Hei, bloggen

Det er nesten ok å vera fyllasjuk når du har ein besteven som kjem på besøk med is og som held deg med selskap heile dagen sånn at du ikkje treng å føle deg som ein fette idiot som har så utruleg vondt i hovudet etter fyllekula du nettopp hadde. LANG SETNING! OI. Sikkert ein dårleg setning óg. Men de skjønte poenget. No er det NATT.

image

Advertisements

Hjarteskribler skulle bryne seg på ei utfordring, så eg tenkte at eg óg skulle gjere det sidan eg er jævlig lei av å skrive om jula. Difor, min presang til dykk. Eg berre endrar litt på den, eg.

 

Fortell om forholdet du er i eller om singeltilværelsen Hehe. Dessverre ingenting nytt.

Hvor vil du være om 10 år? Då er eg snart 28 år.. og då håpar eg på at eg har eit par ungar, ei fin utdanning, mykje i lån og ein fin sambuar(eventuelt ektemann)

Ditt syn på narkotika og alkohol Mitt syn? Narkotika er fælt, eg hatar det. Alkohol er moro i moderate mengder. (Når ein ikkje døyr og sånn.

Ditt syn på religion Eg er ateist, men eg respekterar andres syn.

En del av livet ditt du ikke savner 2008, sjukehustida

Skriv 30 (u)interessante fakta om deg selv 1. eg tok ikkje hol i øyrene før februar 2010 2. eg elskar rommet mitt. 3. eg elskar å gå på folkehøgskule 4. eg likar ikkje cola 5. eg er ein lat person som kun gjer ting som eg vert tvungen til 6. eg syntes det er keisamt å ta bileter av ting, folk og hendingar er meir av mi interessa 7. eg har dobbelhaka 😦 8. eg har størrelse 40 i sko 9. eg er lite kreativ. Og når eg vert tvungen til å lage noko, så vert det forferdeleg stygt 10. eg har htc desire, og eg diggar den 11. eg har alltid mange faner oppe på ein gong 12. eg likar å sjå på hvilket liv 13. og nytt på nytt og løvebakken 13. eg hatar harald eia og bård tufte johansen. mest fordi dei lagar humor av mobbing 14. eg lyg, eg lyg forferdeleg mykje 15. eg er glad eg er ferdig med sjukehustida 16.
Stjernetegnet ditt og om det passer personligheten din eg er ein vær. og det som kjenneteiknar ein vær
En tid når du var tilfreds med livet ditt hm, før eg havna på sjukehus hadde eg det ganske ok. men, eg trur eg er ganske tilfreds no óg, faktisk.
Hvordan du håper fremtiden vil være eg vonar verkeleg at framtida mi vert spanande, interessant og roleg

Diskuter din første kjærlighet og ditt første kyss Min fyrste verkelege kjærleik var vel ein eg møtte då eg var tretten, og det varte i eit par år. det var ei fin tid. Men mitt fyrste kyss, hugsar eg diverre ikkje.
Sett iPoden/iTunes på shuffle og skriv ned de 10 første sangene det får bli på spotify, så det er veldig random. 1. year 3000-busted 2. lordy lordy- the distillers 3. sitter på en bombe-jokke 4. stop-sam brown 5. prosessen-kaizers orchestra 6. medisin og psykiatri-kaizers orchestra 7. love the way you lie-rihanna f.eminem 8. inside of you-infant sorrow 9. konfliktsky – jaa9 og onklp f.maria mena 10. måndagsbarn-veronica maggio
Beskriv dagen i punkter vaknar, stellar meg, et frukost, morgonsamling, så er det anten journalistikk, vask eller trim. så er det dugurd(lunsj), så er det enten valgfag eller journalistikk, så middag, fri/eventuelt valgfag, så kveldsmat og så fri.
Et sted du vil flytte til eller besøke irland. liverpool. australia. trondheim


Dine favorittblogger sjekk lenkjer
Ditt syn på populærmusikk verken bra eller dårleg. neidå, eg likar sånn musikk i moderate mengder må eg ærleg innrømme.

