Om du lurte på kor mange månadar eg har bretta ut livet mitt på nettet, så er det tjuesju. Tjuefuckingssju. Tenk kor mykje informasjon om meg som alle moglege ukjente jævlar har då. Men, her ligg eg då. I den nye, gamle strikkejakka mi, den nye tskjorta mi, den vetle shortsen min og tøflar. Under eit teppe og ei dyna. På ein jævla sofa. Framføre ein tv. Sjokolade har eg óg. Så forbanna sunn eg blir når eg er sjuk. Ein blir faktisk sjuk av å tusle i Bergen by i mange timar, av å sitje på ein restaurant med sine medelevar å ete nachos og drikke vatn. Av å sjå ut vindauga på mange mennesker som traskar på veg heim i snøstormen. Ein blir ganske sjuk av å gå i nesten sju timar med våte sko ute i våt snjo. Eg prisar meg lukkeleg for at far min sa at det var lurt å ta seg ein dusj for å få varmen i seg før eg la meg. For eg sat i senga mi eg, når han la seg, med bjørnefitta og skjerf på meg. La meg ein halvtime ut i tjueandre oktober to tusen og ti. Det var gudd. Om ein ser vekk ifrå at eg var blitt sjuk. I går var det snakk om ein slekeins flystreik, men det vart det heldigvis ikkje noko av.

Hahahahhahahahahahahahahahaaaa, las nettopp at eg hadde skrevet eit likt innlegg før idag. Skrivekløe til tusen og ein hjerne som ikkje heng heilt med. Flaaaut. Men, nye bileter. Fy faen, flaut.

Advertisements

åtte-åtte-fire-åtte

Eg er sjølvsagt Gerd(læraren min) sin favorittelev til tusen, sidan eg er den einaste i klassen som faktisk skriv nynorsk. Det er grunnen til at eg skal dele mange vakre ord på nynorsk til dykk i dette innlegget. GLED dykk! Nokre av orda er retten og sletten rett lokale ord. Eg skal ikkje skryte på meg at eg brukar desse orda alt for mykje, men eg tykkjer framleis at dei er nydelege.

Kjærleik er det aller vakraste ordet eg veit om i heile vide verda. Men andlet, hugnad/hugleik,  ei brokj, nyfiken, førebels, førebuing, å kolta, snjo, ljos, knedna, røynda, korkje, nåse, skodna, hugleik på staur, å dette, «Skal eg sleika deg i etehólet?», «Eg hugleikar deg med heile mi hoppande blodpumpe!», alboge, regnboge, orsak, løyve, å hugse, å vøla er óg vakre ord.

Kan du framleis fortelje meg at du ikkje likar nynorsk?

Du er god for halsen, bitsj.

Dei kule på nofo har funnet bloggen min, flott! I går var eg i Bergen med nokre søtingar frå nofo, og helvete det var snø. Så jævlig med snø! Eg prisa meg lukkeleg for at eg hadde bjørnefitta mi med meg. Men, bjørnefitte, skjerf og vottar var ikkje nok for at eg skulle unngå å bli sjuk. No ligg eg strak på sofaen og syntes ekstremt synd på meg sjølv. Så no trøyster eg meg med kakao, doc, snytepapir og spotify. I går kveld var eg så jævla kald at eg trudde eg skulle dævve. Men så tok eg meg ein dusj, så dævva eg heller varm i senga. I kveld var planane eigentleg å bli møkings, men så kom snøen, og då er det berre stress å vera møkings. Så blei eg sjuk, så då hadde eg plutseleg to ting som stritta imot meg. Forresten, forresten, forresten! I går kjøpte meg meg ein magisk pinne! (Eg prøvde å finne eit bilete av ein magisk pinne på google, men eg fekk berre opp bilete av sokkar. Men vent, eg skal finne eit der eg posar med den. Deeer ja!) Den var så grønn og fin og magisk og sexy og konge. Eg mista den. Eller, eg gløymte den på Vero Moda. No er det nok nokre tilsette på Vero Moda som kosar seg med den, ja! BITSJES. Men, om nokon finn ein sånn pinne på ein eller annan leikebutikk eller kostymebutikk, kan de kjøpe ein sånn til meg då? Den eg kjøpte kosta berre 29 kroner. Då hadde eg vore evig takknemleg.

