Kjipt at det ikkje er ein butikk i nærleiken av Bolme pensjonat. Eg har så jævla lyst på sjokolade. Ja, eg har blitt utvist frå folkehøgskulen. Eller bortvist, som det så fint stod i brevet. Å krangle med ein lærar når ein er berusa, er ein særs dårleg idé. Sidan flybillettane og bussbillettane ilag ville blitt altfor dyrt, fann me ut at det var billigare å plassere meg på eit pensjonat fram til fredag. Kanskje like greitt. Det er tv her. Og det er internett her. Og mat. Men det er ingen nofo-elevar her, og dét sug veldig. Idag er det tysdag. I morgon er det onsdag. Så er det torsdag og sååå er det fredag. Og då skal eg heim. DIGG. Eg keiar meg. Eg har ikkje maaaaaaaat heller. Men eg har Tom & Jerry kjeks. They´ll save me. Når eg blir altfor svolten, går eg til sengs. LOL. No saknar eg dei fine gutane på skulen. Good day.

Det er framleis digge guttar på Nofo. Serr.

Good times.

LOL, fulle Martine insisterte på å ta bilete av seg sjølv. Utan blitzzz. Fotogene faen.

Martine, Vårin og meg. SØTINGAR.

Yeah..

Marianne når ho får finfin pakke av meg og Martine dagen derpå etter bursdagen sin. Søtnos. Sjekk kor fin skjorta ho fekk til bursdagen då!

Karaoke for alle penga. Endeleg er me begynt med småleg skriving i klassen. Maten er ok og gutane er skamdigge. Livet er ganske fint. Det ligg ei på sofaen og søv vedsiden av meg. Eg høyrer på Kaizers Orchestra og er lukkeleg fordi Philemon Arthur & the Dung er kome på Spotify. I går såg me ein forferdeleg skrekkfilm. Altså, ein dårleg skrekkfilm som eg ikkje vart redd eit sekund av. Hardbarka vettø. Eg sovna om eg skal vera ærleg. Ganske ok digg å sove på fleirtal av madrasser i foredragssalen, faktisk. Faen, eg går i klasse med dei tre mest irriterande elevane på skulen. Fy faen, det sug.

Fytti katta, dette er keisamt.

Men hyttetur var kjekt.

Endå meir?

Reknar med det er score på high level når eg sit i daglegstova og bloggar. Det sit fem gutar her, og fire andre jenter. Den eine guten er så jævla tragisk at eg ikkje veit kvar eg skal byrje. Blir rett og slett kvalm. Men dei snille og kjekke trønderane veg opp imot han. Uansett, ny veka, nye moglegheiter. Kneet mitt er vondare enn vondast, og eg gjer alt eg kan for å ikkje klage for mykje. Eg har det rett og slett fantastisk her oppe. Dagane går framleis litt treigt, akkurat som praktikanten sa. Men, dei går berre fortare og før me veit ordet av det er me i mai og skulen er ferdig. Det er to praktikantar her, to digge gutar. Det er ganske ok, om eg skal seia det sjølv. Dess meir eg skriv om nofo, dess reddare vert eg for at nokon på skulen skal finne ut om bloggen. For det vert berre jævla merkeleg. Det er omtrent åtti elevar her, og det vert merkeleg om nokon finn denne bloggen. Rart I said, rart. Eg kan for eksempel ikkje seia at eg sat mellom dei to diggaste gutane under middagen idag. Det gjorde meg ikkje noko, for å seia det sånn. I timane i journalistikk tek me foreløpig kun bileter. Det er altfor keisamt og eg gler meg til me skal byrje og skrive. Då vert me berre fem, trur eg, i klassen. Då slepp eg heldigvis dei mest irriterande personane på heile skulen. Anyways..

Ok, eg har ingenting å sei.