Høydepunkter og nedturer det siste året januar-juni var eigentleg berre fæl med hard skule. så venta det ein bra sumar med mykje moro. Etter sumaren var det NOFO og alt vart bra.
Hva tror du på? Ikkje gud, om det var det du lurte på.
Fortell om familien din Verdas beste familie. Eg har ei flott mor som betyr mykje for meg og som har vore der for meg i vanskeleg stunder, og i gode tider. Ein far som eg har lært utruleg mykje av, og som har oppdratt meg med fantastisk musikk og tatt meg med på konsertar som har forandra livet mitt. Ei storebror som passar godt på meg og som eg er veldig, veldig stolt av. Ei storesyster som betyr alt for meg. Ei som får meg til å verkeleg setje pris på livet, ei som hjalp meg meir enn alle andre då eg låg på sjukehus. Pluss ein vetlebror som er veldig smart og kjekk å ha. Ein som har lært av oss tre andre, så han ikkje gjer dei same feila som me gjorde. Ein som er høgare enn meg og som lett bankar meg…

Hvor viktig synes du at utdanning er? Viktig. Ein treng kunnskap innanfor dei fleste fagområde, og eg syntes ikkje at folk skal bryne seg på yrker dei ikkje har erfaring eller kunnskap om.
En av favoritt tv-seriene dine Hvilket liv!
Hvordan har du forandret deg de to siste årene? Oi, frå dum til dummare? Nei. Eg har vorte meir voksnare og tjukkare. Eg har øydelagt kroppen min totalt, på alle moglege områder eigentleg. Eg har óg lært av alle mine idiotiske feil.

Favorittfilmen din og hva den handler om Hah, det må bli Napoleon Dynamite. Genial film om ein dude med krøller som skal be ei jente på ball.

Hva slags mennesker tiltrekkes du av? Rare folk. Folk med bra kropp og fæl personlegheit. Trøndera og idiotar. Gamlingar og kriminelle. Neidå.
Et problem du har eg har problem med at eg har epilepsi. eg ventar berre på den dagen eg havnar på sjukehus pga piller miksa med alkohol. hehehe

Noe du savner atm, sumar. det er masse snjo ute.

Mål for de neste 30 dagene ha ei fin romjul, kome meg trygt tilbake på skulen, nyte tida utan teakwondo på skulen, rekke timen eg har på rosenborgklinikken

Oppturer og nedturer den siste måneden +DET ER JUL. Den unge fleksnes på tvnorge. Julekos på skulen. – flyet var forsinka når me skulle heim. eg har brukt opp pengane eg skal betale skulen med.

 

Borte fantastisk, men heime definitivt best!

Eg skal så jævlig ikkje skrive om jul. Eg likar jul, for all del, men alle skriv om jul. Difor skal eg skrive om MEDISIN og SJOKOLADE. Eg følar at det har vore mangel på det i det siste. Men fyrst. Sidan eg har fått meg HTC Desire, så har det blitt lite blogging, og meir kvitring. Twitter gjer at eg følar at eg blir lagt merke til. No i dag har eg hatt besøk av Frida, Solveig og Mari. TO SEKUNDER, så skal eg sjå om eg finn nokre bileter frå idag. Medan me venter, så kan eg røpe at det har vorte ete mykje chips og sjokolade idag. Det gjer godt i sjela. Eg må jo ha juleformen klar til skulestart i januar.

 

EG ELSKAR Å VASKE GOLV! Jammen, sjå kor reint det blei då.

Tørt brød.

Faen, det nærmar seg jol. Det er allereie jol i fylgje.. tja, alle? Å SKYT MEG I MAGESEKKJEN DIN JÆVLA SAUKUK! Eg har ikkje ferie-kjensla på plass. For eg tenkte eg skulle sove lenge i morgon, skjønar du. Men, så kom far min inn i stad å spurte om eg kunne kjøpe eit par julepakkar for han. Og det må eg få gjort før eg får besøk av småjentene i morgon. Dvs før tolvhundre. Då må eg stå opp rundt tusenogtredve. Åhoy, stress.

Men om eg legg meg omtrent no, så går jo det fint. Men det gidd eg jo sjølvsagt ikkje. Litt oneliners frå RRs oneliner-app, til dykk.

