Snakkast, NoFo.


Ferdig på folkehøgskule, ferdig på nofo, ferdig med dette året og faen meg ferdig med det beste året i mitt liv.

Eg kjem til å sakne å bli vekt kvar morgon av verdas finaste og beste romkamerat. Eg kjem til å sakne dei gongane då han eine trønderen sat og stirra på meg, for så å sei: du har ikkje nappa augonbryna dine på ei stund ser eg? Alle morgonsamlingane. Det har vore alt frå dinosaurar og Kaizers Orchestra, til samar og religion. Det forbanna tørre brødet. Ok, eg kjem kanskje ikkje til å sakne sjølve brødet, men det å sitje og klage saman med medelevar, kjem nok til å verte småleg sakna. Alle dei evigvarande timane eg har tilbrakt i sofaen i daglegstova saman med verdas vakraste mennesker. Eg hugsar godt den gongen Marius skulle etterlikna ein trønder. Eg høyrer framleis latteren til meg og August når han sit der framføre oss og snakkar om karsk og bart. Og skinnvest, ikkje minst. Eg kjem til å sakne alle dei forferdelege bussturane me i klassen har hatt til alle moglege destinasjonar for å ta bilete. Den siste var til ein botanisk hage. Sidan eg har pollen, trudde eg seriøst at eg skulle stryke med. Og alle elevkveldane, herregud så fantastisk! Og turen me hadde til Oppdal i januar! Og klasseturen til Praha Dei timane me har tilbrakt på Napoli. Dei stundene me har hatt på kvart eit tekjøkken for å mekke saman ei kake til eit bursdagsborn. Dagane me hadde i sola dei siste dagane. Grillinga, fotballen. Eine dagen låg eg ute i sola og solte meg. Plutseleg sovna eg. Eg vakna av vatnet som vart tømt over meg. Det var ganske horribelt, men eit minne for livet. Eg hugsar alle timane me har hatt. Alle timane me ikkje har gjort ein dritt i. Eg har ikkje tal på kor mange gongar Kjell bad oss om å leggje den pcen, for så å gje oss same gamle leksa om at han ikkje får kontakt med oss når me berre glanar på skjermen.

Den smerten og dei tårene som eg falt den siste dagen, er nesten ein grunn i seg sjølv til å ikkje gå på folkehøgskule. Vekene, og til og med dagane før me slutta, sa eg at eg ikkje kom til å grine på avslutninga. For eg gleda meg sånn til å kome heim. Allikavel var eg nok ein av dei som grein mest. Dei fyrste tårene kom då Kristine skulle halde tale. Med ein gong ho skulle tale kom tårene. Eine praktikanten braut heilt saman når han skulle tale. I byrjinga så trudde eg han tulla litt, men skjønte at det ikkje var tilfelle. Eg trur at tårene til Kristine opna mange sluser i salen den dagen. Eg og Martine(romkamerat) drøya vår avskjed heilt til siste stund. Me gjekk rundt å sa hadet til folk saman. Det augonblikket då eg såg Martine akkurat før eg reiste var så jævlig, blikkene våre sa det samme og det gjorde så vondt. Eg og Hanne sa hadet til kvarandre sikkert tjue gongar, og faen så vondt det var. Vårin var den siste eg sa hadet til, og eg grein så hardt då. Eg klemte ho så hardt og sa takk om og om igjen. Eg hadde verkeleg behov for den gode klemmen der.

Meir kjem seinare.

Advertisements

One thought on “Snakkast, NoFo.

  1. ååh eg blei lei meg av å lesa detta :(.. men tenk på alle dei gode minnene du har fått 😀 og opplevelsa for livet som ingen ka ta frå deg!=) og du har fått beste venna for livet!, som du definitivt møte igjen!!.. men da e kjipt:( ❤

    ps: eg gleda meg til å lesa meir, høyra* meir og sjå bilde!!:)<3

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s