Livredd.


Det er ein ting eg er skikkeleg redd for. Eg er livredd for å havne på sjukehus att. Redd for å verta låst inne på Haukeland Universitetssjukehus. Eg veit ikkje om hjarta mitt er heilt friskt att. Eg har hjartestartar, så eg kan ikkje døy. Eg kjem nok til å leve for alltid. Eg er ikkje redd for flaggermus eller han som eig den jakka eg stadig brukar. Men eg er livredd for å havne på sjukehus. Eg er redd dei gule veggane. Dei teite dørene som eg ikkje kan låsa. Dei forbaska vindaugene som kun kan opnast på ein idiotisk måte. Det heilt kvite badet. Eg er redd for å vakne opp med gjerdene oppe. Eg er redd for at folk rundt meg skal bekymre seg. Eg vil ikkje ete sjukehusmat. Eg har ikkje lyst å miste all form for matlyst. Eg vil ikkje. Eg har ikkje lyst å vera låst inne når det er sol og fint vêr ute. Eg vil ikkje sitje innelåst når det er noko som skjer i bygda. Eg er redd for at eg skal gå glipp av alt. Eg er redd for noko som mest sannsynleg ikkje skjer i det heile. Sjangsen for at eg skal bli låst inne i to og ein halv månad att er ikkje stor. Men det kan skje. Heile meg er jo faktisk forvridd og feilande. Legane hadde nok kome med ein grunn for å halde meg på sjukehuset. Eg har epilepsi, eg har eit idotisk hjarte. Eg har eit mongo kne, eg har eit veldigveldigveldig vondt hovud. Ankelen min er heller ikkje bra. Men desse grunnane er berre teite. Dei kan ikkje leggje meg inn fordi det er noko gale med kneet. Men hovudet derimot. Dei har jo faen meg ikkje funnet ut ein forbaska drit! Men det skulle faen ikkje forundra meg om dei hadde funnet noko no, no når eg har ferie, no når eg gledar meg heilt enormt til å byrje på skule igjen. No når ting faktisk har gått nogen lunde bra. Det er då det hadde vore typisk min flaks å havne på sjukehus. Eg er verkeleg livredd. Dei som ikkje har vore verkeleg innelåst, veit ikkje korleis det er. Eg hugsar fleire gongar der eg skulle sei farvel til nokon som hadde vore på besøk til meg på sjukehuset. Eg følgte dei så langt eg kunne. Men når eg hadde gått for langt vekk, så ringte dei meg. Då hadde dei ikkje signal på meg. Eg hadde så jævlig lyst å berre forsvinne saman med besøket. Eg ville ikkje vera der. Men, eg var innelåst. Og eg har ikkje lyst å vera det lengre. Dykk som trur det er digg å slappe av på sjukehus og sleppe og gjere noko. Ikkje vaske kle, lage mat eller rydde. Dykk tek så jævlig feil. Sjølvsagt er det digg å sleppe det, men faen. Kva skal ein gjere på då? Eg syntes faktisk ikkje det var så kjekt der eg. Eg vaskar kle med glede her heime! Eg gjer alt, alt for å sleppe å havne på sjukehus att. Eg veit det mest sannsynleg ikkje kjem til å skje, men det kan skje.

Teite tankar. Eg måtte skrive dei ned, eg fekk ikkje sove. FML.

Advertisements

2 thoughts on “Livredd.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s