Football. Oslo.


No er snart gruppespela i VM ferdig og på laurdag byrjar åttedelsfinalane. Eg har vel sett omtrent… alle. Eg har droppa mang ein avtale for å sjå ein kamp. Men kun dei viktigaste, England, Spania, Argentina, Tyskland og Brasil. Eg køddar, eg har sett dei keisame óg. VM byrja jo sjølvsagt med kampar som enda 0-0 eller 1-1. Men, dei aller viktigaste er jo sjølvsagt England-kampane. Då dei har dei kjekkaste spelarane av alle laga. Alle! Eller, Spania har jo Torres, og han er søren meg eit bra kjøttstykke. De ser jo det på bileta. Eg får faktisk sumarfuglar i magen av å sjå på bileta av Gerrard og Torres. Uansett, i morgon skal England spele mot Slovenia! Men den byrjar ikkje før 16.00. Det tyder at eg kan sove lenge. Difor har eg ikkje lagt meg enno, klokka er allereie vorten halv to.

Idag/går har vore ein særs produktiv dag! Eg har vaska klede. Og ete ein softis. Eg åt tilogmed kalkun til kvelds. Så har eg sett fotball. Eg har óg prøvd å sett saman ein plan (ok, Anne gjorde det) for turen til Oslo. For eg er ein løk når det gjeld buss og togruter. Me er ikkje heilt på gli endå, for me må framleis finne ut kva buss me tek til Voss, kva tog me tek til Oslo, kvar me skal bu, om me eventuelt må overnatte, kva tog me tek til Voss att og kva buss me tek heim. Difor er det greitt å ha ei venninne som faktisk får til sånt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s