Nokre ting er vanskelegare enn andre.


Tolvte juni, totusenogti. Det er eit halvt år sidan tolvte februar, totusenogti. Fredag tolvte februar var ein jævla drittdag. Dagen byrja med at eg vakna opp i Bergen by, og sleit med å koma meg heim. Eg måtte kjappa meg heim, for eg skulle på konsert i Bergen seinare på kvelden. Dotter di ringte meg når eg sat på bussen. Eg hugsar nøyaktig kvar me var med bussen då ho ringte. Herregud, bussen var fullstappa og eg fekk veta at du låg på ditt sista. Eg hadde mest lyst å hylskrike, verta forbanna og klikke på alle rundt meg. Eg hadde så lyst å halde rundt dotter di. Eg visste at eg burde vore der. Men alt skjedde så brått. Far min, som óg skulle på konsert, var på sjukehuset hjå deg. Saman med mi mor, din mann, di svigersyste og dine born. Me visste at du låg på ditt siste. Di dotter, min besteven, var på veg heim. Eg gjorde meg klar til konsert. Eg fekk ein telefon der eg sat ved siden av dataen og prata med han eg skulle på konsert med. Eg visste eigentleg kva som var i vente. Du var død. Du klarte ikkje meir. Kroppen din var øydelagt. Akkurat då trudde eg verda skulle rase saman. Du var vekke. Dotter di ringte meg. Ho var kome heim, og godt plassert hjå vår bestevenninne. Me begge grein så mykje at me ikkje greide å snakke. Eg hadde så lyst bort å trøyste Anne, halde rundt ho og sei kor mykje eg elskar ho. Men, ho visste kor masse eg hadde gleda meg til den konserten. Det ho sa til meg då, var: Det høyres sikkert litt teit ut, men eg er ikkje mindre glad i deg om du reiser på konserten. Me avslutta samtalen med elskar deg, frå begge. Bilturen til Bergen att var underleg. Samtidig som eg berre hadde lyst å grine alt vekk, så gleda eg meg vilt til konserten. På veg bort til å hente han me skulle vera med, byrja eg og min far å prate om kva som hadde skjedd. Han var jo der. Han var der då du slapp å leve i den smerten lengre, han var der då ein ektemann måtte sjå si kone dø. Ei bestevenninne måtte sjå sin beste venn for siste gong. Det er feil. Det er urettferdig og det er jævla feil. Den dagen som skulle bli den beste eg hadde hatt på evighetar, vart den aller verste dagen eg nokon gong har hatt. Den smerten eg følte, då eg såg mi bestevenninne dagen etterpå, var nok ingenting i forhold til det ho sjølv måtte ha følt. Då eg kom inn på rommet hennar, sat ho med dataen. Eg sat meg ned og ho la ned dataen. Me såg litt på kvarandre, før me begge byrja og grine. Fy faen, det var jævlig. Det er heilt for jævlig å sjå den personen du bryr deg mest om i heile verda grine. Ei jente på 16 skal aldri under nokon omstendigheiter miste mor si, ihvertfall ikkje til kreft. Du forlot deg ein ektemann og tre born. Du var fantastisk. Du hadde tre nydelege born. Ingen kunne ha oppdratt dei på ein betre måte enn det du gjorde. Du hadde den finaste hagen på Vavollen, i heile Øystese. Du skal veta at familien din framleis stellar bra med den. Eg skulle ynskje du framleis var her. Det er rart å tenkje på at det har gått eit halvt år. Eit halvt år utan deg eit par hundre meter til høgre for oss. Åherregud som eg saknar deg. Eg saknar latteren din. Eg saknar dei gode klemmane dine og alle dei gongane me har spelt bingo hjå deko. I dag skal eg vera med dotter di. Og eg skal klemme ho masse. Forresten, eg har eit bilete på veggen av meg og dotter di frå ein gong me spelte bingo i fjor haust. Det var du som tok det. Det bilete kjem alltid til å bety noko spesielt for meg. Eg gler meg til eg ser deg igjen.

❤ ❤ ❤


Advertisements

3 thoughts on “Nokre ting er vanskelegare enn andre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s