Dei er berre ein stor gjeng med idiotar.


Særskriving er eit fenomen som har vorte utbreidt dei siste åra i det norske språket. Særskriving vil seie at ein skriv samansette ord som to eller fleire enkeltståande ord i staden for som eitt enkelt ord (samanskriving). Ord som terrassedør vert til terrasse dør. Orda kan skifte meining slik som at sjukepleiarar vert til sjuke pleiarar, og at rådyrjakt vert til rådyr jakt. Særskriving er altså ei mogleg kjelde til språklege misforståingar.

Særskriving blir òg kalla orddeling, som er ei beskriving av det som skjer, men orddeling er eigentleg ei nemning på det å dele eit ord ved bruk av bindestrek på slutten av ei linje.

Kjelde: Wikipedia.

Ei venninne av meg fann ut fyrst idag(!) at det heiter frukostservering, og ikkje frukost servering. Som ein jævla geek og ein person som irriterar seg over sånn små idiotiske ting, så syntes eg faktisk det er urovekkande. Lærte ein ikkje særskriving/orddeling på skulen? Eller er det berre eg som har blitt opphengt i det grunna for mykje surfing på nettet? Det byrja vel med denne sida her. På Facebook er det fleire grupper mot orddelingsfeil. Blant anna denne, Den nasjonale forening mot orddeling (særskriving). Den har over 22 tusen medlemmer. Og over to fuckings tusen bileter av plakatar og liknande med orddelingsfeil. Dei plakatane og posterane er mest sannsynleg laga av godt vaksne folk, og nettopp dét bekymrar jo meg endå meir. Eller produkter som er laga av store selskap. Eller legar, som denne.

Årh, denne var jo faktisk ekstra drøy. Kjelde: orddeling.wordpress.com

Men, no skal eg fortsetje med pakkinga.

Advertisements

6 thoughts on “Dei er berre ein stor gjeng med idiotar.

  1. Tenkjer aldri om du får kommentarane når eg berre svarar på min eigen blogg. Uansett:

    Ja. Eg var programleiar i det gjevaste programmet på (rettelse:) KanalSkodje – Team Leverpostei! Eg og Katrine altså. Good times.

  2. Du, det har noko med genane å gjere.

    Eg har prøvd å lære folk sånt. Men nokre får det berre ikkje til.

    Eg prøvar å ha forståing for sånne. Det er nett som ein sjukdom.

  3. Det er irriterende med slike feil. Men, jeg skal ikke klage for mye, fordi jeg gjør det selv også.

    På hvilken måte er det jævlig å lese? Eg er sikker eg er gal…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s