Anonym blogg?


No har eg berre lyst å gå rundt å smile heile tida. Fortelje alle saman om kor fint eg har det, sjølv om eg trur at alle veit det frå før av. No er det ferie, og eg skulle vel helst ha lagt meg. For i morgon skal eg få mor mi med meg på garn-shopping. Så får eg besøk av søte venninner og då skal eg kose meg gløgg i hjel og fortelje dei om dei kjekke gutane. Så skal eg vise dei bilete frå NOFO og berre sitje og glise medan dei blar gjennom albuma. Etter bileta skal eg vri av meg kleda og vise fram det gigantiske blåmerket eg har på armen.

Men idag sa eg farvel til verdas beste. Om eit par timar reisar ho til Ungarn. For å studere. Toppidrett. Hest. Faen, så stolt eg er over ho. FAEN, som eg kjem til å sakne ho. FAAEN, så langt vekke ho kjem til å vera. Men faen, eg trur eg legg meg. Eg kjem alltid på å blogge når eg bør leggje meg. Og då gidd eg jo sjølvsagt ikkje leggje innpå bilete frå dagen som har vore. Travel ferie, u say? Bullshit. Dovendyr, that´s me. Eller marsvin, om du vil…………….

Svarte satan så brun du er, tenkjer du sikkert no. Ja, seier eg. Å dra te sies for eit blåmerke du har fått deg, utbryt du. Ja, desse trønderane vettø, seier eg. Faen for ein svær arm du har, mobbar du. Faen så schtøgg du er, skrik eg medan eg kastar stein i trynet på deg.

Fleire bilete kjem den dagen eg kjem på at de helst vil sjå livet mitt i form av bilete. Straxxxx med andre ord.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s