veldig på kva eg eigentleg skal ta med meg på folkehøgskule. Eg har jo inderleg lyst å ta med meg flatskjermen min, senga mi og alle kleda mine. Anlegget mitt, alle dei rare bøkene mine som eg ikkje les, men har ein draum om å lese for dei er så veldig fine og verkar så utruleg interessante. Alle skoa mine og alle blada mine. Plakatane mine og alle bileta eg har. (Spesielt dei svart/kvit-bileta av dei nakne personane.) Men, eg har sett bilete av rommene der oppe, og eg får ikkje plass til alle tinga mine. Eg må tenkje, eg må velgje og vrake.

Eg, som har ein draum om å verta hyper-super-miljøvenleg, gjer ting mot mi eiga meining og mine eigne tankar når eg får Aftenposten i postkassen. Avisa vert fyrst og fremst sendt frå Oslo (om eg ikkje tek feil), og avisa er ultra-tjukk. Den er sikkert oppdelt i fire-fem delar kvar gong. Litt ekstra i helgene. Avisene bombaderar rommet mitt. Haugavis med grått papir over alt. Som om det ikkje var nok med alle dei jævla magasinene eg absolutt skal kjøpe fordi det var ein helsikes interessant artikkel i den. Hellemåååne.

Nett no i stad måtte eg tenkje, for eg skulle, som den ungdomen eg er, fylle oppi dosettet mitt. Fire tablettar for epilepsi om morgonen og éin for hjarta. Og fire tablettar for eplepsi om kvelden. Det er så hinsides keisamt og eg følar meg som ein sjukepleiar på ein gamleheim. Eg vil ikkje ha den kjensla endå. Eg vil helst aldri ha den kjensla, for eg har ingen ambisjonar om å verte sjukepleiar. Eg likar i bunn og grunn ikkje sjukepleiarar. Bortsett frå nokre kjekke, mannlege sjukepleiarar, då sjølvsagt.

Ok, eg berre må seia det før eg tenkjer for mykje på det. Det osar av sinne hjå meg fordi det er nokon på MIN spotify! Det MÅ vera det, den hakkar så utruleg mykje! Men eg er nesten for trøytt til å skambanke nokon. Nesten.

Rett framfor meg på veggen, heng det eit bilete av meg og verdas beste. Det biletet vart tatt ein kveld me spelte bingo i lag. Det var ein fin kveld. Me malte oss i ansiktet og var skikkeleg barnslege. Godt me ikkje er vaksne endå, for me kler det ikkje. Biletet er tatt av hennar mor, og kvar gong eg ser på det biletet tenkjer eg på ho. Det er eit fint bilete, og eit fint minne. Eg saknar ho.

For eit par månadar sidan byrja røykvarslaren på rommet mitt å pipe, ikkje veit eg kvifor, det var ikkje røyk her. Men batteriet vart iallefall teke ut, og då feiaren var her for ei stund sidan, sa han eg måtte finne eit nytt batteri og ta det i igjen. Eg har endå ikkje gjort det, tenk om det byrjar å brenne ein dag då, eller ei natt. Kanskje eg ikkje merkar det før det er for seint. Kanskje alle kleda mine har brent opp, eller teven min er vorten øydelagd. Eller senga mi, i verste fall. Nei, det aller verste hadde vore om biletet av meg, verdas beste og ei annar veldig, veldig, veldig god venninne på min aller fyrste bursdag hadde brent opp. Då hadde eg grenet. Lenge.

No såg eg det, eg kan faktisk skrive mykje og lenge om ikkje så veldig spenande ting.

Her tenkte eg å vise dosettet mitt, brunfargen min og dei særdeles korte augonvippene mine! OMG, lol, tragisk.com

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s