Fint, hæ?

Eg er vorten atten år, endeleg. Ingen kan NOKON gong kalle meg mindreårig igjen. Eller, dei kan jo alltids gjere det men det stemmer jo ikkje. Uansett, eg hadde ei fantastisk feiring i Oslo saman med verdens søtaste Hanne. Me feira det ved å gå ut i Oslo, men sidan det er veldig få uteplassar med 18årsgrense, så havna me på ein helvetes karaokebar-greier. Det førte til at eg vakna opp utan stemme på laurdagen. Det var jo kjipt, for det var jo på laurdagen eg faktisk trong stemme. I Oslo var det strålande vêr og me hadde det berre fint. Kjøpte oss øl og sat og drakk på hotellrommet på Anker Hotel der me hadde panoramautsikt. Etter ei stund reiste me til Oslo Spektrum for å sjå Kaizers Orchestra. Dette var ein konsert me begge hadde gleda oss i veldig lang tid til. Konserten blei betre enn forventa, og det skal nok mykje til før Kaizers sjølv kan greie å toppe denne. Kvelden starta med oppvarming med Micke from Sweden, Geoff Berner og Jarle Bernhoft. Ok oppvarming, men det vart for lenge for flesteparten av fansen som venta som faen på Kaizers. Geoff Berner gjorde noko av det mest geniale på scenen, han fekk heile publikum til å herme etter han. Han starta med Siv, så Jensen, eats, babies. Så var det 9500 stykker i Oslo Spektrum som stod å skreik Siv Jensen eats babies. Utruleg morosamt. Vidare ut i programme så var alt berre fryd og gammen. Eg og Hanne såg på kvarandre under konserten for å berre sjekke at den andre hadde det fantastisk, og jaggu hadde me det. Det var ut av ein annan verd magisk. Trur Kaizers hadde det lika fantastisk som oss.

Og no har eg så mykje heimlengsel at det faktisk ikkje er morosamt eingong. Glad for at det er påskeferie på fredag, for å sei det sånn. Så torsdagskveld stikk eg til Trondheim, for å vente på Værnes til klokka blir seks for å fly til Flesland og endeleg kome heim. Så skal eg sove eit par timar, før eg skal vera med søte Elise og drikke og kose oss. Så vert det puben for å sjå bruttern spele. Eg gler meg! Derifrå har eg liksom heile påsken til å berre ha det fint på. Verdas beste venninne kjem jo heim for godt frå Ungarn, og det blir magisk. Eg trur eg skal klemme ho så hardt at ho kanskje får litt vondt. Men berre litt.

No er det jo endeleg vorte vår! Herregud fantastisk. Men det er framleis for jævleg stygt ute. Folk tenkte tydlegvis ikkje då dei kasta bos på bakken i vinter. Det ser jo heilt forbaska stygt ut ute no. Og alle grusen som vart spredt utover vegane i vinter ligg framleis på bakken og øydelegg alle sko eg har. Men no skal eg ete middag.

Prague!

Folk som les bloggen min er tydlegvis opptatt av kva eg gjer på i livet mitt. Akkurat no er alt berre fryd og gammen. Eg kom heim frå Praha på laurdag, og på fredag stikk eg til Oslo.

Eg var til Praha på klassetur frå onsdag 30.mars til laurdag 2.april. Hadde ikkje dei høgaste forventningane til Praha, fordi eg rett og slett ikkje visste spesielt mykje om byen.Då flyet gjorde seg klar til landing i Praha, var alt me såg opne sletter med hus og store fabrikkar(såg det ut som.) Og flyplassen var ikkje all verda. Vegen inn til byen var ikkje spesielt fin, og gata utanfor hotellet var rimeleg shabby. For ikkje å snakke om hotellet. Det var ikkje akkurat femstjerners(det var tre.) MEN, til trass for alt dette var det ein nydeleg by! Me kunne ikkje vore heldigare med véret, me kunne gå rundt i byen i tskjorte utan å fryse. Det var ekstremt billig der, og selgjarane i turistbodane var ikkje lika slitsomme som ein skulle tru. Om du lurar på om kortet mitt(visa electron) funka i Tsjekkia, er svaret nei. Så eg måtte få fattern til å setje over pengar til roomien sin konto så ho kunne ta ut pengar til meg. Eine kvelden var me fire jenter som skulle få massasje, me såg veldig fram til dette. Nokon meir nervøse enn andre. Eg var den einaste som valde thaimassasje ovanfor aromamassasje. Og ja, det vart nogenlunde som forventa. Ho stod oppå meg. Plutseleg kjende eg ein fot som stilte seg på eine låret mitt, og jaggu kom det ikkje ein fot på det andre låret mitt óg. Etter ein time var me ferdige, og då var det klart for betaling. Mange korunas, men få norske kroner. Vart vel omtrent 200 norske kroner. Ein kveld var eg og to trøndarar ute på kveldsvandring i sentrum for litt småshopping. Etter me vart kasta ut frå New Yorker pga stenging, stakk me bort på McDonalds igjen, for å kjøpe oss eit par milkshakes som var rimeleg godt å nyte i den deilige kveldsvarmen. Kveldane på hotellet var eigentleg ganske koslege. Sjølv om me eigentleg var øydelagte heile gjengen etter masse tråkking heile dagane. Lærarane drog oss jo med på alle moglege attraksjonar. Karslbroa, div kyrkjer og slekeins gravplass som var heilt for jævleg. Fantastisk tur, med andre ord.

Ja, Oslo på fredag. Det er Kaizers-konsert i Spektrum på laurdag. I den anledning dreg eg med meg Hanne til Oslo for ei fantastisk helg. Blir fantastisk. Har gledd meg i omtrent fjorten månadar. Endeleg er tida inne. Eg vert trass alt atten år på torsdag, så konserten kunne ikkje ha passa betre. Men herregud eg har ikkje fleire ord å bruke her akkurat no, må skrive ferdig portrettintervjuet med Hanne. Men litt bilete skal de få.