Insert bitchname here


Når eg ser ut vindauga, ser eg berre svart. Ingenting. Ser eg opp, ser eg stjerner mellom skyene og ein måne som så vidt kjem seg mellom dei tjukke skyene. Framføre meg sit  mor mi. Ho syng med på musikken min som eg spelar av frå Spotify. Her er diverse vakkert, om du har eit ynskje om å snoke i musikklista mi. Eg burde vore lagt, men eg hadde meg ein liten kvil før i kveld, så eg er ikkje så trøytt som eg burde vore. Idag har eg vore omringa av born, frå klokka 08.00 til evigheita, så eg er igrunn sleten nok til at eg sloknar nok lett. I morgon skal eg henge på fjellet hjå mi mor med folket. Då skal eg sjå ut som eit vrak, som eg har gjort i heile dag. Så skal eg ta mange bilete. Eg reiser heim(ja, Surnadal er vorte min heim no) på måndag, og gler meg som ein liten unge på julafta. Det skal bli godt å ikkje gjere ein drit igjen. Åh, fhs-livet er deilig. Jiiis, eg hadde planar om å skrive masse fint og mange koselege setningar, eg. Men det kjem jo faen meg ikkje noko interessant i det heile. Hmmm, eg legg ut nokre bilete eg.

Advertisements

One thought on “Insert bitchname here

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s