Eg klagar ikkje.


Å byrje på eit splitter nytt blogginnlegg klokka fem over halv to natt til torsdag ei kald natt i mars, er vel kanskje ikkje ein god idé. Men eg har tatt langhelg frå skulen, og ser på det som mi plikt å sitje oppe heile natta når eg fyrst har fri. Og sidan eg no sit her, i sofaen og høyrar på Kaizers Orchestra og les gjennom alle tweetsa som har vorte skrevne på Twitter i kveld, kan eg like godt skrive ned nokre ord om kvifor eg faktisk er heime, og ikkje på skule i Surnadal.

Som nok alle veit så er ikkje eg heilt frisk, i verken hovud eller kropp. Av den grunn har eg reist litt fram og tilbake frå Surnadal til Bergen (sjukehus) for diverse prøvar og kontrollar. Den fysiske delen såg det vel nogenlunde bra ut. Det viste ingenting gale med hjarta mitt på ultralyden, så mtp hjarta kan eg ta det med ro. Men eg har ein slekeins epilepsi som eg slit med, og ikkje heilt får orden på. Og med tanke på skule til hausten, tok eg diverse prøvar som fann ut korleis eg låg an på diverse ting. Berre for å brette ut heile privatlivet mitt til alle, så kan eg sei at eg ligg på gjennomsnittet på det meste. Men hukommelsen min er forferdeleg, og det var ikkje overraskande. Så då har eg noko å jobbe ekstra med når eg skal tilbake på vgs til hausten.

28.juni byrjar Hovefestivalen på Tromøya utanfor Arendal. Då er eg atten år gamal og har fantastisk store planar om å reise på den festivalen. Då skal blant anna Kaizers Orchestra og Robyn spele opp til dans. Festivalen sluttar 1.juli, same dag som Bygdalarm byrjar. Bygdalarm er ein lokal festival som feirar femårsjubileum i år, trur eg. Med lokal meinar eg at festivalen vert halden i Øystese, Hardanger! Den er fyrste og andre juli. Då spelar Fjorden Baby, I See Horses og The Wombats opp til dans! For min del er det berre laurdagen(2.juli) som vert aktuelt. Det betyr at eg får sett Brighton, Fjorden Baby, Hoffmaster & Chraa og TBA. DÉT betyr at eg blir å bruke 3000 kroner på festivalbillettar i sommar. Noko som igjen betyr at eg må spare.

Sparing blir ikkje lett når eg stikk til Praha med klassen på onsdag, Kaizers-konsert i Oslo 9.april og på segltur til Shetland 26.april. Men alle dei turane er betalt, så då ligg det på sjølvkontrollen min. Einaste eg treng pengar til, er eigentleg berre mat og drikke + mogleg shopping. Eg vert jo 18 år 7.april, så det blir knall. Den konserten, hæ? Om eg gledar meg? Ja for faen, har gleda meg sidan eg bestilte billettar. Det vil seia omtrent 15.februar 2010. Over eit fuckings år. Det kjem til å bli så fantastisk. Eg gler meg til å stå i kø med ein haug med blodfans. Synge songar heilt til dørene vert opna og alle krigar om å stå fremst. Det blir herleg å reise til Oslo saman med verdas herlegaste Kaizers-fan frå Lyngen. Å reise frå Surnadal til Oslo blir ikkje eit problem med ei så søt jente. Herregud som me skal kose oss!

Over til noko heilt for jævlig interessant. Eg har 380(trehundreogåtti) fylgjarar på twitter! Det er faktisk ganske mange. Eg elskar twitter. Som Pastoren sa, Facebook er for dei du gjekk i klasse med, Twitter er for dei du skulle ynskje du gjekk i klasse med. På twitter så osar det av Kaizers-fans som eg kan dele mine gleder med. Liverpool-supportarar skal ein ikkje leite lenge etter, det er godt å ha nokon å dele gledane (og sorgane) med! På twitter har eg idag hatt 44 tweets. Hadde eg hatt førtifire statusar på facebook, hadde folk klikka på meg. På twitter er sånt moro, spesielt når du skriv sånt som meg. Då eg stod i kø til kaizers-signering i Trondheim for eit par veker sidan, stod det ei jente bak meg som sa til venninna si at det var så mange folk her at ho måtte twitre om det. Då vart eg veldig nysgjerrig, og sidan eg ikkje hadde internett på mobilen der og då, spurte eg seinare på dagen kven som stod bak meg i køen. Og Thea følgte meg faktisk frå før av! Twitter-verda er ikkje så stor som ein trur! Så då avtalte me at me skulle møtast på Peppes i Bergen ei veka seinare på kaizers-signering då óg. Blodfans begge to. Så der har du historien om Ingrid som får seg ny ven. Har forresten funnet ut mange som skal på Hovefestivalen i sumar, så eg skal hooke opp med flest mogleg! Eg gler meg!

Herregud så mykje tragisk eg har skrive til no. Men alt er jo nyttig info. Eg ville jo eigentleg berre innom å seia at eg har det bra og sånn. Kjipt at eg ikkje sit på min eigen pc, så bilete får de ikkje! Beklagar! Klokka er forrseten 02.15. God natt!

Advertisements

6 thoughts on “Eg klagar ikkje.

  1. Maria seier:

    og jeg vil forresten være med på bygdalarm på lørdagen selvom jeg sikkert er litt tjukk og stygg ;))

  2. Seiltur til Shetland? Betyr det at du skal på tur med Statsraad Lehmkuhl? I så fall jeg jeg misunnelig til tusen! Virkelig! Seilturer er noe av det beste som finnes.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s