  • -Har du høyrt om han som trudde han pakka ryggsekken, og vakna opp med halve dyna i ræve?
  • -Ka sa da eine brødet til det andre når det skulle slå opp? Det er ikke meg, det er deig.
  • – Lurar på kva ein ingeniør?
  • – Geilo, men Lofoten?
  • – Kirsebæret ble tatt på fersken under en aprikos. Men siden den var på druen, banan alle om å passe sine egne meloner. Etter pæren gikk, ble det mørkt, og i forvirringen tok anansen appelsin og ikke sin egen. Eple ble surt, og annanasen sa: skal du si ifrå til moreller?
  • Hvilken religion er den kaldeste? Hindu, for det rimer på vindu og når det rimer på vinduet så er det kaldt.
  • En dag mistet panteren en flaske, men det gjorde ikkje noe for elefanten.
  • Snekkeren røyka hasj på taket og ble takstein.
  • Hvorfor kan ikke jesus spise peanøtter? Han har hull i hendene.

Ok, god natt.

Då var eg tilbake. Med små ord og julestemning. Her på Nordmøre og i Surnadal er det vinter som berre fy og snjoen dalar ned. Eg har fått kjøpt inn litt julepresangar, og laga eit par sjølv. Klar som eit egg til jul, med andre ord. Eg slit som faen med å skrive alle moglege artiklar her på skulen. Eg har funnet ut at eg ikkje skal bli journalist i det heile, så eg held meg til sånne små tekstar som dette. Eg lova familie og vener i august at eg skulle blogge masse frå skulen, men det har det blitt lite av gitt. Eg har det, dessverre, altfor bra til sånt tull. Å ha ein blogg vert fortsatt sett på som ein fjortiss-ting, og det er igrunn ganske flaut å innrømme at eg faktisk har ein blogg. I går kveld/natt sat eg oppe med ein fyr som bur i kjellaren, som kjem frå Ulvik, ein vakker liten plass lengre inne i fjorden, og me prata om sleikeins koslege ting som nynorsk, dialektar og teite austlendingar. Før eg la meg i natt, las eg så fint i ordlista mi. Finaste boka eg eig. Hugsar godt den dagen eg kjøpte den. Fin dag.

Som sagt, den tanken eg har hatt dei siste åra, om å utdanne meg som journalist, har eg lagt frå meg. Yrket verkar, per dags dato, som eit yrke som ikkje passar min helsetilstand. Men det er berre no. Kven veit, kanskje eg skiftar meining om eit par år. Eg har ei kjensle som eigentleg fortel meg at eg vil skrive, men berre ikkje artiklar. Eg vil skrive bøker. Eg vil skrive masse og bra. Eg vil skrive ting som folk kjenner seg att i, og som gjer folk glade. Å skrive ein tekst om ei utstilling gjer meg ingenting. Eg treng å gjere noko som eg får noko ut av, og som gjer meg meir glede. Og eg får ikkje meir glede av å gjere noko som eg tykkjer er for vanskeleg, og som eg ikkje får til. Eg får prate litt med læraren min etter jul, ho er ein flink lærar, og eg vonar at ho set meg på rett kurs.

Sett bort i frå dette, så har eg framleis eit øydelagt kne. Det vert berre meir og meir øydelagt og nedslitt. Eg såg på røngtenbildene eg fekk for eit par veker sidan, at det er vorte eit hol mellom eit eller anna inne i kneet, og det såg ikkje akkurat bra ut. Eg hugsar når eg vart utvist frå skulen og budde på eit pensjonat borti høgget her, at eg merka ein kul på kneet. Eg hadde ikkje vore så redd på lenge. Kulen er veldig hard og…den berre er der. Men eg skal på Rosenborgklinikken neste måndag, og eg håpar at dei finn noko.

Her om dagen hadde eg heftig heimlengsel, og det var lite kult. Så det hjalp på at eg fekk eit brev i posten idag. Eit brev og mange bilete frå mi syster. Gler meg himla mykje til juleferie ja. Høyrte at det snjoa heime óg no, så julesteminga tek vel heilt av når eg kjem heim. Åjaa, forresten. For eit par veker sidan las eg Hegges bok, Og så må du ikke stille spørsmål!, ei bok om hans erfaringar med legar. Fucked up legar som ikkje gjer/gjorde jobben sin. Eg syntes det var lite kult å lese ei bok om legar som faen ikkje fekk til det dei skulle gjera. Spesielt ikkje når ingen av legane mine finn ut kva som er gale med meg. OMG.