Heilt sant.


Hei. Eg ligg framleis på sjukehuset, men det sug. Spesielt når eg er 100% oppegåande. Eg burde sikkert vore innelåst uansett, men dette er berre ein teit grunn. Eg følar eg må innrømme at dette er betre enn å vera utvist frå skulen. Nei. Kødda. Dette er ikkje betre enn noko. Kanskje det er betre enn å døy? Det veit jo eg alt om. Eg har, som de nok har fått med dykk sidan eg har vore på sjukehus to gongar før, ein boks rundt halsen. Frå den boksen kjem det ut fem ledningar, og dei skal festa på fem fine lappar som vert klistra godt fast på kroppen min. Og desse klør som fæn, og eg riv dei helst av når eg måtte ynskja. Og sidan eg ser så helvetes rutinert og alt det der, så festar eg lett på nye. Eg var på ultralyd idag(ja, eg er gravid), og eg kunne jo sjølvsagt alle rutinene. Å ta ultralyd gjere vondt. Spesielt når dei skal ned til hjarterota eller kva faen ho mumla. Ihvertfall under puppen, litt mot venstre. Og satan som ho trykka den jævla greia inn, med helvetes kliss på. Faens dritt.

I natt skal eg sove heilt åleine på rommet. Såfremt det ikkje kjem inn ein kjekkas eller ein gamling, då. Vonar det siste ikkje skjer. Eg har høyrt The Boatman´s Call sånn cirka 20 gongar no, for det er slekeins vakkert album som passar meg så veldig bra. Det verste/beste med sånne innlegg er at det er sånne innlegg folk flest gidd å lese. Mine folk ihvertfall. Men iogmed at det er vorte ein sjukehusblogg så er dette det beste de får. For eg kan jo ikkje akkurat ta bilete av medpasientar og sjukepleiarar, for så å redigere bileta kule og leggje de ut. Herregud dette vert berre VAS. AMMAGAD.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s