Ferie er diggis.


Livet i nord er ikkje så verst. Dei har gjort oss om til nordlendingar og me har gjort minstemann i huset om til ein hardbarka vestlending! Dagane går til å spele ludo, stort sett. Då eg vakna idag tok det ikkje lang tid før det vart servert middag, og rett etter middag laga me oss milkshake etterfulgt av sjokoladekaka. Ouch! Heima i kjære Øystese er det visst drittvêr, har eg høyrt. Her er det strålande sol, men vind. Så det er ni grader varmare heima enn her. Og det skal jo sjølvsagt vera drittvêr heima ei god stund når me skal heim på måndag. Beste sumaren på åravis in my ass.

Det sug hardt å ha eit vondt kne når eg er på ferie. I går gjekk tante, Guro, Vilde og Victor opp Hillesøyfjellet, men eg kunne ikkje vera med for eg måtte passe på Henrik og resten av gutane. He-he-he. Skikkeleg bummer altså. Nei, seriøst. Eg gjekk opp der i fjor. No har eg akkurat hengt opp klede, og no er eg og Victor åleine. Dei andre er på tur og nokon er på jobb. No skal eg sjå på tv. Ferie er diggis. Verkeleg. Eg har fletter no, så eg får bølger i kveld.

😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s