Skikkeleg oppdatering.

God ettermiddag. No har eg endeleg fått vinterferie, satan så digg. Masse mas på skulen for tida, så det var faen så godt å kome heim å berre ikkje gjere ein jævla drit. VM er i gang, og me har sikra oss tre gull, éit sølv(eller eg trur me vann éit til idag) og ein bronse. Med det ligg Noreg på fyrsteplass på medaljeoversikten. Det lovar bra! I går var eg edru i ein attenårsdag. For å sei det sånn, eg vil bli frisk. Når ein går på skule åtte timar(med bil og tolv med buss) bort, så er bygdesladder noko av det mest keisame ein kan høyre på. Idag vann Northug gull og Liverpool tapte mot bunnlaget West Ham. Det er nesten så eg fell eit par tårer for begge delar. Med andre ord, kvelden vert tilbragt i senga mi. Åleine.

Advertisements

Sattan, eg har mykje på hjarta.

Den største svikaren no til dags må vera Fernando Torres, tidlegare Liverpool´s number nine. El niño. Den stygge idioten som eit par timar før overgangsvindauget stengte, signerte ein kontrakt for Chelsea. Ein kontrakt som bindar han til klubben fram til 2015-2016-sesongen. I morgon, sundag 6.februar, skal Liverpool møta Chelsea i Vest-London. Torres skal møte gamleklubben og alle supportarane han svikta. Han har sagt at han ikkje skal feire om han scorar mål. Han skal faen ikkje få score mål, om det er dét han trur. Uansett, eg har felt mine tårer for den idioten, og er klar for storkamp i morgon. Oppdatert; han scora ikkje eit jævla mål og Liverpool vann 1-0 med eit mål frå Meireles. Raul, Raul, Raul the red, he´s bald and portugese. Meireles, Meireles, Meireles, Meireles, score a goal for me! (ro, ro, ro din båt) Som Jani Bralle skreiv på denne posten.

«Det kan være veldig tungt og bittert å miste sentrale spillere i laget ditt, og da spesielt spillere som har vært store publikumsfavoritter. Torres havner i denne kategorien, men hvorfor blir han ikke møtt med respekt for sitt valg, slik som Alonso, Forwler og Hyypia fikk?

Forskjellen ligger i at Torres regelrett dummet Liverpool-fansen loddrett ut. Han har alltid snakket om hvor glad han er for å være Liverpoolspiller, og hvor stolt han er som får spille foran The Kop. Det stod skrevet «You’ll Never Walk Alone» i kapteinsbindet hans, og han slo fast at han var en ekte Liverpool-fan, noe han påstod han hadde vært hele sitt liv.

3,5 år senere står han i media å forteller hvor viktig det er at klubben holder sammen i den motgangen de opplever, og at han er 100% dedikert til å gjøre en helhjertet innsats med å hjelpe Liverpool tilbake på rett kurs. Han bedyrer at han ikke tenker på å forlate klubben, og at han er en profesjonell fotballspiller som vil fullføre sin kontrakt med klubben i hans hjerte.

3 uker etter dette utspillet kommer sjokknyheten om at han vil til Chelsea. Ikke bare bort fra klubben, men til en rival. Midt i sesongen! Fansen har stått ved han i tykt og tynt, og stolt på hvert eneste ord han har gulpet opp. Nå står fansen som støttet han på gapestokk. Torres har forlatt fansen sin, slik at andre kan latterliggjør dem i fullkommen skadefryd.

Torres spyttet sine egne midt i trynet. Dette er ikke måten å forlate Liverpool med et hevet hode. Det er ingenting som vil tilfredsstille fansen mer enn at rollene blir byttet om, og at Torres blir latterliggjort. Meget gjerne i form av at Liverpool rapper 4. plassen foran hans elskede Chelsea, med Torres på sidelinja med nok en hamstring-skade!

YNWA»

I går sa far min at eg mest sannsynleg ikkje skulle få behandlinga allikevel. Det betyyyyyr at hjarta mitt blir øydelagt og eg døyr. Eg er sikker på at det er sant, så eg er litt deppa for tida. Dette blir i fylgje min hukommelse; legane sa, hausten 2008, at betennelsen/viruset kom til å forsvinne av seg sjølv. Januar 2009, fekk eg brystsmerter att, noko som tyda på at betennelsen/viruset framleis var der. Så eg fekk satt inn hjartestartar, så trudde legane at betennelsen/viruset skulle forsvinne. Januar 2011 kom brystsmertene snikane att, og eg havna på sjukehus. Og legane maaase som fæn vettø. Og seie at eg skal få behandling, men så skal eg ikkje få allikavel nei, neinei. IDIOTAR. Idioti. Legar er idiotar. Eg tykkjer legane kan gjera meg friske, for eg er dritlei sjukehus og å vera sjuk. Det er så unødig. Uanz.

No har eg eigentleg sagt det eg skal seia. Men eg kan jo alltid nevna at heile skulen var på skiferie til Oppdal denne veka som var. Det var skrekkeleg koseleg. Eg var på curling. Eg stod heilt i ro på isen eit augonblikk, og då rauk eg rett i bakken. FORDI det faktisk er veldig glatte sko! Og fy fæn så vondt. Eg stod liksom i eit par minuttar og berre: neidå, går fint dette, gjere ikkje så veldig vondt. Så falt eg eit par tårer og sat meg ned. Ellers så sat eg no på hytta og chilla. Tenkte eg skulle gå ein tur eller noko, men kneet mitt var jo øydelagt som fæn. OG FORRESTEN, eg var hjå legen i går. Fekk sjølvsagt ein ny søt inder som lege ❤ Eg døydde nesten, for han skjønte ikkje kva som var problemet. Så eg spurte berre om ein resept på smertestillande, og eg fekk jo sjølvsagt det ❤ Men dei funka jo faen meg ikkje. Så eg køyrer same stil som med paracet og ibux, og berre proppar nedpå med piller som eg ikkje veit kva gjer med kroppen min. Alt av organar kjem nok til å bli øydelagt, men skitt au.