Fint, hæ?


Eg er vorten atten år, endeleg. Ingen kan NOKON gong kalle meg mindreårig igjen. Eller, dei kan jo alltids gjere det men det stemmer jo ikkje. Uansett, eg hadde ei fantastisk feiring i Oslo saman med verdens søtaste Hanne. Me feira det ved å gå ut i Oslo, men sidan det er veldig få uteplassar med 18årsgrense, så havna me på ein helvetes karaokebar-greier. Det førte til at eg vakna opp utan stemme på laurdagen. Det var jo kjipt, for det var jo på laurdagen eg faktisk trong stemme. I Oslo var det strålande vêr og me hadde det berre fint. Kjøpte oss øl og sat og drakk på hotellrommet på Anker Hotel der me hadde panoramautsikt. Etter ei stund reiste me til Oslo Spektrum for å sjå Kaizers Orchestra. Dette var ein konsert me begge hadde gleda oss i veldig lang tid til. Konserten blei betre enn forventa, og det skal nok mykje til før Kaizers sjølv kan greie å toppe denne. Kvelden starta med oppvarming med Micke from Sweden, Geoff Berner og Jarle Bernhoft. Ok oppvarming, men det vart for lenge for flesteparten av fansen som venta som faen på Kaizers. Geoff Berner gjorde noko av det mest geniale på scenen, han fekk heile publikum til å herme etter han. Han starta med Siv, så Jensen, eats, babies. Så var det 9500 stykker i Oslo Spektrum som stod å skreik Siv Jensen eats babies. Utruleg morosamt. Vidare ut i programme så var alt berre fryd og gammen. Eg og Hanne såg på kvarandre under konserten for å berre sjekke at den andre hadde det fantastisk, og jaggu hadde me det. Det var ut av ein annan verd magisk. Trur Kaizers hadde det lika fantastisk som oss.

Og no har eg så mykje heimlengsel at det faktisk ikkje er morosamt eingong. Glad for at det er påskeferie på fredag, for å sei det sånn. Så torsdagskveld stikk eg til Trondheim, for å vente på Værnes til klokka blir seks for å fly til Flesland og endeleg kome heim. Så skal eg sove eit par timar, før eg skal vera med søte Elise og drikke og kose oss. Så vert det puben for å sjå bruttern spele. Eg gler meg! Derifrå har eg liksom heile påsken til å berre ha det fint på. Verdas beste venninne kjem jo heim for godt frå Ungarn, og det blir magisk. Eg trur eg skal klemme ho så hardt at ho kanskje får litt vondt. Men berre litt.

No er det jo endeleg vorte vår! Herregud fantastisk. Men det er framleis for jævleg stygt ute. Folk tenkte tydlegvis ikkje då dei kasta bos på bakken i vinter. Det ser jo heilt forbaska stygt ut ute no. Og alle grusen som vart spredt utover vegane i vinter ligg framleis på bakken og øydelegg alle sko eg har. Men no skal eg ete middag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s