Eit stille skrik.


«Hei du. Snu deg då, eg vil snakke med deg.» Eg står og ropar til han, eg veit at han høyrer meg. Han er verken døv eller har øyreproppar i. Han gjer jo ingenting, han kan då for helvete snu seg. Han snur seg brått, gjer meg eit blikk som faktisk kunne drept, og går. Han berre går. Eg ropar litt til, men uansett kor mykje eg ropar til han, ignorerar han meg. Det er nett som om eg står og skrik, men det kjem ikkje noko lyd. Eit stille skrik. Kvifor kan han berre ikkje høyre på det eg har å seie? Eg skal jo berre sei at eg elskar han. Sjølvsagt elskar eg han, han er jo min. Var jo min. Han skal vera min. Han bør vera min. Eg treng han. Han er den einaste som veit kva eg går gjennom, einaste eg har fortalt alt til. Eg kan ikkje la han gå når han veit alt om meg. Eg går etter han, småspring. Han forsvinn rundt hjørne etter hjørne. Plutseleg er han vekke. Eg er ikkje oppgitt. Eg er berre lei meg, for eg treng han.

Det er ei knapp veke sidan me byrja og krangle. Det starta som småirritasjon. Det berre balla på seg, det eine førte til det andre og til slutt sa det berre stopp. Alt sa stopp. Han sa stopp. Han ville ikkje meir. Han visste om den psykiske tilstanden min, men sette seg sjølv fremst, igjen. Eg stilte meg inn mot ein betongvegg, sank sakte saman ned mot bakken. Bakken som var dekka med lauvblad. Det var heilt vindstille ute. Det var nok mange som hadde høyrt mine tragiske og håplause skrik etter han. Tankane om kvifor han ikkje kjem tilbake svirrar. Eg vaknar.

Advertisements

2 thoughts on “Eit stille skrik.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s