Eit fall.


Eg har ein stol på rommet eg alltid sit i. Eg sit i ein stol, ikkje på som nokre andre eg kjenner gjer. Når eg sit i den stolen ser eg stort sett heile rommet mitt. Dei trefarga veggane med eit par plakatar på og nokre stygge, gamle hyller. Det gråe skrivebordet mitt med den stolen som knirkar uavhengig om det sit nokon på den eller ei står ved den korte veggen. Det svarte klesskapet mitt som er altfor lite til alle kleda mine. Senga mi som akkurat får plass til meg, alle putene mine, den store dyna mi og dei tre bamsane mine. Så har eg dei stygge gardinene mine eg mest har lyst til å rive ned for dei øydelegg heile den harmonien som ikkje er tilstades på rommet. Svarte gardiner er skummelt. Eg vil ha gråe.

Stolen min er stor og god. Den er trukket med eit mjukt stoff som eg ikkje veit kva heiter, for eg har igrunn ikkje peiling på stoff i det heile. Eg veit at velour er veldig mjukt og silke glatt,  men stolen var verken velour eller silke. Lenar eg meg hardt nok bakover i den, sprett det opp ei fotstøtte. Armlenene er akkurat store nok til å få plass til monsterarmane mine. Eg har monsterarmar fordi eg har så store musklar, altså. I taket har eg berre ei lyspære. Det er ganske vemodigt, men eg ser nesten aldri opp i taket uansett. Berre når eg jagar ut insekter.

Kvar gong eg lenar meg bak i stolen, byrjar eg brått å tenkje på alle moglege ting som eg elles ikkje tenkjer på. Som kvifor flaggermus er så utruleg stygge, men óg så spanande å sjå på. Korleis sneglane kommuniserar. Kva gamle folk snakkar om når dei pratar ilag på gamleheimen. Dei ser jo dei same folka kvar einaste dag og då må dei jo ein eller annan gong gå tom for samtaleemner. Kvifor nokre folk kan ete konstant, medan andre slit med å trykkje ned ei brødskive kvar dag. Kva slags brød kongen likar best eller kva song som er favoritten til Jens Stoltenberg.

Når eg då skal reise meg opp for å finne meg ei skive med ost, så dett eg ned på golvet, for foten min har sovna medan eg låg der å tenkte på livets store spørsmål.

Advertisements

One thought on “Eit fall.

  1. Andrea seier:

    haha kanon bra tekst. eg digga den siste med

    » Som kvifor flaggermus er så utruleg stygge, men óg så spanande å sjå på. Korleis sneglane kommuniserar. etc..—

    du har definitivt komme på rett linja på folkehøgskulen!;) sørg for at noken får lest desse bra tekstane dine på bloggen din og ellers andre plassa. OK?=)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s