Sjuk ja. Så no skal eg berre ligge på sofaen å syntes kraftig synd på meg sjølv resten av dagen. Eller resten av ferien. Tenk om ikkje flyet mitt på mandags morgon ikkje går grunna masse snø då!!! DÅ blir eg deppis, då. Lol, har de forresten høyrt spotify-reklamen der ein dude ringar til 1881 og spør om eit glas er halvtomt eller halvfullt? Dårlegaste reklamen ever. Det er sjølvsagt halvfullt. Alt er halvfullt. Du er halvfull. Mor di er halvfull.

 

Insert bitchname here

Når eg ser ut vindauga, ser eg berre svart. Ingenting. Ser eg opp, ser eg stjerner mellom skyene og ein måne som så vidt kjem seg mellom dei tjukke skyene. Framføre meg sit  mor mi. Ho syng med på musikken min som eg spelar av frå Spotify. Her er diverse vakkert, om du har eit ynskje om å snoke i musikklista mi. Eg burde vore lagt, men eg hadde meg ein liten kvil før i kveld, så eg er ikkje så trøytt som eg burde vore. Idag har eg vore omringa av born, frå klokka 08.00 til evigheita, så eg er igrunn sleten nok til at eg sloknar nok lett. I morgon skal eg henge på fjellet hjå mi mor med folket. Då skal eg sjå ut som eit vrak, som eg har gjort i heile dag. Så skal eg ta mange bilete. Eg reiser heim(ja, Surnadal er vorte min heim no) på måndag, og gler meg som ein liten unge på julafta. Det skal bli godt å ikkje gjere ein drit igjen. Åh, fhs-livet er deilig. Jiiis, eg hadde planar om å skrive masse fint og mange koselege setningar, eg. Men det kjem jo faen meg ikkje noko interessant i det heile. Hmmm, eg legg ut nokre bilete eg.

Anonym blogg?

No har eg berre lyst å gå rundt å smile heile tida. Fortelje alle saman om kor fint eg har det, sjølv om eg trur at alle veit det frå før av. No er det ferie, og eg skulle vel helst ha lagt meg. For i morgon skal eg få mor mi med meg på garn-shopping. Så får eg besøk av søte venninner og då skal eg kose meg gløgg i hjel og fortelje dei om dei kjekke gutane. Så skal eg vise dei bilete frå NOFO og berre sitje og glise medan dei blar gjennom albuma. Etter bileta skal eg vri av meg kleda og vise fram det gigantiske blåmerket eg har på armen.

Men idag sa eg farvel til verdas beste. Om eit par timar reisar ho til Ungarn. For å studere. Toppidrett. Hest. Faen, så stolt eg er over ho. FAEN, som eg kjem til å sakne ho. FAAEN, så langt vekke ho kjem til å vera. Men faen, eg trur eg legg meg. Eg kjem alltid på å blogge når eg bør leggje meg. Og då gidd eg jo sjølvsagt ikkje leggje innpå bilete frå dagen som har vore. Travel ferie, u say? Bullshit. Dovendyr, that´s me. Eller marsvin, om du vil…………….

Svarte satan så brun du er, tenkjer du sikkert no. Ja, seier eg. Å dra te sies for eit blåmerke du har fått deg, utbryt du. Ja, desse trønderane vettø, seier eg. Faen for ein svær arm du har, mobbar du. Faen så schtøgg du er, skrik eg medan eg kastar stein i trynet på deg.

Fleire bilete kjem den dagen eg kjem på at de helst vil sjå livet mitt i form av bilete. Straxxxx med andre ord.