California gurls!


Eg har lyst at det skal vera sol ute. Eg vil ha ein digg mann, om han vil ha meg. Sidan han ikkje vil ha meg så tek eg meg ein tur til Brennsholmen. Der skal eg nyte livet saman med den fantastiske slekta mi. I ein verden av mørke skyer og regn. Men det gjer ikkje noko, for eg skal kose meg gløgg i hjel uansett. Rommet mitt er rotete. Idag hadde eg planar om å ete masse brownies, resten av isen og den siste sjokoladen. Men eg var for opptatt av å le av mine venar, og av å høyre på nydeleg musikk. Eg var for opptatt med å sjå på skyene og lure på kortid det skulle regne. Eg tok feil og tok akkurat inn kleda då det hadde regna i cirka 30 sekundar og kleda var nesten for våte til at eg kunne ta dei inn. Men eg tok dei inn. Så tok eg på meg ein fin svart genser som er veldig god, så gjekk eg opp ein bakke, bort ein bakke, opp ein annar bakke, ned ein kort bakke og så gjekk eg bort litt til og så var eg framme. Der var det to personar inne i eit hus. To fine personar. Me såg Pacific Blue. Eg sat og drøymte om ein digg ein, som eigentleg berre er teit med meg for tida. Eg tok eit par bileter av dei to fine. Så åt me litt chips og litt sjokolade. Så gjekk eg heim i regnet. Eg hadde berre på meg den fine genseren og ein rosa shorts. Men det var ikkje kaldt. Det er trass alt sumar. Og då vert det nesten varmare ute når det regnar. Eg har det eigentleg fint.


Advertisements

2 thoughts on “California gurls!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s