Oi, så plutseleg.


Heihei. No er det under fem dagar til eg reiser. Fem dagar til eg sit i ein bil på veg til Nordmøre folkehøgskule. Fem dagar til eg skal stikke frå alt og alle her heime. Vekk frå all drittpreiking, vekk frå eit liv i ei seng framføre ein tv dagen lang. Vekk frå familie og vener. Satan som eg gruar meg. Om du lurte på korleis det går med pakkinga mi, så vil eg eigentleg sei at det går betre enn forventa.

Eg få meg nye vener, eg bli positiv og meir optimistisk til det som skal skje, eg slutte og tvile på mine ferdigheitar og eg få inn nokre søvnvanar som passar inn med mine nye romkamerat og klassetimane. Eg sit faen meg i senga no, framføre tven og ser på Sex og singelliv. Frys voldsomt på mine tær og har på meg ei veldig sleten joggebukse. Eg brukar min fars data, fordi eg måtte levere inn min skulepc. Eg valgte å ikkje betale ekstra for å behalda den, så då fekk dei den tilbake. Saman med skulesekken, som forsåvidt lukta kattapiss, så den var det ganske greitt å få ut av huset. No har eg bestilt meg ny pc, og den kjem vel på onsdag eller noko. Så då har eg eit par dagar på meg til å verta kjend med den. Så i morgon og på onsdag vert tida eg har brukt til pakking og ordning til eg reiser. Torsdag vert forhåpentlegvis ein finfin dag. Frida kjem rett oppom til meg etter ho er ferdig på skulen, som er klokka 12….. litt tidleg for meg, men. Så kjem Mari og Solveig litt seinare, og då skal me koooose oss. Kosekveld med småjentene mine. Hehehehe. OGSÅÅÅ. På fredag skal eg passe Luis og Liana, verdas søtaste kids! Ein gut på 15 månadar og ei jente på 4 månadar. Søtnosar. Samtidig som eg skal passe desse, får eg besøk av tre nydelege jenter som eg kjem til å sakne ut av ein annan galakse når eg reiser. Me skal jo sjølvsagt lage noko digg mat, ta mange fine bileter og mase til me får vondt i øyro.

Og på laurdagsformiddag, etter at kidsa har blitt henta, forsvinn eg på skule. Då pakkar eg alle mine nødvendige ting som mi nynorske ordliste, ein nydeleg duk og bileter av vener. Og unødvendige ting som ei gamal 70-tals klokke, ein fin radio og åtte joggebukser, og stikk. Og når eg sit i bilen og høyrer på nrkp3, skal eg ikkje sjå meg sjølv tilbake og tenkje på alle eg kjem til å sakne, for eg veit med sikkerheit at dei er der når eg kjem tilbake. (I haustferien!) Når eg høyrer på p3 skal eg tenkje på at eg det er vemodigt at Radioresepsjonen ikkje er på radio lenger, men snart kjem på tv. Men haustpodkasten var ganske bra, og den kan eg igrunn leve på ei stund. Men så kjem eg på at Radioresepsjonen skal verta eit tv-program og då håpar eg veldig på at det er nokon på skulen som likar dei like mykje som meg, så me kan verta eit lite RR-elskande par som ser på Radioresepsjonen ilag.

Men når eg sit i bilen og det ikkje er signal på radioen, kjem eg på at eg faktisk har fantastiske vener heima og det vert veldig bale utan dei. Så plutseleg er me framme på skulen og eg har hjarta oppi halsen for eg veit ikkje kva eg skal gjere eller kvar eg skal gjere av meg. Og sidan eg har så mykje ting og tang med meg så lurar eg verkeleg på kor eg skal leggje alt saman.

Advertisements

2 thoughts on “Oi, så plutseleg.

  1. Andrea seier:

    Blir koslig på freda=) ❤

    eg kjem til å savna deg meir enn du ane! Og du kjem til å klara deg kjempe bra, da veit eg:) satse på noken andre like Radioresepsjonend då!;) hehe…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s